Kommentar

Nye perspektiv på Jesus

Aksel Hennie spelar Jesus i ei ny oppsetting av musikalen «Jesus Christ Superstar». Samtidig er tre av verdas fremste filmregissørar i ferd med å skape sine versjonar av Menneskesonen. Bør dei mange Jesus-framstillingane bekymre eller begeistre oss?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Populærkulturelle framstillingar av Jesus har alltid hatt ein ekstra dimensjon ved seg. Å spele Guds son på teater eller film er blant dei største rollene du kan ha som skodespelar. Iallfall er mannen frå Nasaret blant rollene som blir følgd ekstra nøye med på av eit breitt publikum.

Sistemann ut i norsk samanheng er Aksel Hennie, som får hovudrolla som Jesus i Folketeateret si kommande oppsetting av musikalen Jesus Christ Superstar. «Jeg har et avklart forhold til religion og anser meg selv som kristen», sa Hennie til Vårt Land før helga. Den kjente skodespelaren går inn i rolla som Jesus med «stor ærefrykt».

Jesus Christ Superstar skapte mykje debatt då musikalen kom på begynninga av 1970-talet, både i albumversjon, sceneversjon og som film. I dag hugsar vi særleg filmversjonen, med Ted Neeley i rolla som Jesus. Den gongen blei filmen av fleire skulda for blasfemi, slik han portretterte Jesus med sterk vekt på det menneskelege: Jesus blir framstilt som svak og tvilande. Oppstoda frå dei døde var heller ikkje med i handlingsgangen, noko som var tungt å svelgje for mange.

«Ei veldig preike»

At filmen møtte unison fordømming i kristne miljø, er likevel feil. Fleire var begeistra, som teologiprofessor Ragnar Leivestad. I ein artikkel i Kirke og Kultur frå 1974, sitert i Kjartan Leer-Salvelsens bok Fra glansbilde til antihelt, skreiv Leivestad: «Her har produsentene våget seg inn i det aller helligste og fjernet alle spor av tradisjonelle forestillinger med en forbløffende dristighet, og så blir virkningen så langt fra en profanering av det hellige, at jeg isteden må si at jeg aldri har opplevd en veldigere preken.»

Leer-Salvesen påpeiker i boka si at den manglande oppstoda i Jesus Christ Superstar kanskje ikkje er så bombastisk som ho blei oppfatta. Når skodespelarane, som i musikalen har iscenesett den bibelske forteljinga i ørkenen, reiser attende med bussen, er Jesus ikkje å få auge på. Mens krossen står attende, tom.

Poenget illustrer at ein som regel gjer klokt i å ta inn over seg nye populærkulturelle perspektiv på den største historia utan å gå hardt ut mot det ein ved første augekast oppfattar som ubibelsk.

Ei brei vifte av forteljingar

Som regel er det likevel ei mengd med saker å kritisere i dei fleste skodespel og filmar som framstiller Jesus. Eg hugsar sjølv kor spekulativ eg oppfatta valdsbruken i Mel Gibsons Jesus-film The Passion of the Christ då eg såg denne for tjue år sidan. Her såg vi ein Frelsar som verkeleg blei såra for våre misgjerningar, så blodspruten stod og kjøtet hang i trevlar. Det kunne også reisast spørsmål om antisemittisme i forteljinga, ei skulding som fekk fornya kraft då Gibson skandaliserte seg ved å lange ut mot jødar i fylla.

Kritikk er altså på sin plass. Samtidig bør det for kristne vere givande med ei brei vifte av forteljingar som skaper interesse for Jesus frå Nasaret og historia som ligg til grunn for den kristne trua. Både Jesus Christ Superstar og The Passion of the Christ hadde interessante perspektiv og ikkje minst ei enorm verknadshistorie, slik fleire andre filmar om Jesus også har hatt det.

Fleire nye Jesus-filmar

I lys av dette er det særleg stor grunn til å ha forventning til tre kommande spelefilmar om Jesus. Mel Gibson sjølv er aktuell med ein oppfølgjar til The Passion of the Christ, framleis med Jim Caviezel i rolla som Jesus. Filmen skal få tittelen The Passion of the Christ: Resurrection og er venta i 2025. I tillegg kjem to andre av verdas fremste filmregissørar, Martin Scorsese og Terrence Malick, snart med sine versjonar av Jesus-historia. Scorsese, kjent for ei rekke filmar med moderne klassikarstatus, frå Taxi Driver (1976) og Raging Bull (1980) til The Departed (2006) og Silence (2016), skapte store mengder bråk med den førre Jesus-filmen sin, Jesu siste fristelse (1988). Den kontroversielle filmen førte til fysiske og beint ut valdelege opprør fleire stader, fordi Jesus i filmen blei freista til å stige ned frå krossen for å gifte seg og leve eit seksuelt aktivt liv. At scenene blei spelte ut som ei freisting Jesus opplevde, ikkje som ei faktisk hending, dempa tydelegvis ikkje oppstanden mot filmen.

For kristne bør det vere givande med ei brei vifte av forteljingar som skaper interesse for Jesus frå Nasaret og historia som ligg til grunn for den kristne trua.

—  Alf Kjetil Walgermo

No er Scorsese i gang med å lage ein Jesus-film som ifølgje førehandsomtalen skal «fjerne det negative som heftar ved organisert religion». Filmen bygger på boka A Life of Jesus, skriven av den japanske, katolske forfattaren Shūsaku Endō. Dette er den same forfattaren Scorsese brukte som underlag for meisterverket Silence, som handla om to jesuittprestar som leitar etter læremeisteren sin i Japan på 1600-talet.

Scorsese, som har katolsk oppseding og som framleis kjenner seg «komfortabel som katolikk», har sagt at han lagar den nye Jesus-filmen som eit svar på pave Frans’ appell til kunstnarane på konferansen Global Aesthetics of the Catholic Imagination i fjor. Utan at vi enno veit så mykje om filmen, er det grunn til å vente i spenning på resultatet.

Får vi høyre Jesu tankar?

Det same gjeld Terrence Malicks The Way of the Wind, som er ferdig innspelt, men som framleis er under redigering. Malick er kjent som ein av verdas mest kompromisslause regissørar, med titlar som Den tynne røde linjen (1998) og The Tree of Life (2011) på samvitet. Han kan moglegvis få premiere på Jesus-filmen sin under Cannes-festivalen i mai i år, men dette er enno ikkje stadfesta. Mange ventar seg ein film der vi får høyre mykje av Jesu indre dialog, i pakt med Malicks forkjærleik for voice-over. Med andre ord kan også The Way of the Wind fort bli ein ny Jesus-film som skaper verdsomspennande debatt.

Etter mitt syn er det uansett kjærkomme med ulike perspektiv på den største historia av dei alle. Bibelteksten har vi, og det er denne som gir oss det sanne biletet av kven Jesus er. Filmane om han er først og fremst eigna til å stimulere til ettertanke, motverke at vi stivnar i fastlagde spor og skape ny interesse blant folk som ikkje i utgangspunktet søker til Bibelen for å lese evangeliet om Guds son.

Slik sett er dei fleste perspektiv av det gode. Så skal vi også ta debattane undervegs.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar