Kommentar

Politikken skal vere nådelaus

Senterpartiets Sandra Borch kunne ikkje forvente nåde då ho vart avslørt som juksar. Ho hadde alle moglegheiter til å vere ærleg på eit tidlegare tidspunkt. Politikken skal ikkje ha rom for slike tillitsbrot.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Fredag var ein mørk kveld for Sandra Borch, Senterpartiet og Jonas Gahr Støres skandaleforfølgde regjering. Borch vart den sjette statsråden som måtte gå av etter ei skandale, sidan Støre-regjeringa kom til makt i 2021. Skandalenivået får oss nesten til å gløyme Frps gjennomtrekk på justisministerkontoret i førre regjering.

Det er mykje som tyder på at skandalene i Støre-regjeringa rammar Arbeidarpartiet og Senterpartiet hardare enn Erna Solberg og Frp vart ramma den gongen.

Meir skikkelege enn oss andre

Det er ikkje berre ein fin tanke at politikarar skal vere skikkelege folk. Det er heilt avgjerande for at det systemet vi har, skal halde fram å fungere. Politikarar må vere meir skikkelege og ha meir orden i sysakene enn oss andre. I nokre saker kan vi leve med feil, men då bør politikaren sjølv sei ifrå om ting som ikkje som er på stell.

I tilfellet Sandra Borch er det mykje som gjer saka til eit ganske alvorleg tillitsbrot. Seinast den siste veka varsla ho som statsråd for forsking og høgare utdanning, at ho og departementet ville ta ein student til Høgsterett med skuldingar om sjølvplagiat. Studenten hadde etter alt å døme referert til eigne tekstar i si oppgåve, utan å legge inn tydelege referansar. Det seier noko om kor pertentlege og nøyaktige vi er blitt i norsk høgare utdanning. Det er ikkje rom for slurv. Endå mindre er det derfor rom for at studentar heilt regelrett juksar, slik det tydar på at Sandra Borch har gjort.

Igjen lyd lærdomen: Politikken kan og skal vere nådelaus. Feil må alltid få konsekvensar.

Som statsråd kan du ikkje opptre nådelaus overfor personar på fagfeltet ditt, og deretter forvente nåde for det same sjølv. Det visste Sandra Borch då ho entra talarstolen på pressekonferansen fredag kveld. Ho visste at hennar politiske karriere foreløpig var game over.

Den angrande syndaren

Sandra Borch skal ha skryt for at ho ikkje brukte pressekonferansen til å snakke seg bort. Ho sa det som det var. Den angrande syndaren opplyste til og med om at det kunne vere meir juks å finne.

Denne januarkvelden var ein av dei aller mørkaste i Borchs politiske karriere. Det var dermed forståeleg at ho ikkje ville stå på pressekonferansen og svare på spørsmål frå pressa. Det var likevel uklokt. Å svare på spørsmål er den mest effektive måten å gå vidare på. Då kan ein drepe alle vidare spekulasjonar og ta ansvar. No vil saka leve vidare gjennom helga, og sannsynlegvis ein god del lenger.

For Sandra Borch er det inga tvil om at plagiat-saka får store konsekvensar. Ho mista statsrådsposten. Foreløpig er det for tidleg å sei kva andre konsekvensar det vil ha for hennar politiske karriere. Det er ikkje utenkeleg at Troms Sp vil renominere henne til sikker stortingsplass framfor 2025-valet. Men det heite nestleiarkandidaturet til Senterpartiets ledige plass i leiinga er etter alt å døme lagt død.

Verst tenkeleg tidspunkt

For Senterpartiet betyr det at dei må leite etter andre nestleiarkandidatar. Det kan opne rommet for kandidatar som vil måtte bidra til å bygge opp att tilliten til partiet. Då trengs sindige og systematiske politikarar med orden i sakene. Vestlendingen og kommunalministeren Erling Sande kan opplagt vere ein kandidat i den kategorien.

For Jonas Gahr Støre hadde året starta godt. Endeleg hadde han kunne snakke om politikk att, og om korleis Arbeidarpartiet skulle ta ansvar for å snu norsk økonomi. Han verka til tider på offensiven, etter alle skandalene som hadde forfølgd han.

Sandra Borchs plagiat kom derfor på verst tenkeleg tidspunkt, også for statsministeren og regjeringa hans.

Igjen lyd lærdomen: Politikken kan og skal vere nådelaus. Feil må alltid få konsekvensar.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar