Kommentar

Kva er no eit menneske?

I eit nytt tilbakeslag for kvinners reproduktive rettar i USA, avsa Høgsterett i delstaten Alabama i førre veka ein dom som har potensiale til å sterkt avgrense tilgangen til prøverøyrsbefrukting i delstaten.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I 2020 tok ein pasient ved ein prøverøyrsklinikk i byen Mobile seg inn i eitt av romma der embryo vart lagra. Ho løfta ein boks ut av ein frysar, men brente handa – temperaturane i slike lavtemperaturkammer er under -150 grader – og mista den i golvet.

No har tre av para viss embryo vart øydelagde i hendinga vunne fram i delstatens Høgsterett med sitt krav om å få gå til erstatningssak mot klinikken. Det får dei under ei delstatslov som gjer foreldre rett til å søke erstatning for mindreårige born som lid såkalla wrongful death, altså urettmessig dødsfall. Denne samla kategorien finst ikkje i norsk erstatningsrett, men omfattar dødsfall etter til dømes feilbehandling i helsevesenet, allergen i matvarer som ikkje var oppgjevne på pakningen eller ei bilulukke som skuldast feil på køyretøy.

I dette tilfellet ønsker altså dei tre foreldrepara, som alle har fått barn tidlegare ved hjelp av prøverøyrsbehandling ved denne klinikken, å saksøkje klinikken for wrongful death etter uhellet som førte til at embryoa vart øydelagde.

Er eit embryo eit liv?

Tilkommande foreldre har i fleire tilfelle gått til retten og seinare inngått forlik med klinikkar i tilfelle der embryo har blitt skadde og ikkje lenger kan settast inn. I rettsleg forstand har slike embryo blitt rekna som eigedom, ikkje som eit sjølvstendig liv. Det forstår seg, all den tid eit embryo som ikkje vert sett inn i ein livmor ikkje har noko høve til å vekse og utvikle seg.

Retten lener seg i dommen tungt på Alabama sin delstatsgrunnlov. Sidan 2018 har lova inkludert ein paragraf som seier at delstaten skal «sikre rettsvernet til det ufødde barnet», tillegg til lova om wrongful death. Denne lova har tidlegare vore grunnlag for erstatningsutbetalingar for fosteret etter ulukker der gravide kvinner har mist livet eller spontanabortert. Det er altså ikkje tvil om at foster vert rekna som born etter lova i Alabama.

I denne dommen introduserer retten eit nytt omgrep: «ekstrauterine born» – altså born utanfor livmoren, i motsetnad til såkalla «interuterine born», også kjent som foster. «Ufødde born er born under lova, utan unnatak grunngitt i utviklingsstadium, fysisk plassering eller andre tilleggskarakteristikkar», heiter det i dommen. Med det gjekk den høgste rettsinstansen i Alabama lenger enn nokon amerikansk rett tidlegare har gjort i å utvide definisjonen av eit barn.

Eit embryo som ikkje vert sett inn i ein livmor har ikkje noko høve til å vekse og utvikle seg

Omfattande konsekvensar

Dei kortsiktige konsekvensane av å slå rettsleg fast at eit embryo er eit barn, vart tydelege umiddelbart: Tre av fem prøverøyrstilbydarar i delstaten Alabama sette alle sine prosedyrar på vent for å få oversikt over dei juridiske konsekvensane av sin praksis. Truleg vil mange klinikkar no leggje om sine prosedyrar i prøverøyrsbehandling: Anten vil ein produsere færre embryo om gongen, eller så vil ein frakte embryo ut av delstaten for oppbevaring. Båe deler vil truleg gjere prøverøyrsprosessen meir risikofylt, meir tidkrevjande og meir kostbar for dei kommande foreldra. I praksis vil det truleg føre til at færre par søkjer prøverøyrsbehandling av frykt for økonomiske – eller potensielt strafferettslege – konsekvensar.

Amerikanske medium har snakka med fleire kvinner som fryktar at dei no kan måtte betale for lagring av embryo dei ikkje skal nytte seg av på ubestemt tid for å ikkje bryte lova. Dommen er likevel tydeleg på at den ikkje legg føringar for strafferett; det er altså ikkje slik – førebels – at ein kan bli strafforfølgt for kroppsskade eller drap dersom ein øydelegg embryo som ikkje er sette inn. Fleire åtvarar no om at strafferettsleg prøving av liknande saker kan komme i løpet av kort tid, det same kan liknande saker fleire stader i USA.

Den høgste rettsinstansen i Alabama gjekk lenger enn nokon amerikansk rett tidlegare har gjort i å utvide definisjonen av eit barn

Rettsvern for det ufødde livet

Denne dommen er på mange måtar eit naturleg neste steg etter at tilgangen til abort har blitt betrakteleg stramma inn i store deler av USA. Den såkalla pro life-rørsla, som kjemper for rettsvern for det ufødde livet og meiner at livet tek til ved befrukting, meiner sjølvsagt også at eit embryo utanfor livmora er eit liv som har det same kravet på vern som eit foster. I den særs tilspissa debatten i USA blir det gjerne hevda at denne rørsla vil heile systemet med kunstig befrukting til livs, fordi det er nær umogleg å drive prøverøyrsbehandling utan at det blir embryo til overs.

Samstundes som dette skjer i djupt konservative Alabama, seier berre tjue prosent av amerikanarar at dei meiner et embryo er eit barn, og ikkje meir enn ein snau tredel av republikanarar meiner det same. Det er med andre ord ikkje klart om denne avgjerda frå Alabama vil gjere dette til eit tema i valkampen, sjølv om demokratane truleg vil gjere sitt ytste for å knytte republikanske kandidatar til dette standpunktet.

Det er også verdt å tenkje over i dei tilsvarande debattane her heime: Er KrF budde på å ta diskusjonen om rettsvern for det ufødde livet heilt dit ein no har teke den i Alabama, og erklære at eit frose embryo er eit liv med same krav til vern som eit foster?


Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar