Er Mark Zuckerberg vår tids Marlboro Man?
Han eine var det barske cowboy-ikonet som gjorde røyking til ein livsstil. Han andre endra internett for alvor. No skal domstolar finne ut kor mykje dei har til felles.
Har Mark Zuckerberg utvikla eit skadeleg og vanedanande digitalt produkt? Det er eit hovudspørsmål som domstolar i USA nå skal ta stilling til.
Marcio Jose Sanchez
Fleire gonger i veka minner Facebook meg om eit flaut bilde, eller ein tørrvittig oppdatering frå gamle dagar. Dei kallar det «minner» og med gamle dagar meiner eg dei første åra etter Facebook for alvor vart rulla ut frå 2007. Same året kom også Apple med iPhone, og internett vart endra for alltid. Google var første ute med sine algoritmar, og Facebook gjorde Mark Zuckerberg til den fremste av dei urbane, nerdete megakjendisane.
På Facebook kunne du avtale eit møte eller dele bilete frå ein fest. Menneske med formidlingsbehov kunne ytre sine meiningar og spreie dei ut til folket. Dei var ikkje lenger avhengige av å komme gjennom ein redaktøren sitt filtrerande blikk. Det var ei sann demokratisering av ordskiftet. Då eg delte bilete frå festar på Bømlo gjorde eg det med utgangspunkt at dette var noko eg delte med min utvalde krets av vener.
Det er me som er produktet
Bestill abonnement her
KJØP