Kommentar

Nobelprisvinnar med Gud i sentrum

Jon Fosse er Noregs fjerde nobelprisvinnar i litteratur. Han samanliknar skriving med bøn og har Gud som nav i mange av bøkene sine.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Jon Fosse er Noregs fjerde vinnar av Nobels litteraturpris, etter Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun og Sigrid Undset. Også før pristildelinga torsdag ettermiddag stod han trygt som ein av samtidslitteraturens viktigaste forfattarar. Forfattaren som konverterte til katolisismen for nokre år sidan, har i lang tid vore opptatt av religiøse og mystiske tematikkar i bøkene sine. Fosse har også, som Franz Kafka, samanlikna skrivinga si med bøn.

Dei eksistensielle tematikkane i Fosses forfattarskap har lenge syntest å auke på for kvar nye utgiving. Dette må ikkje mistolkast som at Fosse brukar litteraturen til å fremje dogmatiske standpunkt. Det handlar ikkje om dogmatikk hjå Fosse, men om mennesket i møte med dei store realitetane. Teologen Jan-Olav Henriksen er berre ein av mange som til dømes har interessert seg for Fosses roman Morgon og kveld (2000) og peika på korleis Fosse vever saman teologiske tema og folkelege erfaringar på ein open og udogmatisk måte.

Dei religiøse innslaga er også til stades i dramatikken og lyrikken hans. Til dømes kling den jordnære og himmelvendte Stein til stein umiskjenneleg av religiøse ord og tankebygningar innanfor eit univers som gjerne kan ha Kristus som hjørnestein, slik eg formulerte det då eg meldte boka for nokre år sidan. Salmen «Nattsalme» er i så fall det naturlege punktumet for rørsla mot Gud i den diktsamlinga.

Brennaktuell i lang tid

Jon Fosse har lenge vore ein brennaktuell kandidat til Nobels litteraturpris. Somme har tenkt at det berre er eit spørsmål om tid før han skulle få han. Likevel er det stor stas for Noreg med ein norsk prisvinnar, som kan seiast å vere ei kåring i rette tid på mange måtar. Vårt Land skreiv nyleg om korleis Nobels litteraturpris dei seinare åra har måtta kjempe seg tilbake igjen etter ei stor krise som skada omdømmet og legitimiteten til prisen. Fem år etter krisa er det mange vesentlege stemmer som meiner at Svenska Akademien har vunne attende tilliten, og sett med norske auge skader det neppe med ein nobelpris til Fosse i så måte.

Det er med dei seinare prosaverka sine at Fosse verkeleg har svinga seg opp som ein stadig heitare nobelpriskandidat. Fosse fekk Nordisk råds litteraturpris for romantrilogien Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd, med samletittelen Trilogien. Juryen som nominerte Trilogien til prisen, trekte fram i grunngjevinga at Fosses tekstar gir assosiasjonar til både evangelietekst, visjonsdikting og kristen mystikk. I den første boka, Andvake, minner opningsscena til dømes sterkt om juleevangeliet frå Bibelen. Olavs draumar lener seg mot Draumkvedet og kristen visjonsdikting frå mellomalderen, mens Kveldsvævd har trådar av og referansar til kristen mystikk.

Sterke religiøse innslag

Det var såleis ikkje direkte overraskande at dei religiøse innslaga i det seinaste storverket hans, Septologien (2019–2021), er så omfattande. Likevel er det svært interessant å sjå kor viktig det kristne stoffet er i eit av vår tids mest iaugefallande og nyskapande verk. Det kjem til uttrykk allereie i sitata som innleier det første bandet, Det andre namnet (2019): «Og eg vil gje han ein kvit stein, og på steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan den som får det» er frå Johannes’ openberring. I tillegg siterer Fosse på latin frå kyrkjebøna Agnus Dei, som på norsk tyder «gi oss din fred». I boka brukar eg-personen bøna «Kyrie eleison» som eit vern mot uroa utanfor, for å finne fred, så å seie. Her finst djupe samtalar om Guds eksistens, til dømes om kor vidt Gud både er ingenting og alt, og om korleis Gud både er lys og mørke – eit lysande mørker.

Den siste boka i trilogien, Eit nytt namn, er spekka med refleksjonar over kristen tru. Blant anna følgjer vi hovudpersonen Asles veg inn i Den katolske kyrkja, og som i dei andre banda i trilogien er bøna eit gjentakande element – heilt fram til slutten, i dobbel forstand. Der Harry Potter – i ein heilt annan ende av litteraturen – får eit lyn i panna, får Asle teikna ein kross med olje i panna. Han tenker: «og den krossen set seg fast i han, i panna hans, i heile han, tenkjer Asle, så den krossen kjem han til å merka kvar han enn er».

Det tidlause hos Fosse

Det gjentakande og berande opningsbiletet i Septologien, både som omtalt kunstbilete og som metafor, er nettopp krossen – ein andreaskross. Og der kunstmålaren Asle mot slutten av livet legg ned penselen, sit framleis krossen fast i han.

Fosses særeigne stil, som gjer at lesaren må igjennom mange hundre sider utan punktum, bygger opp under det tidlause i forteljinga. Vi må hanskast med ulike tider og ulike variantar av hovudpersonen sjølv. Alt verkar til sjuande og sist å smelte saman i eit evigheitssekund, ein dødsaugeblikk der livet, inkludert trua, passerer revy.

Septologien er eit storverk, ikkje noko mindre. Det understreker også den ferske nobelprisen til Fosse. Like interessant er det at Fosse skriv med Gud i sentrum for det heile. Det synest som eit pregnant uttrykk for at mykje av den beste norske og internasjonale litteraturen har eit ope blikk mot ei metafysisk verkelegheit. Termen «idealisk», som det står i statuttane at den nobelprisvinnande litteraturen skal vere, passar godt i så måte. Og kva meir er: Guds plass i den fremste litteraturen er udiskutabel.

Kommentaren bygger på eit større essay som tidlegare er publisert i Vårt Land og STREK.

Mykje av den beste norske og internasjonale litteraturen har eit ope blikk mot ei metafysisk verkelegheit

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar