Kommentar

Derfor måtte Navalnyj døy

Det store spørsmålet er no om krigsherrane i Kreml måtte ofre Aleksej Navalnyj på Vladimir Putins politiske alter, eller om demokratiheltens død var tilfeldig.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

På ein spasertur fredag skal den fengsla regimekritikaren Aleksej Navalnyj ha mista bevisstheita. «Gjenopplivingsforsøk gav ikkje resultat», melde styresmaktene. Dei same styresmaktene som for få år sidan prøvde å ta livet av Navalnyj med gift. Det skjedde etter tre år i straffekolonien Jamal-Nenets nord i Russland. Vi treng ikkje mistenke styresmaktene for at gjenopplivingsforsøket var veldig oppriktig.

Tidspunktet for Navalnyjs dødsfall kan vere tilfeldig, men det er også sterkt mistenkeleg. Det er presidentval i Russland om ein månads tid.

Tidlegare protestar ved val

Vladimir Putin har ingen reell frykt om å tape i talet på juksestemmer i valurnene. Det som han og resten av hans sirkel av korrupte undertrykkarar såg for seg etterpå var mykje verre: Opprør i det russiske folket.

Det skjedde etter valet på nasjonalforsamlinga Dumaen i 2011. Massive politiske demonstrasjonar over heile Russland samla tusenvis i gatene.

Tilsynelatande ser russiske media ut til å slite med å vite korleis dei skal rapportere om dødsfallet. Regien i det politiske teateret er uklar.

Etter presidentvalet i 2012 skjedde det same. Så kraftfulle var protestane at Putins regime tok harde metodar i bruk for å slå ned protestane.

Sjølvsagt veit Vladimir Putin at dei fleste veit at han juksar seg til makt. Han har sannsynlegvis ingen illusjon om at dei fleste russarane trur noko anna. For han er det heile eit politisk teater der alt handlar om å gje inntrykk av å ha kontroll. Det same teateret som er i sving når styresmaktene snakkarom gjenoppliving av Navalnyj.

Å drepe politiske motstandarar er ein del av strategien om kontroll. Veljarane skal vite at det ikkje finst noko alternativ. Det same skal folk med maktambisjonar. Det finst berre ein veg, og den går gjennom Putin.

Navalnyj er helt og martyr

Han og regimet hans har gjennomført det mange gonger. Spørsmålet er om dei også gjorde det denne gongen. Det er få menneske i det russiske samfunnet som har utgjort ein større trugsel mot Putin enn den modige og frittalande opposisjonsleiaren Aleksej Navalnyj.

Tilsynelatande ser russiske media ut til å slite med å vite korleis dei skal rapportere om dødsfallet. Regien i det politiske teateret er uklar. Det kan indikere at Navalnyjs død var meir tilfeldig. Samstundes veit vi at livet i ein russisk straffekoloni heile tida er ei ferd langs livets yttergrense. Det er sjølvsagt ingen grunn til å stole på russiske styresmakter sin informasjon om Navalnyjs død.

Uavhengig av om dødsfallet var resultat av eit planlagt drap eller om det skjedde meir tilfeldig, er det ingen tvil om kven som har ansvaret. Han heiter Vladimir Putin.

Strategien med å drepe Navalnyj no verkar rar. Navalnyj var allereie trygt plassert langt unna Kremls mektige korridorar eller russiske gater. PR-messig kunne han hatt meir å tene på å ikkje gjere Aleksej Navalnyj til ein så tydeleg martyr som han no blir.

Uavhengig av om dødsfallet var resultat av eit planlagt drap eller om det skjedde meir tilfeldig, er det ingen tvil om kven som har ansvaret. Han heiter Vladimir Putin. Det må vi alle hugse den dagen han skal betale for all uretten han har gjort seg skuldig i.





Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar