Kommentar

«Ei god vaksine mot å polarisering er å la seg inspirere av ungdommane i Asbury»

Det blir inga vekking av å invitere Carl I. Hagen på sommarstemne, eller når DNK freistar stoppe Norges leiting etter olje.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Håpet om at det skal kome ei livsforvandlande vekking til bygda, byen og landet vårt, stod sterkt i dei karismatiske miljøa som eg voks opp i. Ja, denne rørsla er gjennomsyra av ei optimistisk grunntone om at noko vedunderleg skal skje snart.

For komfortabelt for vekking

Framleis møter eg trufaste karismatikarar som håpar og trur at vekkinga er nær. Dei byrjar å trekke på åra. Nokre mimrar tilbake til «vekkelseslufta» som for gjennom lokalet då Aage Samuelsen spelte opp til dei segnomsuste vekkingsmøta på 60-talet, eller då den hippieinspirerte Jesus-bevegelsen tok landet med storm på 70-talet. Eller då Enevald Flåten starta Jæren kristne senter på 80-talet og stod i bresjen for ei kristenkarismatisk bølge som skylde inn i 90-talet og forma seg til Norges største frikyrkjelege forsamling, Levende Ord.

Sjølv har eg trekt på smilebandet når eg høyrer vaksne folk tru og be om at Norge må vekkast igjen. Den personlege og livsforvandlande vekkinga er vanskeleg å oppnå når dei fleste av oss har det så komfortabelt som me har det i Norge. Då er det meir nærliggande å tenke seg ei sosial vekking med omvending frå eit miljøuvennleg liv. Men det har Den norske kyrkje prøvd på i fleire år no, utan dei heilt store resultata.

Ingen kupp i Asbury

I februar i år oppstod det ei vekking i den vesle landsbyen Wilmore i USA som har fått stor internasjonal merksemd. Ei skulegudsteneste ved Asbury University utvikla seg til ei 10 dagar lang lovsong- og bønestund. 100.000 menneske frå heile USA og mange land skal ha vore innom.

Det spesielle med denne vekkinga var at det blei jobba hardt for at ho ikkje skulle bli kuppa og tatt til inntekt for ei særskild trusretning eller eit politisk syn. Då Tucker Carlson, ein av USAs mest kjente tv-kommentator frå høgresidas største tv-kanal, Fox News, planla å besøke Asbury, vart han på ein fin måte beden om ikkje å kome. Fox News respekterte ønsket og hylla dei unge i Asbury for å halde fokus på å lovprise Gud.

I ei reportasje frå Christianity Today, kan me lese at dei få som kom med politiserande eller teologisk splittande handlingar, vart viste bort. Ein gateevangelist med ei T-skjorte med antihomo-bodskap vart til dømes bortvist. Ein annan som bad høgt og aggressivt, var beden om å gå ut. Dei ville verne om Guds milde kjærleik som prega rommet.

At dei unge i Asbury-vekkinga vender seg vekk frå den amerikanske støyen, beveger meg

—  David Sviland, gjestekommentator

Også Sofie Braut hyllar vekkinga i ein kommentar i Vårt Land. Eg blir glad og optimistisk over at eit kristent fenomen skapar begeistring både hjå konservative Braut og ein liberalar som meg sjølv. Dessverre klarar ikkje Braut å la vere å trekke inn sine eigne kjepphestar i kommentaren sin. Ho brukar spalteplassen på å repetere kor vanskeleg det er for konservative i Stavanger bispedømme og kor utsette dei er for angrep frå den lokale kultureliten (Tore Renberg) og regionsavisa (Stavanger Aftenblad). Det er jo nettopp slike vonde diskusjonar dei unge i Asbury viseleg lar ligge.

Eit USA på veg ned

At dei unge i Asbury-vekkinga vender seg vekk frå den amerikanske støyen, beveger meg. Det er ikkje enkelt for unge amerikanarar å sjå lyst på framtida. Pilene peikar verkeleg nedover i USA. Norsk-amerikanaren Thomas Seltzer har over fleire år meldt om kor dårleg det står til i USA gjennom to dokumentarsesongar, tv-reportasjar og no boka Amerikansk karmageddon som kom ut i 2022.

Seltzers varemerke er å fortelle om elenda med glimt i auget. Men når han tar for seg polariseringa i siste episode av tv-programmet UXAs siste sesong, er konklusjonen bekmørk: «Den første amerikanske borgarkrigen handla i det store og det heile om demokratiets framtid i USA. Det trur eg også den komande amerikanske borgarkrigen vil gjere. Men denne gongen er eg ikkje sikker på om demokratiet kjem til å vinne».

I dette dystre landskapet gjev vekkinga i Asbury meining og håp. Her blir frelsa konkret og naudsynt.

—  David Sviland, gjestekommentator

Medan Seltzers dokumentarar gjev oss unike innblikk i enkeltskjebnar, kjem Jon Hustad med oppdaterte tal på kor dårleg det står til i ein kommentar i Dag og Tid. Hustad fortel at urovekkande mange amerikanarar er så feite, rusavhengige og sjuke at dei ikkje kan jobbe. Berre 62,4 prosent av dei mellom 20 og 66 år er i arbeid, trass i at det finst 11 millionar ledige jobbar i USA no. Den dårlege helsa syner seg òg i levealderen som har gått nedover sidan 2014.

Dårleg kombinasjon

I dette dystre landskapet gjev vekkinga i Asbury meining og håp. Fridom frå skjermavhengigheit, psykiske lidingar, rus og einsemd er høgaktuelt i USA. Her blir frelsa konkret og naudsynt. Men det er det antipolitiske og antipolitiserande som gjev meg mest håp. Politikk og religion er ein dårleg kombinasjon. Då Enevald Flåten og Levende Ord omfamna Frp og inviterte Carl I. Hagen til sommarstemne, blei det vanskeleg å vere sosialdemokrat i den karismatiske rørsla.

Sommarstemnet blir rekna for å vere starten på slutten for Levende Ord. Når Den norske kyrkja tar side i politisk omdiskuterte spørsmål, til dømes om Norge skal halde fram med å leite etter olje, er det nok mange kyrkjegjengarar som får litt betre samvit. Men det oppstår ingen samlande kristenpolitisk vekking av den slags.

Vekkinga i Asbury gjev 1-0 til mine karismatiske vennar som framleis trur og håpar på vekking i vår moderne tid. Heldigvis er det ikkje like gode kår for vekking i Norge. Enn så lenge.

Ei god vaksine mot å bli like polariserte som amerikanarane, er å la seg inspirere av ungdommane i Asbury og sjå kvarandre med Guds blikk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar