Kommentar

«Vi må slutte å bagatellisere homohat»

Opne skeive er blitt så vanleg at vi kanskje er i ferd med å gløyme at dei går gjennom heilt uvanlege ting. Majoriteten kan bli blinde for skeives situasjon.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Igjen er det juni. Igjen er det Pride. Igjen flaumar kommentarfelt over av utilslørt homohets.

Og igjen gløymer vi i majoritetsbefolkninga at det denne denne minoriteten går gjennom er meir belastande, slitsomt og farleg enn vi klarar å førestille oss.

Majoriteten er blinde for skeives situasjon

Det såg vi til dømes då NRK fredag morgon publiserte ei sak om all homohetsen arrangørane av Pride i Bodø hadde fått den siste tida. I saka som skildrar enkelte hetsande kommentarar av typen «Pride er ekkelt å se på» og «Det neste blir vel en pedofil-festival?», klarar også NRK å vise kor blinde dei er for situasjonen til skeive.

At ein seriøs nyheitsredaksjon som NRK legitimerer omtale av Pride som «tull» på denne måten, er berre mogleg viss majoriteten er blind for minoritetens situasjon

—  Emil André Erstad, kommentator

I ei lettbeint avstemming midt i artikkelen spurte rikskringkastaren om kva folk meiner om Pride. Eit av tre alternativ var «Tull, hele greia». Etter å ha vore tilgjengeleg heile fredagsmorgonen vart avstemminga fjerna frå NRKs nettsak kring klokka 09.30. Til då hadde nesten 8000 lesarar avgitt stemme. 19 prosent av dei hadde svara at Pride var «tull».

Det er nesten ikkje til å tru at NRK bles i hundefløyta på denne måten. Derfor var det også bra at kanalen etter kvart endra artikkelen, sjølv om det definitivt burde blitt plukka opp før den vart publisert og ikkje fleire timar etter.

At ein seriøs nyheitsredaksjon som NRK legitimerer omtale av Pride som «tull» på denne måten, er berre mogleg viss majoriteten er blind for minoritetens situasjon.

Skjermdump av NRK.no

Vi som ikkje er skeive er ofte blinde for det hatet, den kritikken og den hetsen mange skeive opplever kvar einaste dag.

Den feilen NRK gjorde denne morgonen kunne mange andre ha gjort. Det viser at vi har ein lang veg å gå med å ikkje bagatellisere homohat.

—  Emil André Erstad, kommentator

Etter å ha skrive denne kommentaren her, til dømes, vil eg kanskje få nokre negative reaksjonar frå enkelte lesarar – for meiningane mine. Det kan likevel ikkje måle seg med det homofile kommentatorar opplever om dei skriv om Pride. Som døme kan vi bruke Bergens Tidendes kulturredaktør Jens Kihl som onsdag skreiv ein kommentar om avlysinga av Redd Barnas Pride-arrangement i Bergen med tittelen: «Homohatarane vann denne runden òg. Skal det verkeleg vere slik kvar gong?»

Mange kunne trådd feil

Fredag morgon delte Kihl på Twitter ope om reaksjonane han hadde fått: «Som vanleg veltar det inn med stygge ord og hat når eg skriv om skeive», fortalde han følgarane. «Det er eit demokratisk problem når ein minoritet får det slik. (...). Eg er ein kvit cis-mann med godt betalt, trygg jobb i ei av landets største aviser. Eg er berre tilfeldigvis homo. Når eg kan oppleve det som tøft å stå i desse debattane, korleis er det då for andre?», reflekterte han vidare.

Berre fordi dei fleste av oss har skeive i familien, i venegjengen eller på arbeidsplassen – at det har blitt så vanleg at mange ikkje lenger hevar eit augebryn – betyr det ikkje at vi ikkje lenger må ta omsyn til det sterke presset, all hetsen og hatet som denne minoriteten framleis blir utsett for.

Den feilen NRK gjorde denne morgonen kunne mange andre ha gjort. Det viser at vi har ein lang veg å gå med å ikkje bagatellisere homohat.

Oppdatering 13.28: Vårt Land har publisert ein annonse frå organisasjonen MorFarBarn som tidvis har kome opp i denne artikkelen. Eg er usamd i innhaldet i den annonsen, men viser til publisher Bjørn Kristoffer Bore som har ansvar for Vårt Lands kommersielle vurderingar.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar