Kommentar

Kyrkjeval i feil lokale

Det ville prinsipielt vore svært interessant om Human-Etisk Forbund hadde kravd å få gjennomføra lokale styreval tett ved offentlege vallokale.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den 11. september skal vi velja nye kommunestyre og fylkesting. Ved vallokala møter alle skilt som også peikar inn i eit siderom eller opp ei trapp til val i Den norske kyrkja – val til sokneråd og bispedømeråd/Kyrkjemøtet.

Samanblanding i tid og naborom har Den norske kyrkja halde på med sidan 2009. Ordninga kom som eit krav frå eit kyrkjeforlik i Stortinget: Ei demokratireform med kyrkjeval tett opp til offentlege val var sentral premiss for at staten ville sleppa kyrkja fri og gje frå seg retten til å utemna biskopar.

På Fjellhamar utanfor Oslo hadde kommunen sidan kyrkja var ny i 1989, fått hevd på å bruka festsalen som vallokale. Kyrkjevalet skjedde i 2009 bak i gudstenesterommet i etasjen over. Som soknerådsleiar gav eg den gongen tydeleg uttrykk for at eg var imot samanblandinga. Men eg gjorde dugnadsplikta som valmedarbeidar.

Nokre val seinare flytta Lørenskog kommune vallokalet frå kyrkja til ein nybygd skule. Kyrkjevalet vart paradoksalt nok tvinga til å følgja etter. I 2009 vart valet først fjerna frå rett etter gudstenesta. Seinare vart det tvinga heilt ut av kyrkja.

«Et veldig sært valg»

Valforskar Bernt Aardal kalla i eit intervju her i avisa i sommar kyrkjevalet «et veldig sært valg». Aardal meinte ein valoppslutnad på 12 prosent ikkje ville gitt legtimitet i eit politisk val. Noko av problemet, sa Aardal, er at kyrkja prøver å laga eit kyrkjeval etter modell av eit politisk val. Aardal kalla det ei «sammenblanding av kortene» å ha kyrkjeval samstundes med politiske val i same lokale eller tett ved.

Det var eit interessant innspel frå ein som kjenner politiske val ut og inn. Med aktiv frikyrkjeleg bakgrunn kjenner Aardal også den religionspolitiske landskapen.

Påfallande nok kommenterte ikkje kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum påstanden om samanblanding. Ho var oppteken av auka oppslutnad, som forsøk i år med røysting på nettet. Det einaste ho elles sa, var: «Dette er valgordningen vi har i kirken.»

Kyrkjerådsleiaren kunne heller svart: «Dette er den valgordningen vi vil ha.»

Plikta som vart borte

Då Stortinget i 2020 vedtok lov om trus- og livssynsamfunn, vart plikta frå 2008 oppheva, erstatta med ordet «kan»: «Kirkelige valg kan holdes samtidig med offentlige valg og i umiddelbar nærhet av lokalene der det offentlige valget gjennomføres. Kirkemøtet avgjør dette.»

Statsråd Kjell Ingolf Ropstad kom med forslaget om å setja kyrkja fri på valdagen. Åpen Folkekirke avfeia straks Ropstad ved å hevda at han var ute i eit indrekyrkjeleg ærend og ikkje i eit prinsipielt religionspolitisk. Fleirtalet i Kyrkjemøtet ville ikkje kopla kyrkjeval fri frå politiske val. Då Kyrkjemøtet i 2022 banka ei forskrift om kyrkjelege val, vart det vedteke at val «skal» skje samstundes med offentlege val og i lokale tett ved. Kyrkjemøtet tok plikta tilbake.

Som aust og vest

Det har vore interessant å følgja debatten i sommar. Professor Karl Øyvind Jordell – med suveren norsk rekord i talet på avisinnlegg om kyrkjeval – argumenterte i Vårt Land 28. juli framleis med vilje til å følgja opp kyrkjeforliket frå 2008. At kravet for lengst er oppheva, vart ikkje nemnt.

Den kyrkjelege debatten er sterkt prega av at dei som meiner dei har nytte av valordninga, forsvarar ordninga. Dei som går i mot samanblandinga, blir mistenkte for å gjera det fordi dagens ordning svekkjer posisjonen deira i Kyrkjemøtet. Frontane blir som aust og vest, dei kan aldri møtast.

Vi får gå tilbake til viktige dokument som nesten har forsvunne frå debatten.

I 2002 leia Trond Bakkevig arbeidet med utgreiinga «Samme kirke – ny ordning», eit bidrag til utforminga av ei kyrkje lausriven frå staten. God oppslutnad vart viktigare og viktigare, heitte det. Men utvalet ville gje kyrkjeval ein klar kyrkjeleg karakter, gjennomført i kyrkjerom eller i andre lokale nytta til gudstenester. Stort sett, meinte Bakkevig-utvalet, burde kyrkjeval ikkje skje samstundes med offentlege val.

Seks år seinare leia Bakkevig eit nytt utval om demokrati i ei nyordna folkekyrkje. No vart det opna for at kyrkjeval likevel vart knytte til offentlege val. Kravet til val i gudstenesterom vart lagt bort. Rådet kan lesast som eit bidrag til endeleg å få landa eit kyrkjeforlik på Stortinget. Ei djupare prinsipiell tenkjing les eg derimot i 2002-utgreiinga.

Kyrkjemøtet bør samla seg om ei ordning for kyrkjeval som ikkje på valdagen får folkekyrkja til å framstå som eit privilegert kommunalt underbruk

Likskap for religionslovaI

2013 kom den offentlege utgreiinga «Et livssynsåpent samfunn». Utvalet som var leia av noverande MF-professor Sturla Stålsett, ytte tydeleg motstand mot at «valg i Den norske, eller noe annet tros- og livssynssamfunn, kobles sammen med de offentlige valgene…»

Stålsett følgde godt opp Bakkevig som i 2002 ville halda kyrkjeval unna politiske val både av «religionspolitiske og kyrkjelege grunnar».

Kyrkja skulle bli fri frå staten. Samstundes skulle det bli likskap for religionslova. Det siste er det blitt med økonomisk understøtting. Men den gamle statskyrkja har som grunnlovsfesta folkekyrkje fått med seg ein utidig rett til sjølv å bestemma at ho skal arrangera val i naborommet under val til kommunestyre.

Difor må baptisten Aardal og human-etikarar på veg til vallokala den 11. september framleis passera skilt som viser vegen til eit kyrkjeval dei ikkje skal delta i.

Utfordring?

Human-Etisk Forbund har protestert sidan 2008. Prinsipielt ville det vore svært interessant om HEF konkret hadde utfordra Dnk-privilegiet: Forbundet kunne valt seg ein kommune og kravd lokalt styreval samstundes med val til kommunestyre- og fylkesting, i eit anna naborom enn Den norske kyrkja. Det finst inga opning for dette i lova. Men religionspolitisk kunne det blitt ei artig prinsippsak, grunngitt med likebehandling i eit livssynsope samfunn.

Eg har ikkje stilt til lokale kyrkjeval på 14 år. I dag les eg det meste med briller som krev trusfridom og like rettar for alle. Innan kyrkjevalet om fire år bør Kyrkjemøtet ha samla seg om ei ordning for kyrkjeval som sikrar god oppslutnad, men som ikkje på valdagen får folkekyrkja til å framstå som eit privilegert kommunalt underbruk.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar