Kommentar

Kvinna som redda «Midtaustens einaste demokrati»

Denne veka vann dei liberale kampen mot Benjamin Netanyahus domstolsreform – ved hjelp av to pensjonerte dommarar. Det kan ha store konsekvensar for korleis Israel møter påstandar om krigsbrotsverk og folkemord.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

250.000 ord fordelt på 738 sider var det som skulle stoppa den 362 dagar lange kampen om Israels karakter som demokratisk land.

Det var 4. januar i fjor at den ytterleggåande justisministeren i Benjamin Netanyahus regjering, Yariv Levin, lanserte den utskjelde domstolsreforma. Der føreslo Netanyahu-regjeringa å ta makt frå Israels høgsterett, slik at domstolen ikkje lenger kunne overprøve avgjerder frå regjeringskollegiet. All makt ville dermed hamne i hendene til den til ein kvar tid sittande israelske regjering.

Det ville skje i eit land som likar å marknadsføre seg som «Midtaustens einaste demokrati». Det var eit firsprang ut i det autoritære.

Skreiv israelsk historie

Skulle den bli gjennomført, ville reforma føre Israel ut på den same vegen bort frå demokratiet som Polen, Ungarn og Tyrkia har prøvd seg på dei siste åra. Landet ville fort byrja å likne sine autoritære naboar.

Søndag vart det kjend at den israelske høgsteretten sa nei til domstolsreforma, med knappast mogleg fleirtal. Åtte stemmer mot og sju stemmer for. Det skjedde trass i at samansetninga av dommarar i domstolen er den mest høgreorienterte og konservative i landets historie.

I fleire israelske aviser vert den tidlegare leiaren av høgsteretten, dommar Esther Hayut, hylla som det israelske demokratiets redningskvinne. 70-åringen pensjonerte seg eigentleg i oktober saman med ein annan dommar på liberal side, men rakk heldigvis å byrje utgreiinga av domstolsreforma rett før. Det var resultatet av denne utgreiinga som vart publisert søndag.

I utgreiinga skriv Hayut mellom anna at regjeringas reform «gjør en substansiell del av domstolens rolle i å forsvare individet og offentligheten meningsløs».

Konsekvensar for krigens anvarlege

Hennar siste avgjerd som dommar kan vise seg å bli ei av dei viktigaste i Israels historie. Også fleire av dei konservative dommarane i domstolen støttar kritikken av regjeringas domstolsreform, sjølv om dei ikkje såg seg i posisjon til å stanse den.

Domstolens avgjerd har stor betydning også internasjonalt – spesielt med tanke på krigen på Gazastripa.

Israel er eit ungt demokrati med relativt få institusjonar som er i stand til å sjå kvarandre i korta. Høgsterett si moglegheit til å sjå og endre på kortstokken til regjeringa, er ei av få mekanismar som sikrar reell maktbalanse.

Mange israelarar spør seg kva konsekvensar krigen vil få for soldatane og leiarane som har ansvaret – både dei politiske og militære. Krigshandlingane i Gaza har skapt kraftige reaksjonar i store delar av verda. Israel blir sterkt kritisert for manglande beskytting av sivile og den overdrivne maktbruken. Det er usemje om kor grove folkerettsbrot Israel har gjort seg ansvarlege i, men det er ganske brei konsensus om at Israels krigføring i beste fall ligg i ei folkerettsleg gråsone.

Sør-Afrika har klaga Israel inn for Den internasjonale domstolen (ICC), med skuldingar om at IDF bryt folkemordkonvensjonen i Gaza. Israel har varsla at landet vil møte opp og svare for seg i domstolen. Det er venta at FN-domstolen i løpet av kort tid må ta stilling til skuldingane og kravet om at krigshandlingane stansar, sjølv om ei eventuell rettssak kan ta fleire år.

øndagens avgjerd frå israelsk høgsterett er viktig fordi den viser verda at Israel framleis har eit uavhengig, fungerande rettsvesen

Få som ser kvarandre i korta

Søndagens avgjerd frå israelsk høgsterett er viktig fordi den viser verda at Israel framleis har eit uavhengig, fungerande rettsvesen. Det er dermed i stand til å dømme sine eigne innbyggarar for krigsbrotsverk på ein rettferdig måte. Det same kunne ein ikkje sei om andre land som har fått så alvorlege skuldingar mot seg – som Russland, Myanmar, Rwanda og Det tidlegare Jugoslavia. Det var mellom anna denne dynamikken som fekk den israelske kommentatoren Yossi Verter i avisa Haaretz, til å skrive at høgsteretten si avgjerd fjerna «ein trugsel om arrest og rettsforfølging i Europa» for «israelske tenestepersonar som risikerer liva på Gazastripa og Vestbreidden».

Verters poeng er kort fortald: No kan alle land, også europeiske demokrati, stole på at Israel vil klare å straffe ansvarlege for eventuelle krigsbrotsverk sjølv.

Israel er eit ungt demokrati med relativt få institusjonar som er i stand til å sjå kvarandre i korta. Høgsterett si moglegheit til å sjå og endre på kortstokken til regjeringa, er ei av få mekanismar som sikrar reell maktbalanse.

Derfor var Esther Hayuts rolle som redningskvinne avgjerande for Israels status som eit demokratisk land.




Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar