Kommentar

Berre rike studentar til Noreg

UTDANNINGSPOLITIKK: Til hausten blir det rådyrt for utlendingar å studere i Noreg. Med mindre du er stinn av gryn, bur i Sveits eller kjem frå eit av landa i EØS.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Prinsippet om gratis utdanning har stått sterkt i Noreg. Grunnskulen er gratis. Det same er den vidaregåande skulen. Og dersom du ønsker å studere ved ein norsk høgskule eller eit universitet, er det også gratis – bortsett frå pengane som går med til skulebøker, kost og losji.

Fram til no har det vore gratis også for internasjonale studentar å studere ved høgskular og universitet i Noreg. Det har skapt solide, internasjonale læringsmiljø til inspirasjon og nytte for den enkelte student, dei ulike læringsstadane og norske arbeidsgivarar som har rekruttert skarpe, nyutdanna hovud i etterkant.

Frå hausten ser biletet annleis ut. Regjeringa vedtok i fjor haust å innføre studieavgift for studentar som kjem til Noreg frå andre land enn Sveits og EØS. Vedtaket blei før helga halde oppe i revidert statsbudsjett. Dersom ikkje Stortinget gjer kuvending før sommarferien, blir studielandet Noreg eit land for nordmenn, europearar og folk frå dei rikaste familiane i resten av verda.

Annleis kan det ikkje bli når studieavgifta for eitt år på den norske skulebenken fort nærmar seg ein halv million kroner. Heretter kan det altså koste ein million kroner å ta visse mastergradar her til lands. Og det kostar tre millionar kroner å utdanne seg til lege – om du er ikkje-europeisk utlending, vel å merke. Nordmenn, sveitsarar og EØS-borgarar kan framleis nyte retten til gratis utdanning her til lands. Afrikanske, amerikanske og asiatiske studentar må derimot bla opp så det svir om dei vil komme til Noreg for å studere.

Dersom ikkje Stortinget gjer kuvending før sommarferien, blir studielandet Noreg eit land for nordmenn, europearar og folk frå dei rikaste familiane i resten av verda.

—  Alf Kjetil Walgermo

Aldri for seint å snu

Misnøya med regjeringa sitt vedtak er stor både blant studentar, læringsinstitusjonar og fagforbund. Mange hadde eit løynleg håp om at ting skulle rettast opp i det reviderte statsbudsjettet. No får dei misnøgde sette liten sin til mottoet om at det aldri er for seint å snu, om det så skulle skje i den siste time. Masterstudentane i biletkunst ved Kunsthøgskulen i Oslo har brukt heile avgangsutstillinga si til å protestere mot studentgifta. Utstillinga «Free Education for All: It´s not too late to Change Your Mind» opna i førre veke på Kunstnernes Hus i Oslo. Nettopp kunstnarane forstår kanskje betre enn nokon kor viktig det er med kontaktar over landegrensene og eit internasjonalt læringsmiljø.

Regjeringa forsvarer vedtaket med at vi berre gjer mot andre som andre gjer mot oss. Også nordmenn må betale studieavgift om vi vil studere i andre verdsdelar og ikkje er ein del av eit finansiert utvekslingsprogram. Og kanskje er det berre rett og rimeleg, når ein tenker på det: Kvifor skal vi tilby gratis utdanning til folk frå heilt andre delar av verda? Er ikkje det snillisme av verste sort, som regjeringa no omsider har sett ein stoppar for? Med den nye ordninga får vi ganske sikkert ein god del færre studentar frå land som Kina, Iran, USA, Pakistan, India, Russland, Syria og Bangladesh. Er ikkje det ein god ting?

Set internasjonal profil i fare

Svaret i Kunnskapsdepartementet og på Stortinget har tydelegvis vore ja. Det synest vanskeleg å forstå.

Eg forstår jo at det er tøffe tider, at ein må prioritere hardt mellom ulike budsjettpostar, at norske velferdstenester ikkje kan vere tilgjengelege for heile verda og at ein kan spare inn nokre hundre millionar kroner ved å la rike utlendingar betale for seg.

Men eg forstår ikkje at forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vågar å sette på spel den internasjonale profilen til framståande norske utdanningsinstitusjonar. Det er sterk grunn til å frykte at Noreg gjer seg sjølv ei bjørneteneste ved å legge hindringar i vegen for fruktbare, internasjonale læringsmiljø.

Men kanskje er vi nøgde med å vere oss sjølve nok, drygt 150 år etter at Peer Gynt lærte kor gale det då kan gå?

Forslag med manglande solidaritet

Lite forståeleg er også den mangelfulle solidariteten i forslaget frå den arbeidarpartistyrte regjeringa. No blir mange unge fråteken høvet til å skaffe seg ei god utdanning og bidra til fellesskapet gjennom kompetansen dei kunne fått her til lands. Denne måten å dele av goda våre på, skal altså strupast. Og det er vel heller ikkje slik at regjeringa no gjer norske studentar ei kjempeteneste ved at det blir lettare for dei å komme inn på ein del populære studium? Nei, det vi sit att med, er pengane: 1,2 milliardar – og ei rad med nedbrotne sjeler.

Ein kunne ta seg i å sakne slagordet «mennesker, ikke milliarder», men Høgre har heller ikkje vist motstand mot regjeringa sitt vedtak i Stortinget. Også det litt pussig. Det er neppe god næringslivspolitikk å redusere tilgangen til best mogleg internasjonal kompetanse for bedriftene. Det er som å sette ein milliard kroner i banken i staden for å investere pengane til beste for framtida.

Så då kan vi vel berre ha det så godt. Frå hausten av vil vi berre ha rike studentar til Noreg. EØS-arane. Sveitsarane. Og oss sjølve, så klart. Så blir det spennande å sjå kor lenge dette prinsippet vil stå, om gratis utdanning for dei mest privilegerte.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar