Kommentar

Derfor får Midtausten-konflikten så mykje merksemd

Det er ikkje så rart at det som skjer i byar som Betlehem og Jerusalem engasjerer oss meir enn liding i Kibumba og Kitshanga.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den israelsk-palestinske konflikten har ei nesten uforståeleg sterk magnetisme på samfunnsengasjerte menneske verda over.

Sidan 7. oktober har mange på nytt retta blikket mot konflikten mellom israelarar og palestinarar. Det er ikkje så rart: Hamas-terroren er allereie del av historiebøkene som eit av dei verste åtaka i moderne tid. I månadane etter har sivile palestinarar på Gazastripa betalt blodprisen i konfliktens evige jakt på rettferd. Det er prov på at menneskenaturen fungerer når bileta av drepne born får oss til å reagere.

Likevel må vi spørje: Kvifor vekkjer den israelsk-palestinske konflikten eit nesten grenselaust engasjement medan mange andre konflikter verda over ikkje ser ut til å få den merksemda dei fortener? Røde Kors-lista over verdas gløymde konfliktar viser kriser og krig i land som Somalia, Sør-Sudan og Myanmar. Dei har det til felles at det går lang tid mellom kvar gong vi ser dei omtala i norske aviser.

Lite liding i Midtausten-konflikten, relativt sett

Det er sannsynlegvis ikkje av vond vilje, men meir som resultat av ein eller annan gruppedynamikk. Den må vi lære oss å forstå om vi skal kunne endre den.

Ta til dømes Den demokratiske republikken Kongo, der 27 millionar menneske har behov for naudhjelp. Dei siste månadane har kampar mellom den brutale opprørsgruppa M23 og regjeringshæren tatt livet av mange sivile, og fått organisasjonar som UNHCR og UNICEF til å rope varsku om at krisa forverrar seg for dei som overlever eller må legge på flukt. Talet på menneske som treng hjelp til å overleve har auka med nesten 400 prosent sidan 2016. Internasjonale organisasjonar reknar med at så mange som seks millionar menneske er drepne sidan 1996.

Det som verkeleg treng vår merksemd (t.d. situasjonen aust i DR Kongo) er ikkje nødvendigvis det som får merksemda vår.

Tala er så avsindige at dei er vanskeleg å ta innover seg. Proporsjonane så enorme, at det får den israelsk-palestinske konflikten til å verke relativt liten. Likevel er stilla i vestlege medier nesten total – med nokre få heiderlege unntak.

Situasjonen i DR Kongo er langt meir brutal og omfattande enn den i Midtausten eller Gaza. Å sei det, betyr ikkje at vi reduserer den palestinske lidinga. Den er like vond og grufull uansett.

Forskjellen på kjende og ukjende stadar

I dette perspektivet er det tydeleg at det ikkje er omfanget av krisa som er grunnen til at folk ser ut til å la seg engasjere eller bry seg meir om Gaza enn DR Kongo. Demonstrasjonstog, støtteerklæringar på Facebook og Instagram, lesarinnlegg i avisene og boikottaksjonar. Det er sjeldan desse handlar om Jemen, Syria, Myanmar eller DR Kongo. Med eksempelet Gaza er det annleis.

Først er det viktig å vere klar over at menneskets merksemd er irrasjonell, urettferdig og tilfeldig. Det som verkeleg treng vår merksemd (t.d. situasjonen aust i DR Kongo) er ikkje nødvendigvis det som får merksemda vår. Det er heilt andre ting som styrer oss, ofte nesten heilt ubevisst.

Historikaren Simon Sebag Montefiore har fleire gonger vore inne på poenget om det vi kan kalle flanellograf-effekten: Fordi Bibelen er ei bok lese av menneske i store delar av vestleg sivilisasjon, ligg stadane den omtalar nærare vår merksemd og våre hjarte enn stadar vi aldri har høyrt om. Det betyr dermed meir for oss om menneske blir drepne i Jerusalem enn i Jemen.

Konflikten er tungt lasta med ideologi

Sagt med andre ord: Historiane vi høyrde på søndagsskulen er framleis viktigare for oss enn ei trist, men tilfeldig nyheitsmelding frå ein stad vi aldri har høyrt om. Her er det sannsynlegvis liten forskjell på truande og ikkje-truande.

Det er ikkje den einaste grunnen til at krigen i Midtausten får meir plass i vår felles merksemd enn andre konfliktar. Sjølvsagt har vi Holocaust, som fekk fart på prosessen med å etablere den jødiske staten i 1948. Det var kulmineringa av århundrelange antisemittiske strøymingar i Europa. Desse strøymingane pregar framleis synet på Midtausten-konflikten.

Ei anna forklaring – som historikar Torkel Brekke har ført i den norske debatten – er den ideologiske ballasten som konflikten mellom palestinarar og israelarar er lasta med. Ein viktig del av identiteten til den politiske venstresida i mange land er knytt til å støtte Palestinas frigjeringskamp mot det som vert sett på som det imperialistiske og post-kolonialistiske Israel.

Menneskeverdet er eit omgrep den menneskelege merksemda ikkje tar omsyn til.

På høgresida i mange land er det også knytt sterk identitet til å støtte Israels prosjekt med å vere ein nasjonalheim for det jødiske folket, også som eit slags fort i møte med ei ekspansiv form for politisk islam. Fram til 1967 var støtta til Israel vel så sterk blant sosialdemokratiske parti i mange europeiske land. Også i Norge. Dei såg det sionistiske prosjektet som eit fellesskaps– og overlevingsprosjekt.

Midtausten som autoritær distraksjon

Det blir sagt av kloke hovud at Midtausten-konflikten ikkje er ei religiøs konflikt. Det er mykje ved den påstanden som stemmer. Likevel er det ikkje heilt fritt for at religion eller religiøs bakgrunn spelar ei viktigare rolle hos støttespelarane til aktørane i konflikten, enn hos aktørane sjølv. Det er kanskje derfor islamistar i mange land brukar konflikten som eit agn til rekruttering. Vi ser også korleis mange konservative kristne verda over ser konflikten gjennom religiøse linser.

Det veit sjølvsagt også mange politiske leiarar. Ein ting er Donald Trump og Viktor Orbán, som speler på Midtausten-konflikten i sin kamp mot den store fienden politisk islam.

Ein annan ting er korleis mange politiske leiarar i autoritære regime – ofte med muslimsk majoritetsbefolking – brukar Midtausten-konflikten til å distrahere folk frå å gjere opprør. Sjå berre på gjengen av mullaher i Teheran eller slaktaren i Damaskus. Å snakke om den store, sionistiske fienden er eit grep dei nyttar igjen og igjen fordi det fungerer og mobiliserer.

Alle desse faktorane spelar på lag slik at vi held merksemda oppe om Midtausten-konflikten. Menneskeverdet er eit omgrep den menneskelege merksemda ikkje tar omsyn til.

Derfor kjem vi nok også i framtida til å bry oss meir om Midtausten-konflikten enn det som skjer i resten av verda.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar