Kommentar

Listhaug blas valkampen i gong med hundefløyta

Frp-leiar Sylvi Listhaug gjekk til frontalåtak på politimeisteren i Oslo under partiets valkampopning torsdag. Igjen ser målet ut til å vere å tenne fyr på valkampen med innvandringskortet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Foreløpig har ikkje Sylvi Listhaug klart å gjenreise Frp etter regjeringsperioden med verken snakk om lågare skattar, mindre avgifter, straumprisar, dyrtid, ein ytre fiende i Russland eller klimamotstand. Frp-leiaren har tidlegare vist å berre verkeleg meistre eit triks: innvandringsmotstand.

Masseslagsmålet under Norway Cup

Det var grunnen til at ein stor del av talen ho heldt på partiets valkampopning, handla om masseslagsmålet under Norway Cup.

Så lenge flyktningkrisa er europeisk og innvandringsdebatten daud, grip ho fast i det eine halmstrået ho har igjen: ungdom med innvandrarbakgrunn som slost på Ekebergsletta. Slik lagar ho ei historie med passande fiendar for Frp: venstresida, oslofolk og innvandrarungdom.

Open og ærleg kommunikasjon er i følge Listhaug berre mogleg viss politiet fokuserer på etnisitet. Alternativet er visst å gjere det svenskane har gjort i alle år, nemleg å stikke hovudet i sanda.

Ho hadde riktig nok varma opp ved å snakke om lågare avgifter, mindre skatt, fjerning av eigedomsskatt, fridom og valfridom. Frp-hjartene i salen smelta, men problemet er at veljarane der ute ikkje lar seg overtyde av desse Frp-sakene. Listhaug trong ein joker, og planen ser no ut til å vere å ta eigarskap til kampen mot ungdomskriminaliteten i Oslo med hundefløyta si.

Usminka fakta og skjønnmåling

I paradenummeret kunne Listhaug fortelje at ho «med forbauselse» hadde sett politimeisteren i Oslo, Ida Melbo Øystese, svare på spørsmål om ungdomsvalden i Oslo i Dagsrevyen dagen før. Masseslagsmålet på Ekebergssletta var berre del av ein større trend i Oslo, med knivstikkingar, tjuveri, vald og ran. Ho skildra korleis Oslo ikkje lenger er ein trygg by, og at fleire prøvar å leggje lokk på problema. Listhaug skildra korleis programleiaren hadde stilt det spørsmålet «Hvem er disse ungdommene, hvilken etnisitet har de?».

Så skildra ho ein politimeister som unngjekk å svare på spørsmålet, ved å sei at det var snakk om sårbare ungdommar frå forskjellige bydelar og at 75 prosent av dei var fødd i Norge. Politimeisteren meinte etnisitet hadde lite å sei. «Dette svaret er ren feilinformasjon og villedning», sa Listhaug.

Listhaug prøver å snakke om etnisitet. Ikkje fordi det vil få ned kriminaliteten, men fordi det kan hjelpe i valkampen for dei som meiner Oslo representerer forfallet i innvandringspolitikken.

Deretter kom Frp-leiaren med ei krystallklar utfordring til politimeister Øystese i Oslo politidistrikt. «Jeg forventer at politimeisteren i Oslo snarest offentlig retter opp i feilinformasjonen. Jeg forventer også at justisministeren gjør det klart at alle landets politimestere og politidistrikt skal ha en åpen og ærlig kommunikasjon om hvilke problemer vi står overfor i alle norske byer».

Open og ærleg kommunikasjon er ifølgje Listhaug berre mogleg viss politiet fokuserer på etnisitet. Alternativet er visst å gjere det svenskane har gjort i alle år, nemleg å stikke hovudet i sanda.

I Frp har dei lenge prøvd å dreie kommunikasjonen over på andre tema enn innvandring. Det var mellom anna Sylvi Listhaugs strategi i 2021-valkampen, der ho snakka meir om olje- og gassindustrien enn om innvandringsdebatten.

Oslo er ein trygg by

No ser det ut til at strategien er endra. Det viser Listhaug tydeleg ved å fokusere meir på kva etnisitet gjerningsmennene i Oslo har.

Politimeister Ida Melbo Øystese prøvde moglegvis å vise klokskap då ho ikkje godtok premissen om etnisitet. Kanskje fordi det å snakke om etnisitet kan bidra til meir utanforskap, meir polarisering, framandfrykt og dermed meir kriminalitet. Eller kanskje fordi det er minst like mykje eit spørsmål om klasse og sosial status som etnisitet.

Listhaug prøver å snakke om etnisitet. Ikkje fordi det vil få ned kriminaliteten, men fordi det kan hjelpe i valkampen for dei som meiner Oslo representerer forfallet i innvandringspolitikken.

Vi kan gjerne vere ærlege: Oslo har mange problem. Mange av problema er alvorlege. Men vi som bur i Oslo veit at byen ikkje er utrygg.

At Listhaug prøver å formidle noko anna, gjer det ikkje dermed sant.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar