Ho har allereie hatt 12 år som ordførar for KrF. Den siste perioden frå 2019 til i dag har ho «berre» vore vanleg medlem av formannskapet i den nye kommunen ho var med på å lage, Alver kommune rett nord for Bergen.
[ Mímir Kristjánsson tok Vårt Lands kirkevalgsvalgomat: – Overrasket ]
No vil ho bli ordførar igjen. Kanskje kan det vere med på redde partiet ho er så glad i.
Ordførarkorpset viktig for KrFs oppslutning nasjonalt
Vi vart med henne på ein dag i valkampen, for å finne litt ut av korleis ho skal bidra til å redde KrF.
I kommune- og fylkestingsvalet for fire år sidan klarte KrF samla sett akkurat å karre seg over 4 prosent, med totalt 107.185 stemmer. Viss vi går nærare inn i tala ser vi at alle dei kommunane der KrF gjer det prosentvis best i val, er distriktskommunar der ein KrF-ar sit med ei hand på rattet. Som Vårt Land skreiv denne veka: Som oftast ein mann.
Faktum er at KrF i dag har 11 ordførarar, og alle er menn.
Korleis det går med KrF nasjonalt er av mindre betydning for ordførarkandidaten. Ho stiller fordi ho vil bidra i lokalsamfunnet.
Stemmetalet i desse kommunane er så høgt at det gir utslag på den nasjonale oppslutninga til KrF. Til dømes fekk partiet over 1.800 stemmer i kommunar som Hå og Vennesla i 2019-valet. Her er KrF blant dei største partia.
For Olaug Bollestad er dermed kommune- og fylkestingsvalkampen i 2023 avgjerande for målet om å kome over sperregrensa igjen i 2025. Jo fleire kommunar med KrF-ordførarar, desto fleire veljarar kan partiet rekne med nasjonalt.
Ordførarar som ambassadører for partiet
Kvifor er det slik?
Sannsynlegvis fordi ordførarane er blant dei mest effektive ambassadørane eit parti kan ha. Dei er nær folk i kvardagen og kan dermed breie ut partiet sitt til nye veljargrupper i sine lokalmiljø.
[ Emil André Erstad: «Her er det som ligg bak den konservative suksessen i skulevalet» ]
For Astrid Aarhus Byrknes i Alver er det i alle fall slik. I 2019-valet fekk KrF der ei oppslutning på 14,6 prosent, i ein relativt folkerik kommune med nesten 30.000 innbyggjarar.
Dersom Astrid Aarhus Byrknes blir vald til ordførar for ein fjerde periode, veit ho kva som blir første gjeremål med ordførarklubba i handa: Kutt, kutt og kutt.
Det er påfallande kor mykje breiare KrF orienterer seg her, i ein kommune der partiet har over tre gonger så høg oppslutning som nasjonalt. Valkampen består av å besøke bedrifter, organisasjonar og tilstelningar. Fleire av dei vi er med og besøker denne dagen i valkampen er næringsaktørar. Nokre vil ha fleire grøne arbeidsplassar på Mongstad, medan andre vil ha betre kår for ideelle aktørar i barnehagesektoren.
Fokuset på næringsliv er ei av endringane som har skjedd i KrF-organisasjonen dei siste åra.
Mykje motgang
I Alver var det mange fakta som talde mot at Byrknes skulle stille opp att:
Kommuneøkonomien er trongare enn noko tidspunkt tidlegare i hennar lokalpolitiske karriere og partiet har ikkje hatt dårlegare oppslutning sidan krigen. Dersom Astrid Aarhus Byrknes blir vald til ordførar for ein fjerde periode, veit ho kva som blir første gjeremål med ordførarklubba i handa: Kutt, kutt og kutt. Er det skular eller sjukeheimar som skal leggast ned? Det må ho og dei andre politikarane i kommunestyret for strilekommunen finne ut av.
Det er ikkje akkurat motiverande for ein lokalpolitikar, skulle ein tru.
[ Islam Net vil at muslimer skal stemme på Partiet Sentrum ]
For Astrid Aarhus Byrknes er det likevel der ho finn motivasjonen. Å endre ting, å snu utviklinga og bidra.
Ho hadde eignentleg tenkt å gje slepp på politikken no, men svara til slutt ja då nominasjonskomiteen spurde. Svaret kom til og med overraskande på henne sjølv, skal vi tru henne. Det var den sterke og genuine interessa for å bygge eit lokalsamfunn som vippa henne over på å stille igjen.
Korleis det går med KrF nasjonalt er av mindre betydning for ordførarkandidaten. Ho stiller fordi ho vil bidra i lokalsamfunnet.
Slik sett er det interessant at Astrid Aarhus Byrknes er eit av Olaug Bollestads største håp. For det er ho faktisk.