Kommentar

Ei lesekrise har ramma landet vårt

Vi bruker mindre tid på å lese i bøker. Kva gjer det med oss?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei nye lesemåtane skakar sivilisasjonen i grunnvollane, seier den svenske forfattaren Joel Halldorf i eit intervju du kan lese om på kultur i Vårt Land. I boka Bokens folk. En sivilisasjonshistorie fra papyrus til piksler, skriv han om korleis boklesinga opp gjennom historia alltid har blitt meir og meir utbreidd. Først no har vi begynt å lese mindre. Kva gjer det med oss?

Svaret på det har vi ikkje enno.

Men vi har begynt å sjå noko som bekymrar oss: Barn og unge bruker meir og meir tid framfor skjermen.

Store krav til foreldre

Om du, som meg, slit med å få barna til å legge frå seg telefonen, er du truleg ikkje aleine. Det skal godt gjerast å oppleve eit foreldremøte i regi av skolen der reglar for skjermbruk, både på skolen og i heimen, ikkje er eit tema. Før var vi foreldre opptekne av kva barna våre såg på skjermen. No er vi opptekne av kor ofte dei er der framfor skjermen.

Til tider er det ein håplaus kamp å regulere skjermbruken. Og det er lite hjelp å få. Til og med skolen må du slost imot. Først no blir det tatt tak - regjeringa vil endelig ha mobiltelefonar ut av klasseromma på både grunnskolen og vidaregåande.

- Mobiltelefonen har ingen naturlig plass i norsk skolehverdag, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Alle med skolebarn dei siste åra, har lagt merke til den utstrekte bruken av skjerm i klasseromma. Ein utstrekt bruk som strekk seg inn i den private heimen. For iPadar som blir utlevert til elevane, blir med heim i skolesekken og inn på kjøkkenet og opp på barnerommet. Det stiller store krav til foreldres evne og vilje til å avgrense skjermbruken.

Det verste vi kan gjere, er å tru at dette går over.

Lettare blir det ikkje når fleire skolar også bruker skjerm i matpausen. I fleire år no har det vore foreldre som klagar over at barna som ikkje får lov til å snakke når matpakka skal fram rett før storefri. Beskjeden barna får, er at dei skal sitte stille og sjå på film. Da blir det ekstra gøy for foreldre å seie at her i huset, heime ved kveldsmaten, skal vi ikkje sjå på Netflix.

Misforstå meg ikkje, det er ei overkommeleg oppgåve for foreldre å sette grenser for barnas bruk av skjerm. Men det er underleg at skolen gjer denne grensesettinga vanskelegare.

Og kven får du støtte av, om du vil at barna skal legge vekk skjermen og heller lese ei bok? Kvar søker du bistand?

Ingen grunn til å bli hysterisk

Frå styresmaktene har det til no vore lite hjelp å få. Regjering etter regjering har ignorert den lenge varsla lesekrisa. Først i fjor starta dagens regjering arbeidet med ein strategi for å få fleire til å lese meir.

Men fortvil ikkje. Vi foreldre er meistrar i bekymring, og heldigvis er det trøyst å finne i den store studien om barns skjermbruk som kom i 2023 frå Danmark. Studien seier at konsekvensane av den auka skjermtida blant barn er meir samansett enn det vi foreldre fryktar. Til Forskning.no, seier forskar Borja del Pozo Cruz, som har vore med i studia:

– Hysteri – eller ekstrem reaksjon på skjerm – er uberettiget. Det må vi balansere med fordelane med skjermar som brukes riktig.

Slikt kan vere godt å hugse på for alle småbarnsforeldre som meg: Pust med magen. Også når det kjem til barn og skjerm.

Men det neste spørsmålet må da bli: Kva er riktig bruk av skjerm?

Kanskje vil regjeringas varsla strategi seie noko om dette. Det bør den. For det er vanskeleg å snakke om at vi ser oftare på skjerm, utan å også snakke om at vi les mindre. Samanfallet av den utstrekte bruken av skjerm i skolen, til dei nedslåande resultata frå den siste PISA-undersøkinga, er merkbar. Der kom det fram at norske ungdommar er blitt dårlegare på lesing.

Og sist haust kom attpåtil nyheitene om at sjølv studentane les mindre litteratur. Både samtidslitteraturen og den eldre litteraturen kjem dårleg ut. I 1998 var Knut Hamsun favorittforfattaren til studentar i Bergen. I 2020 var det J.K. Rowling. Den eksistensielle svolten er bytta ut med bøker om ein ung gut som går på skole for trolldom. Og dette gjeld studentane våre, dei som brukar kvar dag på å bli boklærd.

Mens vi ventar på regjeringa

Spørsmålet som melder seg raskt, er: Kva gjer vi med dette? Kva gjer vi med at så mykje tyder på at lesing av bøker går nedover?

Det verste vi kan gjere, er å tru at dette går over. Kampen om merksemd, både blant ungdom og blant oss vaksne, er for stor til å tru at den sakte lesinga som ei bok krev, vil vinne fram.

Joel Halldorf seier det rett ut: Trua på at ting kjem til å løyse seg, er for stor.

Han meiner det er alltid er risikabelt å gå frå ei tid til ei anna, og at det minste vi kan gjere er å få utfordringane opp på bordet.

– Dersom det likevel skulle gå bra, er det fordi vi har hatt ein medviten samtale og tatt gode vegval, meiner Halldorf.

Vi er lovleg seint ute her til lands med å ta denne samtalen. Det hastar med tiltak frå politisk hald, og det gjer at det er knytt store forventingar til regjeringas strategi for å få fleire til å lese meir. I for mange år har vi sitte med nasen trykt nedi skjermen.


Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar