Kommentar

Den låge valdeltakinga er eit klassespørsmål venstresida må løyse

På venstresida er det no sjølvransaking etter høgrebølga som feide over landet på valdagen. Kanskje er svaret på problemet enklare enn mange vil tru.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Valet på mandag vart elendig for venstresida totalt sett. Det einaste partiet til venstre for midten som gjekk fram, var SV. Partiets framgang på 0,8 prosentpoeng veg ikkje opp for MDG, Ap, Raudt og Senterpartiets fall på totalt 12,3 prosentpoeng.

Dersom tendensen står seg fram til stortingsvalet om to år, kan Erna Solberg allereie no byrje å dele ut statsrådspostar.

Det er tid for sjelegransking. Det er tid for analysebonanza der tenkande folk på venstresida rir sine politiske kjepphestar. Mimir Kristjánsson meiner til dømes at venstresida tapte kampen om mannfolka og at regjeringa må ta kontroll over renta og matkøane, medan Trond Giske meiner Arbeidarpartiet treng «ein ny kurs» og at «det må skje endringar i partiet».

Store sosiale forskjellar i valdeltaking

Kanskje er det heile mindre komplisert enn mange vil tru. Kanskje handlar venstresidas dårlege val eigentleg om valdeltaking.

Forskjellane i valdeltaking mellom bydelar på austkanten og vestkanten i Oslo er slåande:

  • Nordre Aker (vestkanten): 75,3 %
  • Ullern (vestkanten) : 75,1 %
  • Vestre Aker (vestkanten): 77,6 %
  • Grorud (austkanten): 50,9 %
  • Stovner (austkanten): 48,5 %
  • Alna (austkanten): 49,8 %

Tendensen er den same fleire andre stader i landet: I den innvandrartette bydelen Fjell i Drammen stemte berre ein av tre veljarar. Totalt i Norge var valdeltakinga på 62,5 prosent.

For venstresida er tala alvorlege, fordi det er i område som på austkanten i Oslo desse partia gjer det klart best. Høgresida har sine bastionar på vestkanten og får dermed mobilisert ein større del av veljarane sine. For strategane på venstresida bør alarmklokkene ringe fordi forskjellane var større ved årets val enn ved førre.

Frå valforskinga visste vi allereie at det er store forskjellar i valdeltaking etter sosial bakgrunn. Folk utan høgare utdanning, innvandrarar og til dels unge menn stemmer i mindre grad enn andre. I boka om valundersøkinga frå stortingsvalet i 2021 Politikk i urolige tider (2023) skriv statsvitarane Johannes Bergh og Atle H. Haugsgjerd at desse gruppene også er overrepresentert blant veljarane som aldri stemmer.

Det er ikkje grunnlag for å trekke konklusjonar om at til dømes Arbeidarpartiet og SV ville gjort betre val ved høgare valdeltaking i «sine» bydelar. Det skuldast mellom anna at mange arbeidsinnvandrarar frå aust-europeiske land høyrer til blant veljarane som sannsynlegvis ikkje stemmer. Men om dei hadde stemt, er det klar overvekt av konservative veljarar i denne gruppa.

Dei store forskjellane i valdeltaking er ikkje berre eit problem for venstresida, men eit demokratisk problem

Valdeltaking som politisk stridsspørsmål

Samstundes er det mykje som tyder på venstresida ville tent på høgare valdeltaking, mest fordi dei bydelane der Høgre gjer det best er dei bydelane med høgast valdeltaking. Dermed er partiet nær fullmobilisert i sine sterkaste kretsar, medan til dømes Arbeidarpartiet og SV har ein del å gå på i sine beste.

Den gode skulevalkampen til FpU og Unge Høgre kan ha mobilisert fleire unge menn blant det valforskarane kallar «andregongsveljarar». Denne gruppa blant menn under 30 år har tidlegare hatt vesentleg lågare valdeltaking enn kvinner på same alder, opp til 12 prosentpoeng i forskjell. Her kan høgresida ha funne eit potensial som kan ha gitt oppsving, sjølv om det er grunn til å tru at høgresida gjekk opp i dei fleste veljargrupper i årets kommune- og fylkestingsval.

Dei store forskjellane i valdeltaking er ikkje berre eit problem for venstresida, men eit demokratisk problem. Frå USA har vi sett korleis spørsmålet om valdeltaking er blitt gjort om til eit politisk stridsspørsmål, spesielt med tanke på alt som har blitt gjort i sørstatane for å hindre svarte veljarar å stemme. Framleis er det ikkje like moglegheiter til å stemme i USA.

Valet er eit sosialt prosjekt

I Norge har vi på mange måtar motsett problem viss vi skal tru det Bergh og Haugsgjerd skriv i si ferske bok om valundersøkinga for 2021-valet. Dei to skriv at «en vanlig antakelse er hvis man gjør det lettere å stemme, for eksempel ved å øke mulighetene for å forhåndsstemme, så øker valgdeltakelsen. Dette fremstår særlig som en rimelig antakelse i situasjoner der det er betydelige praktiske utfordringer med å stemme for noen velgere. Vi spør om det kan være motsatt ved norske valg».

Her er dei to valforskarane inne på eit sentralt poeng som bør få meir merksemd i diskusjonen om høgare valdeltaking i tida framover. Den lange perioden med førehandsstemming kan vere med på å individualisere valet, trass i at valet som institusjon først og fremst er kollektiv og felles.

For å bruke meg sjølv som eksempel: Eg tviheld på å stemme på valdagen, fordi den høgtidsstemninga ved at så mange stemmer samstundes er med på å gjere det å stemme til noko større og viktigare enn berre å seie meininga mi. Det blir noko sosialt, ein slags festival for demokratiet.

Valdeltaking kan også handle om passivititet og manglande tillit

Førehandsstemminga tek bort noko av dette høgtidspreget. Det blir noko du gjer på veg frå jobb til butikken, som eit kvardagsleg ærend. Bergh og Haugsgjerd spør i alle fall om ei nedtoning av det sosiale elementet ved stemmegivinga kan ha ei negativ effekt på valdeltakinga.

Det spørsmålet bør få eit gjennomtenkt og reflektert svar.

Vi skal likevel passe oss for å gjere spørsmålet om låg valdeltaking i venstresida sine beste kretsar til eit spørsmål om organisering og teknisk utforming av valet. Den låge valdeltakinga kan like mykje handle om politiske parti som klarte å passivisere sine veljarar i slutten av valkampen med skandalar og manglande tillit. Det er til dømes liten grunn til å tru at sakene om aksjekjøpa til Annikens Huitfeldts ektemann har bidratt til meir engasjement.

I så fall bør venstresida heller ri sine kjepphestar i analysebonanzaen framover, enn å tenke på spørsmålet om valdeltaking. Eg held likevel ein knapp på at spørsmålet om valdeltaking er meir av eit klassespørsmål enn vi har ville innrømme hittil.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar