Kommentar

«Høgres mumling om skatteflyktningane skjuler ei ideologisk krise»

Det ligg ei borgarleg krise og ulmar under overflata på Høgres landsmøte, som kanskje først vil slå ut i full blomst den dagen Erna Solberg går av. Den kjem tydeleg til syne i mumlinga om skatteflyktningane i Sveits.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nett no oppfører Høgre seg som eit parti der Erna Solberg skal leie dei for alltid. Partiet som er samla til landsmøte i helga snakkar som om partileiaren aldri skal gje seg.

Trampeklappa etter talen hennar på landsmøtet fredag, ville fått fram eit blikk fullt av misunning sjølv hos leiarar som Fidel Castro.

Høgres mumling om Sveits-flyktningane

Så massiv er heltedyrkinga av Erna Solberg i Høgre at viktige ideologiske diskusjonar om innhaldet i borgarleg politikk, har forsvunne. Solberg har lenge skugga over den djupe ideologiske kløfta som pregar både Høgre og resten av borgarleg side.

Til dømes: Kva er eigentleg Høgres syn på skatteflyktningane i Sveits – sånn djupt ideologisk?

Åra i regjering frå 2013 til 2021 samla Høgre rundt eit prosjekt på fire bokstavar: Erna. Spørsmålet er kor samla ideologisk partiet er den dagen ho trer til side

—  Emil André Erstad, kommentator

I valkamp etter valkamp har dei gått til val på Team Erna med plakatar, bilete og videoar av den populære og folkekjære bergensaren. Ho er så populær at ho knapt hadde noko val om å ta attval som Høgre-leiar på landsmøtet. Sidan 2021-valet har partiet henta 300.000 veljarar, og verkar som det best organiserte og samla i landet.

Likevel: Er det ein ting Høgre-landsmøtet kan lære av skiflygarane som hoppa i Vikersund førre helg, er at den luftige turen alltid vert følgd opp av ei landing. Den er ikkje alltid like grasiøs.

Samfunnskontrakten som skatteflyktningane bryt

«Det går ikke an å flytte til utlandet når man har bodd her hele livet», sa nyleg styrtrike Olav Thon til Kapital. Journalisten ville vite om 100-åringen hadde reist til Sveits om han var 20 eller 40 år yngre. Då svara Thon: «Jeg tror jeg hadde blitt uansett (...) Men jeg er forbauset over at noen legger så mye vekt på krevende skatteforhold at de flytter fra det land det er en Guds gave å være født i.»

Her snakka Olav Thon om det same som Jonas Gahr Støre peika på då statsministeren gjesta Stortingets spørjetime denne veka: Korleis utflyttingane til Sveits er eit brot på samfunnskontrakten.

Den samfunnskontrakten har det vore dørgande stilt om frå Høgre.

Willoch snakka heilt annleis enn Solberg

For det har skjedd ei endring i Høgres ideologiske syn på skatteflukt i løpet av Erna Solbegs år i statsministerstolen.

I 2009 uttalte tidlegare Høgre-statsminister Kåre Willoch at «jeg synes folk som er gjort til den de er i Norge bør forstå at de skal betale skatt til Norge. Jeg liker ikke skatteflyktninger». Det var i høve at hans nemesis Gro Harlem Brundtland nytta eit smotthol i det franske lovverket til å sleppe å betale skatt.

Linja frå Høgre no er å vise forståing med milliardærane som flyttar ut. Skulda har dei lagt på eit for høgt skattenivå og uføreseieleg næringspolitikk frå regjeringa. Fredag kalla Erna Solberg det «et mesterstykke i hvordan politikk ikke skal drives». Regjeringa legg – ifølgje henne – opp til at norske investorar forlét landet, og at pengesterke utlendingar held seg unna. I talen til landsmøtet sa Solberg at Høgre vil kjempe for å vinne att den tilliten til Norge som ho meiner «har gått tapt».

Ville det hatt noko å seie om Høgre reagerte annleis? Ville det fått færre milliardærar til å reise til Sveits? Neppe, men det er likevel interessant å sjå at Høgre har mindre kritiske talepunkt enn både Willoch i 2009 og Olav Thon i 2023.

Borgarleg ideologisk mangfald erstatta av liberalisme

Diskusjonen har gått på om Høgre manøvrerer slik av ideologisk overtyding eller om partiet rett og slett er for avhengige av å vere på godfot med rikingane i Sveits. Høgre får jo stadig større millionbeløp frå norske milliardærar i utlandet.

Mest sannsynleg handlar det om ideologi. Ei ideologisk krise, skal vi tru forteljinga i den danske historikaren og forfattaren Christian Egander Skovs siste bok Borgerlig krise – det ideologiske opbrud i blå blok (2022).

Sjølv om boka eigentleg handlar om den ideologiske krisa blant dei borgarlege partia i Danmark, treff den også Høgres reaksjon på skatteflyktningane i Sveits – på spikaren. Det sentrale i Egander Skovs er at dei borgarlege partia i dansk politikk er splitta som følgje av at den borgarlege ideologien ikkje lenger er i stand til å sameine dei borgarlege partia. Kvifor? Fordi det tradisjonelle ideologiske mangfaldet på borgarleg side er erstatta av ein altoppslukande liberalisme på den eine sida, og ein skummel nasjonalkonservatisme på den andre.

Den individuelle fridomen til å velje nasjonalt fellesskap og shoppe skattevilkår, heng høgare enn lojaliteten til det fellesskapet som har latt desse milliardærane skape rikdomen sin

—  Emil André Erstad, kommentator

Egander Skov kallar dei borgarlege liberalistane for 89-arane: Den politiske generasjonen av borgarlege som vart prega av 1989, murens fall og avslutninga av den kalde krigen. Meir enn oppgjeret med kommunismen, handla det om ei sterk vektlegging av individualisme og individets fridom. Kva mista ein då? Det fellesskapet som tydeleg finst i konservativ ideologisk tankegang, der borgarane inngår i små fellesskap av lokalsamfunn, arbeidsplassar og familiar.

«Prosjekt Erna» tar slutt ein dag

Egander Skov meiner også at norske borgarlege er på veg inn i den same krisa. Med andre ord: Erna Solbergs Høgre.

Engasjementet for den samfunnskontrakten både Thon, Willoch og Støre snakkar om i debatten om skatteflyktningane, deler openbert ikkje Høgre-representantane. Den individuelle fridomen til å velje nasjonalt fellesskap og shoppe skattevilkår, heng høgare enn lojaliteten til det fellesskapet som har latt desse milliardærane skape rikdomen sin.

Høgre er i ferd med å etablere seg som det største partiet i norsk politikk, og fleire snakkar om at partiet tar plassen frå Arbeidarpartiet. Veksten betyr også at Høgre no rommar meir ideologisk mangfald enn for 20 år sidan. Den debatten mellom fløyene ser vi likevel lite til, med nokre unntak her og der.

Åra i regjering frå 2013 til 2021 samla Høgre rundt eit prosjekt på fire bokstavar: Erna. Spørsmålet er kor samla ideologisk partiet er den dagen ho trer til side.









Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar