Kommentar

Støre splittar, herskar og samlar

Det har skjedd eit taktskifte hos statsminister Jonas Gahr Støre. Han har gått frå å leie ei pressa mindretalsregjering til å køyre strategisk slalåm i Stortinget.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sjølv om Arbeidarpartiets gjennomsnitt på meiningsmålingane foreløpig er lågare for juni enn for mai, er det mange gode grunnar til å sei at mai månad vart eit strategisk vendepunkt i rett retning for statsminister Jonas Gahr Støre.

Først var det landsmøte, der Støre klarte meisterstykket å samle partiet om politikken og lagoppsettinga, samstundes som han viste at Trond Giske betre kan skildrast som ein overvurdert gallionsfigur enn som folkets opprørar.

Styrer landet med nye vener

Sjølv om Arbeidarpartiet på landsmøtet nok var gode til å dekke over dei reelle politiske og personlege motsetningane internt i partiet, var det effektiv partibygging.

Deretter var det soga om den berømte lakseskatten. Alle forventa at Støres regjering ville skaffe fleirtal med støttepartiet SV etter at Høgre, Venstre og KrF forlét forhandlingane om eit breitt forlik.

Heilt ut av det blå kom nyhenda om at det var den bittelille stortingsgruppa til Pasientfokus og partiet Venstre som skaffa fleirtal. Både SV og Høgre stod med lua i hendene medan Støre styrte landet med nye vener.

No skulle partiet igjen snakke til verdiskaparane, ikkje berre vanlege folk. Slik har fleirtalsbygginga i sakene om lakseskatt og havvind gitt vind i segla for den oppdaterte strategien om å snakke meir til dei lyseraude sosialdemokratane.

Det var viktig av fleire grunnar.

For det første treng Støres regjering sårt andre støttespelarar i Stortinget enn berre SV. I boka L’arte della guerra (norsk: krigskunst) frå 1521, skriv Niccolò Machiavelli at «ein kaptein bør streve etter å med kvar handling splitte motstandaren sine styrkar». Det er kjernen i den berømte «splitt og hersk»-strategien som har gjennom hundreåra har vore ein effektiv maktstrategi. Det er grunn til å tru at kaptein Støre har lese sin Machiavelli. I alle fall har folk rundt han gjort det. Måten støttepartiet SV vart utmanøvrert til fordel for Venstre og Pasientfokus er eit glitrande eksempel på bruk av denne strategien.

Solberg plassert på sidelinja

For det andre vart Erna Solbergs Høgre plassert heilt på sidelinja. Som det per no største partiet i norsk politikk, er Høgre avhengige av å vise veljarane at dei er klare til å trå inn og styre landet når som helst. I debatten om lakseskatt har partiet likevel plassert seg sjølv heilt på sidelinja og snakka med låg mumling om alternative løysingar. Det er få som trur at partiet reelt sett vil reversere skatten viss dei vinn makta i 2025, fordi det vil koste for mykje. I så fall må dei kutte meir i offentlege utgifter enn dei hittil har vore villige til.

Så kom soga om regjeringa si satsing på offshore havvind. Heller ikkje her vart Høgre med på noko breitt forlik, men igjen overraska Støre med å skaffe eit breiare fleirtal. Som mange veit har Støre pleia kontakten med KrF-leiar Olaug Bollestad, som no viste seg å ha vore ei god investering. I tillegg til dei vanlege budsjettkameratane Ap, Sp og SV fekk regjeringa støtte til strategien av MDG og KrF. Igjen klarte Støre å hente støtte frå sentrumsparti, og dermed markere avstand til Raudt på ytste venstre flanke.

Det gjenstår sjølvsagt å sjå om Støres «splitt og hersk»-strategi fungerer opp mot veljarane, men det er denne politiske råskapen som har mangla i hans politiske prosjekt. No er den her. Det vil forundre mange om det ikkje gir effekt.

Det kan også likne på historia som skjedde då Raudt vart ståande utanfor det store Nansen-programmet til Ukraina, der dei måtte gå ei pinleg strafferunde innom sitt eige landsmøte før dei fekk stille seg bak det breie forliket som sjølv Pasientfokus var ein del av.

Då Jonas Gahr Støre heldt si nyttårstale var det fleire som etterlyste at rådgjevarane skulle «sleppe han fri», der statsministeren sat ukomfortabelt i ein sofa og såg inn i kamera. Fleire spekulerte i at det skjedde fordi rådgjevarane ville framstille han som meir folkeleg. Støre burde få stå stivt på ein talarstol og snakke med alvorleg ansikt, viss det er hans ekte veremåte.

Politisk råskap som har mangla

Akkurat slik kan det også verke som strategane i Arbeidarpartiet no har tenkt om Støres politiske profil. Mange reknar Støre som meir sentrumsorientert i sitt politiske syn enn mange av partifellane. Hans politiske hjarte ligg nærare sentrumspartia enn Raudt.

Frå han vart partileiar til i dag har Jonas Gahr Støre blitt kritisert av Høgre for å ta partiet til venstre, spesielt i den økonomiske politikken. Ein del av historia er at Støre ved å ta partiet mot venstre slik distanserte seg frå bakgrunnen som rik arving med utdanning frå Science Po i Paris. Det er sjølvsagt stor usemje om det er grunnlag for denne kritikken, men uavhengig av det er det liten tvil om at påståtte venstredreiing ikkje har gitt partiet etterlengta vekst.

Det forstod Aps sentralstyre då dei rett etter nyttår la om strategien. No skulle partiet igjen snakke til verdiskaparane, ikkje berre vanlege folk. Slik har fleirtalsbygginga i sakene om lakseskatt og havvind gitt vind i segla for den oppdaterte strategien om å snakke meir til dei lyseraude sosialdemokratane.

«Splitt og hersk»-strategien kan vel så mykje handle om å samle eit breitt fleirtal for framtida på sentrum-venstre i norsk politikk. Det er nok også grunnen til at Støre held fram med sine visittar til partileiarar som Olaug Bollestad. Fordi sentrumspartia også veit at Høgre aldri kjem til å gå i regjering utan Frp.

Det står att sjølvsagt å sjå om Støres «splitt og hersk»-strategi fungerer opp mot veljarane, men det er denne politiske råskapen som har mangla i hans politiske prosjekt. No er den her. Det vil forundre mange om det ikkje gir effekt.




Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar