Kommentar

Her er det fest og lede

Det er krig i Europa, klimakrisa har starta og nordmenn lagar ikkje nok barn. Likevel har Susanne Sundfør gitt ut eit livsbejaande album, gifta seg og fått barn.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er ikkje tilrådd å lage kunst om lykka. Sjansen er stor for at produktet blir keisamt eller uvesentleg. Difor tar dei seriøse kunstnarane tak i noko smertefullt og problematisk. Det har også Susanne Sundfør gjort gjennom heile musikarkarriera si. Dystopiske tekstar om kjærleiken, klimaet, livet generelt og melankolske melodiar har vore varemerket hennar.

Men 1. mai, rett før våren detonerte, slapp Sundfør albumet blómi. Ei plate full av håp, livslyst og tru. Merete Røsvik kjem også inn på noko av det same i si grundige analyse av same plate i denne avisa.

Songen «Alyosha» er ei reinspikka hylling til ektemannen André Roligheten, med tilhøyrande musikkvideo frå bryllaupet deira i fjor sommar. I denne songen kjem den eine proklamasjonen av kjærleik etter den andre: «You are all that I believe in, my love» og «All I want when you are gone is you back in my arms». Songen tar også oppgjer med egoisme og eit misantropisk syn på livet, til fordel for trua på kjærleiken: «They say its kill or be killed, love has died and all is worthless, but that is not what I believe in, that is not what I believe in, it’s you».

Korleis kan Sundfør vere så håpefull og truande på livet og kjærleiken i ei tid kor det meste ser mørkt ut?

—  David Sviland

Kontrasten til teksten i Sundførs «Undercover» frå 2017 kunne ikkje ha vore større: «Don’t trust the ones who love you. ‘Cause if you love them back, they’ll always dissapoint you, it’s just a matter of fact».

Men korleis kan Sundfør vere så håpefull og truande på livet og kjærleiken i ei tid kor det meste ser mørkt ut? Det er krig i Europa, klimakrisa har starta og her til lands føder kvinner i gjennomsnitt 1,41 barn, godt under reproduksjonsraten på 2,1, som er det som skal til for at populasjonen skal vekse. Er det ikkje litt naivt å laga songar med fuglekvitter og harmoniske refreng om tru, håp og kjærleik akkurat no?

Musikk i utakt med samtida

For å svare på det vil eg ta ein omveg om sommaren 2001, då optimismen frå 90-talet framleis stod sterkt. Me hadde nett lagt bak oss eit tiår der pilene peika oppover. Berlin-muren hadde falle. Demokratiet og trua på ei tolerant og rettvis verd, spreidde seg. Denne sommaren gjekk Kaizers Orchestra i studio og spelte inn debutplata Ompa til du dør. Ei plate som på mange måtar var i utakt med si eiga musikalske samtid. På denne tida var det mjuk RnB og glattpolert punk som gjaldt, ikkje pumpeorgel, kubein mot oljefat, gassmaske og tekstar om krig og bøn frå helvete.

Ompa til du dør skildrar ei tid kor ting stod på spel. Då krig og korrupsjon både splitta og samla folk. Det uhøyrte, men også spennande med plata, er at ho skildrar krigen med ei blanding av mørk humor og ektefølt nostalgi. Dette kjem aller tydelegast fram i den allsongvenlege låta «Mr. Kaizer, hans Constanse og meg», som opnar slik: «Me går langt tebake te de gamle dager, då alt va svart kvitt, og alt mitt va ditt, og me brukte våre krefter på resistansen».

Melodien og orgeltonane som akkompagnerer denne songen om samhaldet i ei fiktiv motstandsrørsle, er som henta frå eit salig bedehusmøte. Men her er Gud byta ut med fest, song og lystig lag i alkoholrus: «Taket var sprengt vekk og huset stod i brann. Ute var krigen, men inne var det sang. Det var mange som blei tatt av absolutt vodka. Det var mange som falt for absolutt polka».

Det var som om vi lengta etter ei tid kor ting stod på spel og ein kunne samle seg om ein ytre fiende

—  David Sviland

Håp og fellesskap i kunsten

Medan pilene peikar oppover går altså Kaizers i studio for å lage ei plate som blandar saman estetikk frå andre verdskrig og den kalde krigen sett frå Aust-Europa. Det slo godt an blant oss nordmenn. Det var som om vi lengta etter ei tid kor ting stod på spel og ein kunne samle seg om ein ytre fiende. I Kaizers-universet kunne ein leve seg inn i ei slik verd. Var det ein form for pervertert krigsfiksering? Humoristisk rollespel? Romantisering av krig? Eg trur det var heile sulamitten, og det fenga.

Kanskje var det etterlengta for denne generasjonen som heile livet hadde fått høyre ekte tragediar og heltehistorier frå krigen, å endeleg få sjansen til å leike og tøyse med krigen. Men for dei som faktiske hadde opplevd krigen, må det ha vore støytande å sjå Kaizers gjøgle på scenen med gassmasker.

Likevel meiner eg at Kaizers-prosjektet er av det gode. Dei lærte meg og mange andre at festen ikkje er over sjølv om taket er sprengt og huset står i brann, og dei lærte oss at viss vi kjem i ein skikkeleg vanskeleg situasjon, så finst det håp og fellesskap i kunsten.

Det betyr noko når me stemmer i allsong, når me løftar ho i protest mot noko, eller stemmer i ein tale for det som betyr aller mest for oss i livet

—  David Sviland

Å finne stemma si

Eit anna bevis på at allsong gjev håp, er historia om nokre ukrainske born som vart bortført av russarar. I ei reportasje i P2-programmet Urix 3. juni, får vi høyre om ei gruppe jenter som kom til rette i Ukraina att. Men dei var sterkt traumatiserte etter vald og overgrep, og dei mangla språk. Direktør for barns rettigheter i Unicef, Kristin Oudmayer, fortel om hennar møte med jentene. For å gjenopprette relasjon og kommunikasjon med dei, brukte dei tilsette song. Med små skritt levde jentene seg inn i songen og byrja å nynne med sjølv. Slik fann dei bokstaveleg tala stemma si.

Det er ei sterk påminning for oss som har ei stemme og fridomen til å bruke den. Det betyr noko når me stemmer i allsong, når me løftar ho i protest mot noko, eller stemmer i ein tale for det som betyr aller mest for oss i livet. Ein konfirmant, den store kjærleiken, eller for mor di når ho døyr.

Det er difor eg vil gje Sundfør honnør for å feire livet i ei vanskeleg tid. Same kor mørk framtida ser ut, er det alltid noko å feire. Og kven veit, kanskje ventar det ein vår bak denne vinteren òg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar