– Dei nye lesemåtene skakar sivilisasjonen i grunnvollane

LESING: Den svenske forfattaren og samfunnsdebattanten Joel Halldorf etterlyser ei brei bokrørsle som hegnar om den fysiske boka. – Trua på at ting kjem til å løyse seg er for stor, meiner han.

FORSVARAR BOKA: Den svenske forfattaren og samfunnsdebattanten Joel Halldorf åtvarer mot eit samfunn som mistar evna til djuplesing av bøker. – Vi mister moglegheita til å vere nærverande i vårt eige liv, seier han.
Publisert Sist oppdatert

– Det får følgjeverknader for heile samfunnet når vi endrar bokformatet og måten vi les på. Dei nye lesemåtene skakar sivilisasjonen i grunnvollane, seier Joel Halldorf.

Den svenske forfattaren, samfunnsdebattanten og kyrkjehistorikaren er aktuell på norsk med Bokens folk. En sivilisasjonshistorie fra papyrus til piksler, der han fortel den lange historia om boka frå antikken til i dag. Det har heile vegen vore ei historie på veg mot meir boklesing. I dag har derimot pilene begynt å peike nedover, ifølgje forfattaren. I Bokens folk peikar han på kva vi risikerer å tape i ei digitalisert tid der konsentrasjonen om dei lange tekstane er på veg nedover.

– Trua på at ting kjem til å løyse seg er for stor. Det er alltid risikabelt å gå frå ei tid til ei anna, og det minste vi kan gjere er å få utfordringane opp på bordet. Dersom det likevel skulle gå bra, er det fordi vi har hatt ein medviten samtale og tatt gode vegval, meiner Halldorf.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP