Kommentar

Konverteringsforbodet er strengare enn mange hadde forventa

Då statsråd Anette Trettebergstuen fredag lanserte forbodet mot konverteringsterapi, var det hennar største triumf som kulturminister overfor det skeive miljøet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Korleis skulle Anette Trettebergstuen (Ap) få til det forgjengaren Abid Raja (V) ikkje klarte – ved å få på plass eit forbod mot konverteringsterapi for skeive?

Det har tatt tid å få på plass eit forbod. Frå VGTV sendte sin serie om homoterapi i 2019, har det gått fire år. Det har tatt så lang tid, trass i alle dei negative psykologiske konsekvensane mange skeive har opplevd som følge av konverteringsterapi.

Konkret og tydeleg forbod

Fleire har spekulert i om tidsbruken har hatt bakgrunn i usemje mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet, eller om det har vore vanskeleg å få til eit forbod som ikkje bryt grunnleggande menneskerettar. Det viser seg at tidsbruken har gitt resultat: Forbodet er særs konkret, tydelegare og betre definert enn tidlegare. Det seier òg Elisabeth Meling, leiar i Skeivt kristent nettverk til Vårt Land.

Lanseringa midt under Pride-månaden viser nok at regjeringa og kulturminister Anette Trettebergstuen er fornøgd med sluttresultatet. Den tar i bruk sterke nok verkemiddel til å hindre at skeive nordmenn skal bli utsett slik uakseptabel behandling igjen.

I kristne miljø har det vore usemje om homoterapi. Den norske kyrkja har til dømes støtta forbodet, medan meir konservative aktørar som Espen Ottosen har vore mot. Sistnemnde frykta eit forslag som ville kriminalisere tradisjonell, kristen seksualmoral.

No som forslaget til lov er lansert, ser vi eit lovforslag med strenge straffar. Driv du med konverteringsterapi kan du få bot eller fengsel i inntil 3 år – eller seks år ved grove lovbrot. Det er inga nedre grense for straffeutmåling.

Usemje mellom regjeringspartia

For kulturminister Anette Trettebergstuen var det ein stor politisk siger å kunne lansere eit forbod som vil ramme alle formar for konverteringsterapi. Både vaksne og barn som vert utsett for slik praksis, skal no bli beskytta av lova. Også marknadsføring av konverteringsterapi vert forbode. Personar og organisasjonar kan bli straffa for konverteringsterapi i utlandet.

Lova har hatt fleire og sterkare støttespelarar i Trettebergstuens parti Arbeidarpartiet enn i Senterpartiet. Det er ei kjend sak at Sp har ei større gruppe verdikonservative politikarar, der fleire har vore skeptiske til konsekvensane av eit slikt forbod. Derfor har det òg vore viktig å bruke god tid på å overtyde og møte innvendingane frå desse, slik partia no har gjort.

Kan hindre konverteringsterapi

Fleire har bekymra seg for om lova vil bli utfordra juridisk. Blant lovas støttespelarar i både Senterpartiet og Arbeidarpartiet vert det sagt at dei no er trygge på at lova er innanfor dei grunnleggande menneskerettane i grunnlova. Dei har i sluttarbeidet med lova vore meir bekymra for at det skeive miljøet vil klage på at den ikkje går langt nok. Partia var òg særs opptekne av å vise at dei stod samla bak den nye lova, ved at både Senterpartiets Emilie Enger Mehl og Trettebergstuen lanserte lova saman.

Lanseringa midt under Pride-månaden viser nok at regjeringa og kulturminister Anette Trettebergstuen er fornøgd med sluttresultatet. Den tar i bruk sterke nok verkemiddel til å hindre at skeive nordmenn skal bli utsett slik uakseptabel behandling igjen.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar