Kommentar

Sentrum i norsk politikk kan bli ståande heilt utan makt

Ikkje sidan stortingsvalet i 1977 har sentrumspartia hatt mindre makt enn dei ville fått med Vårt Lands siste måling.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sentrum som politisk kraft i norsk politikk er noko ganske anna i dag enn då Kjell Magne Bondeviks sentrumsregjering regjerte på slutten av 90-talet. Likevel er det framleis forskjell på om Ap og Høgre kan styre ei sjølvstendig blokk på kvar si side av norsk politikk, eller om dei treng partia som identifiserer seg meir mot midten. Slik sett kan vi snakke om KrF, Senterpartiet, Venstre og MDG som dei noverande sentrumspartia på høgre-venstre-skalaen i Norge.

Høgres suksess minkar sentrumsmakta

På Vårt Lands siste måling treng ikkje Høgre støtte frå andre enn Framstegspartiet for å danne regjering. Dei to partia har til saman 85 mandat. Det skuldast mest av alt Høgres eventyrlege vekst til eit parti stabilt over 30 prosent. Viss det skulle bli resultatet i stortingsvalet om litt meir enn to år, vil det ikkje bli mogleg å stable andre realistiske fleirtal på beina.

Etter 2021-valet var situasjonen heilt annleis, der eit sentrumsparti (Senterpartiet) har hatt relativt stor påverknad på norsk politikk ved å sitte i regjering med Arbeidarpartiet. Under Erna Solberg frå 2013 var det på same måten, der sentrumspartia KrF og Venstre sat med hendene på rattet saman med Høgre og Frp. Sjølv dei gongene Ap styrte åleine dei siste tiåra – til dømes mindretalsregjeringa til Jens Stoltenberg i 2000, Thorbjørn Jaglands regjering i 1996 og Gro Harlem Brundtland tidleg på 90-talet – var dei avhengig av støtte frå opptil fleire sentrumsparti. Det same gjaldt Syse og Willoch.

Katastrofalt viss det blir valresultatet

Vi må derfor heilt tilbake til stortingsvalet i 1977 – då Ap med minst mogleg margin redda fleirtalet takka vere to mandat til SV – for å finne eit tidspunkt der sentrum har vore lenger unna makta enn på Vårt Lands siste måling.

For KrF og Venstre ville valresultatet vore katastrofalt. Openbert for KrF som igjen hamnar under sperregrensa, men også Venstre som bergar seg over ville hatt lite å bruke stortingsmandata på.

For alle som er opptekne av sentrumspartia i norsk politikk kan det bli nervepirrande å følge meiningsmålingane fram mot 2025-valet.

—  Emil André Erstad, kommentator

Eit spenningsmoment er kva tankar partistrategane i Høgre tenker om dagen. Erna Solberg held fast på bodskapen om at ho ønsker ei breiast mogleg borgarleg regjering. Men kva om ho ikkje treng Venstre og KrF for å styre eller få gjennom politikken sin? Kvifor skal ho då inngå smertefulle kompromiss med dei to mindre partia?

Det er grunn til å tru at Høgre forstår forskjell på val og meiningsmålingar, og derfor vil strekke seg langt for å få med KrF og Venstre i eit breitt borgarleg samarbeid. Det viste partiet i åra før 2013 og etter at dei kom i regjering. Samstundes viste også åra i regjering at KrF og Venstre i liten grad klarte å samarbeide godt med Framstegspartiet.

Nervepirrande fram mot 2025

Dersom fleire målingar fram mot 2025-valet viser liknande resultat kan det bli ein strategisk diskusjon i Høgre. Frå før veit vi jo at lysta på å styre med KrF og Venstre er særs liten i Frp. Partiet ser no også ut til å styrke seg, på bekostning av makta til sentrumspartia.

Situasjonen ville vore spesielt ille for KrF. Partiet har ei rekke hjartesaker som dei andre partia neppe ville gitt gjennomslag for, viss dei ikkje absolutt trong stemmene til KrF. Det kan vere saker som gen- og bioteknologi eller kristendommens rolle i samfunnet. Det er store grupperingar i Høgre som er mindre villege til å gje KrF slike gjennomslag.

For alle som er opptekne av sentrumspartia i norsk politikk kan det bli nervepirrande å følge meiningsmålingane fram mot 2025-valet.






Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar