Kommentar

«Forventningane til Erdogans utfordrar er urealistisk store»

Erdogans etterfølgar som president i Tyrkia vil ikkje få nokon enkel jobb med å innfri forventningane frå liberale tyrkarar, Europa og Nato.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

På søndag er første omgang i det tyrkiske presidentvalet og valet til ny nasjonalforsamling. Det valet finst det minst to større forteljingar om.

Den eine forteljinga lyder slik: Recep Tayyip Erdogan var den populære Istanbul-ordføraren som vart dømd til fengsel for å ha lese eit religiøst dikt i 1997, som deretter klarte å komme tilbake og dominere tyrkisk politikk i fleire tiår. Han gjorde Tyrkia stort, skapte økonomisk framgang og vann attende respekten for islam i det tyrkiske samfunnet.

Dei som tenkjer slik, ser seg sjølv som religiøse nasjonalistar. Det er den viktigaste maktbasen til sittande president Erdogan.

Uortodoks økonomisk politikk

Den andre forteljinga er nesten motsett. Her er Erdogan ein diktator som har kasta Tyrkia ut i eit økonomisk og politisk uføre på grunn av eigenrådige, gammaldagse og lite kunnskapsorienterte haldningar. Mellom anna meiner Erdogan at lågare renter vil gje lågare prisvekst – stikk i strid med all konvensjonell kunnskap. Denne gruppa legg derfor – mellom anna – skulda på presidenten for den skyhøge prisveksten i landet. I fjor nådde den 85 prosent.

Det manglar i det heile tatt ikkje på lovnadar frå Erdogans utfordrar

—  Emil André Erstad, kommentator

Berre få dagar før første valomgang viser målingane at den samla opposisjonen mot Erdogan kan vere optimistiske. Nett no ligg det an til at opposisjonskandidaten til presidentvervet – Kemal Kiliçdaroglu – vil få mest støtte i første valomgang. Han vil neppe få meir enn 50 prosent i første runde, og dermed vil han måtte møte Erdogan ein gong til to veker seinare – søndag 28. mai.

Opposisjonen hindrar valjuks

Parlamentsvalet – som føregår samstundes – vil opposisjonen med all sannsyn vinne.

Det er eit interessant trekk ved eit land mange har rekna som autoritært dei siste åra. Den liberale opposisjonen har slagkraft nok til å mellom anna hindre valjuks, slik dei gjorde då Istanbul valde ny borgarmeister i 2019. Det skjedde ved at opposisjonens representantar overvaka alle stemmelokala. Det same vil dei i stor grad forsøkje på søndag.

Kiliçdaroglu er ingen kven som helst i Tyrkia. 74-åringen er ein veteran i det store og statsberande partiet CHP – Erdogans hovudmotstandar.

Mange lovnader frå Erdogans etterfølgjar

Trass i at Erdogan har ført Tyrkia i stadig meir autoritær retning dei 20 åra han har sitte med makta, er det den vaklande økonomien som har vore opposisjonens hovudkritikk. Kiliçdaroglu har lova å gjere store endringar i den økonomiske politikken. Mellom anna vil han gjenopprette sjølvstendet til den tyrkiske sentralbanken.

Det manglar i det heile tatt ikkje på lovnader frå Erdogans utfordrar.

Kiliçdaroglu har også lova å endre på Erdogans autoritære styre, men dette kan bli vanskelegare. Etter folkeavstemminga i april 2017 sikra Erodogan seg meir makt etter at folket – med knapt fleirtal – stemte for 18 endringar av grunnlova. Tyrkia hadde fram til då vore eit parlamentarisk system, men Erdogan gjorde det om til eit presidentstyre utan statsminister. Slik sikra han seg meir makt.

Det er den makta Kiliçdaroglu eventuelt vil måtte overta viss han vinn på søndag. No seier Kiliçdaroglu og alliansen bak at dei ønsker å gå bort frå dette systemet, slik at Tyrkia igjen skal bli styrt av ein statsminister som må svare for eit mektig parlament i Ankara.

Lauslating og frislepp

Eit anna problem opposisjonen ganske fort vil måtte løyse, er alle dei politiske fangane som sit fengsla. Kiliçdaroglu har sagt at han vil lauslate nokre av dei mest profilerte fangane som si første ordre – viss han blir president. Det inkluderer menneskerettsforkjemparar som Osman Kavala og den kurdiske leiaren Selahattin Demirtas.

Kiliçdaroglu har også lova å gjenopprette rettsstaten, ved å sikre frie og uavhengige domstolar. Det same gjeld ytringsfridomen og den sterke kontrollen med tyrkisk media. I dag kontrollerer styresmaktene dei fleste større redaksjonane i Tyrkia.

Vi kan jo håpe at Kemal Kiliçdaroglu vil klare å snu Tyrkia bort frå den autoritære tendensen landet har hatt dei siste åra. Alt tyder på at Tyrkia vil bli eit betre land å bu i for dei aller fleste, viss han vinn.

—  Emil André Erstad, kommentator

Problemet med alle desse lovnadane er at Kiliçdaroglu – i motsetnad til Erdogan – ikkje har eit enkelt parti bak seg i opposisjonsalliansen. I tillegg til det sekulære partiet CHP er det fem andre parti som støttar å skifte ut Erdogan, men desse sprikar i mykje av politikken dei ønsker å føre. Nokre av dei er islamistiske og andre ultranasjonalistiske.

Forventningane kan bli vanskelege å innfri

Dei er samde no om å vere mot Erdogan. Men kva skjer etterpå?

Dessutan vil ikkje dei Erdogan-lojale i alle moglege institusjonar forsvinne over natta i Tyrkia. Det vil ta tid.

Vi kan jo håpe at Kemal Kiliçdaroglu vil klare å snu Tyrkia bort frå den autoritære tendensen landet har hatt dei siste åra. Alt tyder på at Tyrkia vil bli eit betre land å bu i for dei aller fleste, viss han vinn.

Det er likevel ein risiko for at forventningane om kva han kan få til, vil overgå det manøvreringsrommet han har som politikar.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar