Kommentar

I alkotåka

Alkoholens plass i kultur og selskapsliv har altfor ivrige vener i norske avisredaksjonar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I november summerte ei ekspertgruppe opp den nyaste forskinga om kva stoff kroppen vår treng av ernæring. Alkoholens energi og kaloriar blei teke med. Ut frå ernæringsomsyn var konklusjonen at det aller beste er å droppa alkoholen. Alkohol har, som stipendiat Erik Arnesen sa det til NTB, «ingen kjente, gunstige effekter, og det er giftig for alle kroppens organer».

Rapporten var eit fagleg bidrag til Helsedirektoratet som i august 2024 skal fornya norske råd om kosthald. Det blei overskrifter. Kommentatorar i store aviser rykte straks ut for å roa dei som var redde for øl- og vinflaskene sine.

Aftenposten fann ingen grunn til å halda sin eigen skribent ansvarleg

Pussig samanlikning

VGs Astrid Meland var ein av dei: «Faren over. Alkohol fortsatt tillatt», lydde overskrifta – sjølv om ingen har tenkt tanken på ei ny forbodstid.

Joachim Lund i Aftenposten skriv ofte om mat og drikke. Så også i november. Lund gjorde greie for at kosthaldsråda vi får neste år, verken blir påbod eller forbod. Han erkjente at det ikkje finst ernæringsmessige argument for å drikka, og at sjukdommar følgjer med. Men Lund drog også fram gode opplevingar, arbeidsplassar og statlege inntekter.

Kommentatoren gjorde ei pussig samanlikning: Folk køyrer bil sjølv om dei veit det er ein risiko, og dei drikk sjølv om dei kjenner risikoen, skreiv han.

Men ein viktig risiko i trafikken er at du – i tillegg til faren ved køyretøy i høg fart – kan møta nokon som har drukke og mista grepet på risikoen ved å setja seg påverka bak rattet.

I ein bilettekst under eit glas raudvin kommentatoren sjølv hadde fotografert, kom konklusjonen: «Alkohol er ikke sunt, men ta gjerne et glass likevel.»

Den same kommentatoren gjekk i september hardt ut i debatten om eit anna av dei ferske nordiske kosthaldsråda som vi neste år får vita om Helsedirektoratet vil gjera til vårt: Å flytta den nedre grensa til 350 gram raudt kjøtt i veka. Teksten stod tydeleg på deira side som vil ha mindre kjøttinntak.

Overskrifta var: «Folk må få spise hva de vil.» Under tittelen la Lund til: «Det mener matminister Geir Pollestad – og det må han holdes ansvarlig for.»

Naturlegvis må ein minister haldast ansvarleg. Også for dette. Men den som hamra laus mot eit slikt råd om kjøt, var ein kommentator som drygt to månader seinare sjølv brukte denne overskrifta om alkohol: «Slapp av, du kan drikke så mye alkohol du vil». Aftenposten fann ingen grunn til å halda sin eigen skribent ansvarleg.

Aviskommentatorar hamrar laus på kjøttforbruket medan dei forsvarar alkoholens plass i kultur, historie, næringsliv og festleg lag

Middag og mytar

Kommentatorar i aviser har dette året kunna gå laus på to matministrar frå Senterpartiet. Dåverande minister Borch fekk med god grunn køyrt seg etter at ho før påske uttalte til Dagbladet: «Middag uten kjøtt? Da er det ikke middag.»

Kommentator Lund omtalte i sitt oppgjer i Aftenposten «nordmenns kolossale kjøttforbruk». Ein ex-direktør i Klima- og miljøverndepartementet kalla dette ei myte om norsk kjøttforbruk. Ja, norsk kjøttforbruk har auka sidan 1990, men har ligge nokså stabilt dei siste 15 åra. Framleis ligg forbruket i Norge under Norden elles og langt under EU og USA.

Den same kommentatoren har ikkje skrive om «nordmenns kolossale alkoholforbruk». Det kunne han ha gjort, dersom han var like oppteken av å gå laus på alkoholforbruket som kjøttforbruket. For nordmenn drikk vesentleg meir enn før. Auka forbruk av vin framfor kaffi kjem på toppen av helgefylla. Men forbruket ligg framleis bak forbruket i mange andre land.

Det er gode grunnar for å redusera kjøttforbruket. Det er minst like gode grunnar for å redusera alkoholforbruket. Men bør det forbausa meg at aviskommentatorar hamrar laus på kjøttforbruket medan dei forsvarar alkoholens plass i kultur, historie, næringsliv og festleg lag?

Metoo og julebord

I fleire år har journalistar formidla historier om metoo med alkohol på toppen av mannleg makt. Og no er vi nett ute av jule- og nyttårsfestane.

I VG har Egon Holstad skrive barskt nordnorsk om alkoholens skuggesider, men samstundes gjeve eit sterkt og hyllande forsvar for drikkekulturen: «La oss ha det litt gøy på veien til grava.»

Han kalla det moralisme å seia, som divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet: «Hvert glass du velger bort, er godt for helsen din.» Strengt tatt ligg det ei moralpreike også i Holstads postulat.

På julebord må mange betala ein pris for den moroa drikkande kollegaer har. Julebord er arbeidsgjevarbetalt drikkepress. Rapporten om alkohol og ernæring gav kommentatorar i avisene ein ubrukt sjanse til å utfordra dette. Men, nei – det ville vel blitt dårleg stemning på julebordet.

Alkotåka

Då Aftenposten i april kritiserte den middagsetande Sandra Borch under tittelen «Borch i blodtåka», blei Sp-ministeren karikert med eit lammelår som slagvåpen og blod siklande ut av munnen. Det den dåverande ministeren faktisk sa til Dagbladet, finn eg på internett. Ja, ho sa: «Middag uten kjøtt? Da er det ikke middag.» Men så la ho til det som ikkje blei sitert: «Det må alltid være kjøtt eller fisk.»

På den andre sida: Fleire og fleire meiner at middag utan vin ikkje er middag. Hadde det ikkje vore ei tid for ein karikatur med raudvin siklande i munnvika, og ei flaske som slagvåpen?

Aftenpostens kommentator har rett når han i debatten om kjøt siterer ordtaket: «Når pengane talar blir sanninga stum». Det er like treffande når det er alkoholen sjølv som talar.





Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar