Kommentar

Slik var våpendebatten i Raudt

Berre sjølve debatten om våpenstøtte på Raudt-landsmøtet kan skremme folk bort frå partiet. Dersom partiet også stemmer for å stå fast på motstanden, vinkar partiet farvel til strategien om å bli breiare.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Rundt klokka 15.00 laurdag ettermiddag var det tid for den saka både pressebenken og mange av delegatane på Raudt-landsmøtet hadde venta på: Vil partiet snu i synet på å støtte Ukraina med norske våpen?

Debatten ei pine for leiinga

Då debatten byrja sat leiinga og partiets mange kommunikasjonsfolk og beit neglar gjennom debatten laurdag. Ikkje først og fremst på grunn av resultatet, men kva delegatane kunne finne på å sei frå talarstolen – kringkasta for open mikrofon framfor eit samla pressekorps. Etter kvart såg Moxnes og dei andre ut til å senke skuldrene over at den mest ekstreme og pro-russiske retorikken ikkje slo til.

Det var før fleire av dei mest ekstreme innlegga vart haldne, og ordstyrarbordet vart tvungne til å minne salen om at det var barn til stades ved å sei: «Ikkje ver så sinte frå talarstolen».

Sjølv om Raudt liknar meir på eit vanleg norsk parti no, enn dei gjorde for eit tiår sidan, er partiet framleis ikkje som alle andre. Det som vart sagt frå talarstolen utover ettermiddagen viste det med all tydelegheit.

Einaste parti mot våpenstøtte

Dagen før – fredag – holdt partileiar Bjørnar Moxnes si viktigaste tale som Raudt-leiar. Etter å ha snakka lenge om «kampen mot forskjells-Norge» og Raudts suksess, gav han tydelege råd til partiet om Ukraina-politikk. For han handlar våpenspørsmålet om Raudt skal vere eit parti for arbeidsfolk flest eller eit særinteresseparti ytst på venstresida.

For ein del av delegatane som var motstandarar mot våpenstøtte, kunne det verke som dei ønskte at Raudt var eit mykje mindre parti som dermed kunne sleppe å ta stilling til verkelege hendingar som krigen i Ukraina.

—  Emil André Erstad, kommentator

Då debatten om våpenstøtte var i gong laurdag ettermiddag, steig temperaturen umiddelbart.

«Test av evne til å stå i motvind. Vi er det einaste partiet i Norge som klarar å stå i mot», sa sentralstyremedlem Mariette Lobo spørsmålet om våpenstøtte til Ukraina. Andre som var motstandarar av våpenstøtte til Ukraina la seg på same linje: «Våpen forlengar lidinga» og «retorikken for våpeneksport er moraliserande».

Navlebeskuande og indremedisinsk

Felles for fleire av innlegga mot våpenstøtte var at dei appellerte til navlebeskuande, indremedisinske og interne argument på Raudt-landsmøtet. Det verka som om krigen i Ukraina for dei er ein tenkt situasjon dei som marxistisk kollokviegruppe kunne velje å ta stilling til.

Fordi våpenspørsmålet er eit spørsmål som i ytste konsekvens handlar om liv og død, var det sterke frontar under debatten. Det var likevel påfallande mange av delegatane som – etter kva dei sjølv sa – hadde tvilt seg fram til å støtte leiinga sitt forslag om å gje Ukraina våpen.

Blant desse var delegat frå Horten Raudt, Terje Randem, som sa: «Det held ikkje med peace and love og fredsmarsjar. Viss vi skal støtte den arbeidarklassen som dør i Ukraina, må vi for pinadø sørge for at dei har ein moglegheit til å forsvare seg».

Ingen reklameplakat for Raudt

«Å vere prinspiell når du høyrer på historiane frå ukrainske flyktningar, går ikkje», sa delegat Silje Alise Ness frå Møre og Romsdal som jobbar på eit asylmottak – og som argumenterte for å støtte leiinga.

Tom Kenneth Johansen frå Raudt Dønna i Nordland hadde tvilt seg fram til å støtte leiinga: «Ukrainarane vi har på Dønna ønsker å dra heim til eit fritt Ukraina. Forutsetningane for at krigen kan ende på forhandlingsbordet er at Ukraina ikkje er okkupert»

Debatten var definivt ingen reklameplakat for Raudt blant folk flest. Som til dømes då fleire delegatar snakka om NATO på ein måte som openbert var konspiratorisk og mistenksam.

NATO-skepsis og konspirasjonar

Det gjorde til dømes delegat Malena Strømmen Malakzadeh frå Ålesund då ho sa at krigen blir løyst med forhandlingar «viss ikkje NATO motset seg det». Delegat Brigt Kristensen kalla NATO og Jens Stoltenberg «den store skammen for landet vårt, som Raudt burde markert seg mot».

Ein annan kalla våpenstøtta for ein del av USA sin plan for å auke makta si i verda. Delegat Andreas Hjelle sa mellom anna at «eg er ikkje einig med regimet i Iran i mykje, men eg er einig i at USA er ‘Den store satan’ i verda i dag».

Kanskje følger landsmøtet delegaten som sa at «så lenge vi nekter å støtte Ukraina med sjølvforsvar, er Raudt udefinert frå debatten».

—  Emil André Erstad, kommentator

«Våpen er ikkje vegen til fred, slik krigsforbrytaren Jens Stoltenberg har sagt det», sa Siavash Mobasheri frå Oslo Raudt. Krigsforbrytarar pleier jo å hamne i Haag. Tidlegare på dagen opna Mobasheri for å bli del av Ap-byrådet i Oslo etter kommunevalet i haust.

Utdefinert så lenge Raudt ikkje snur

For ein del av delegatane som var motstandarar mot våpenstøtte, kunne det verke som dei ønskte at Raudt var eit mykje mindre parti som dermed kunne sleppe å ta stilling til verkelege hendingar som krigen i Ukraina.

For Bjørnar Moxnes og leiinga må debatten ha vore ei pine å følge. Den var eit brot med den strategien partiet har følgd for å bygge partiet breiare dei siste åra.

Kanskje følger landsmøtet delegaten som sa at «så lenge vi nekter å støtte Ukraina med sjølvforsvar, er Raudt udefinert frå debatten». Viss ikkje vil partiet med debatten og vedtaket ha vinka farvel til Bjørnar Moxnes linje for partiet.






Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

VL anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar