Kommentar

Nullpunktet

Putin kan allereie ha vunne krigen i Ukraina, utan at vi heilt har forstått konsekvensane av det.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sjå for deg alt som føregjekk i dei utbomba ruinene i Berlin og andre tyske byar, i dei grå og mørke maidagane i 1945 der det ikkje lenger var noko verdskrig og heller ingen fred. Få visste om det heile var heilt over, og endå færre visste kva som venta. Mange av tyskarane i ruinene hata sitt eige hjarte fordi det ikkje slutta å slå.

Sovjetiske og allierte soldatar som stykka opp det som var att, som om det tyske riket var ei kake alle kunne forsyne seg av. Det som hadde vore rett for menneska i ruinane, var no galt. Det som hadde vore galt, var no rett. For dei som levde der i historiens skuggeland, var alt likevel uklart. Dei kunne ikkje lese den tydelege og forenkla skrifta vi seinare kunne lese – historien skrive av sigerherrane.

Like fascinerande som deprimerande

Skildringane i starten er frå boka Etterpå. Gjenoppbyggingen av Tyskland 1945-1955 av den tyske journalisten Harald Jähner som kom på norsk i år.

Boka er rystande lesing om eit historisk ingenmannsland, og om alt som går tapt når læreplanane meislar ut skulelærdommens store kapittel. Til dømes startar ofte historieforteljingane om det moderne Tyskland i 1949, då DDR og Den tyske forbundsrepublikken såg dagens lys. Mykje av det mest lærerike og interessante for finst der i blindsonene, som dei fire åra frå 1945. Desse skriv Harald Jähner engasjerande, nært og opplysande om i Etterpå.

Boka er like fascinerande som den er deprimerande. Fordi den òg fortel noko viktig om vår tid.

Vi trur på Disney-sluttane

Menneske i vår del av verda har ein tendens til å tenke at verda og historiens gang følger dramaturgien i Disney-filmane vi såg som barn. Det endar godt til slutt. Alle blir lukkelege. Morgondagen blir betre enn gårsdagen.

Det er grunnen til at dei fleste av oss tenker rentehevingane blir etterfølgd av betre økonomiske tider. Vel er det krig i Ukraina no, men det er berre ein unntakstilstand før freden kjem attende. Livet blir som før.

I Etterpå fortel Harald Jähner historier om at det slett ikkje var så lett då krigen var vunnen heller. For mange vanlege tyskarar var den jo tapt.

Slik tenker vi, trass i at det einaste historien har lært oss er at ingenting blir som før. Alt er i endring heile tida.

Ein del av den optimistiske historieforståinga har vi frå Den Store Forteljinga om Andre verdskrigen. Det enda jo godt.

Ikkje gitt at dei allierte skulle vinne

Dei gode vann og feira med norske flagg i gatene, kong Haakon kom heim, medan dei vonde skaut seg i bunkersane eller vart stilt opp til ein vegg for å sjå rettferd kome.

Den store forteljinga om Andre verdskrigen ville vore ei heilt annan om fascistane og Hitlers nazistiske ideologi hadde vunne fram. Det var ikkje gitt at dei allierte skulle vinne. Det var først ganske langt uti krigen at det tippa den vegen.

I Etterpå fortel Harald Jähner historier om at det slett ikkje var så lett då krigen var vunnen heller. For mange vanlege tyskarar var den jo tapt. Starten på Tyskland etter krigen fortel tusenvis av smertefulle historier om forvirring og urett, sakn og tap. Dei gode var ikkje så gode som vi trudde, og dei vonde langt frå så skurkeaktige og skruppelause som framstilt.

Det er umogleg å lese boka utan å tenke på dei russiske bombene, dronene og flya akkurat no som lagar ruinhaugar i ukrainske byar. Eller i Gaza, for den del.

Putin som eksistensiell trugsel

Men som journalist og Norsken, dansken og svensken-programleiar Hilde Sandvik skreiv på Facebook om Ukraina-krigen i helga: «Ein krig i Europa, sett i gong av vårt naboland, i ferd med å jafse seg vestover, etterlét seg fryktelege lidingar og trugar alt det som gjer det mogleg å ha eit fritt ordskifte».

Smakar vi på orda til Sandvik, ser vi konturane av noko som er skumlare enn alt anna: Utfallet i Ukraina er på mange måtar eksistensielt for vår kultur, sivilisasjon og livsførsel.

Å samanlikne krigar tek seg aldri bra ut, men det er likevel mogleg å hevde at den israelsk-palestinske konflikten er av meir avgrensa geografisk karakter. Få er redd for at Benjamin Netanyahus høgreorienterte og kompromisslause tankegods skal spreie seg eller ta over verda. Det er kanskje ingen trøyst for stakkars sivile palestinarar som er plassert som sild i tønner i Rafah.

Den dagen nokon skal skrive Etterpå-boka om Ukraina-krigen, er det ikkje sikkert den vil handle om at ukrainarane og vi vann.

Sandvik etterlyste i sin post meir engasjement frå den yngre generasjonen for det eksistensielle som står på spel i Ukraina, medan dei heller ser ut til å ville gå i demonstrasjonstog for Palestina. Det er lett å avfeie hjartesukket som whataboutisme, samstundes som det er noko interessant å diskutere i Sandviks presise observasjon.

Kanskje er det lettare å forholde seg til uretten i Midtausten, fordi den der er så tydeleg og tilsynelatande utan nyansar. Dei fleste veit kven dei skal halde med.

Eventuelt kan grunnen vere at mange endå ikkje har innsett at Vladimir Putin mest sannsynleg allereie har vunne i Ukraina, og kva enorme konsekvensar det får for oss.

Berre to år etter det store åtaket som fekk nesten alle utanom venstresida i Raudt til å ville støtte forsvarskampen med våpen, er det no større splid og usemje i dei fleste vestlege land om denne støtta. Verst er det i det mektigaste Nato-landet USA.

Etterpå-boka om Ukraina

Lite tyder på at Ukraina vil klare å vinne tilbake dei store landområda russarane har tatt. Det vil sannsynlegvis ende på forhandlingsbordet på eit eller anna tidspunkt. Vladimir Putin vil kunne utbasunere overfor russarane at han klarte det dei prøvde på.

Det er kanskje vanskeleg å sjå dette, fordi også vi lever i ei historisk blindsone eller ingenmannsland, der kva som skjer framfor augo våre ikkje har fått mange nok strøk av pennen til sigerherrane til at det står heilt klart med svart og kvit tekst.

Vi håpar og trur på at noko betre skal skje i morgon, sjølv om alle rapportane vi får frå ukrainske slagmarker er nedslåande og deprimerande. Det er Vladimir Putins valdsmaskin som er på frammarsj. Den kan herje seg vestover. Det kan gjere uoppretteleg skade i mange tiår, kanskje lenger.

Den dagen nokon skal skrive Etterpå-boka om Ukraina-krigen, er det ikkje sikkert den vil handle om at ukrainarane og vi vann.








Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar