Kommentar

Den mørke historia svir

Det går ille når aktørar skriv si eiga krigshistorie. Smertefull sanning vert halden langt unna lyset.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eit godt døme finn vi i Ingeborg Solbrekkens ferske bok «Jøden og jorden» som fortel korleis jødiske Hans Salomon og kona Gunnvor vart pressa frå gard og grunn i Valdres av nazistar og gode nordmenn.

Straks Salomon fekk kjøpt garden i 1939, prøvde krefter å få garden tilbake til ei odelsslekt. «Jødesvin» vart skrive på båt og postkasse. Også Hans Salomon vart arrestert 26. oktober 1942. Men med dansk statsborgarskap måtte Salomon setjast fri. Han og Gunnvor flykta til Sverige. Då dei kom heim etter krigen, var ingenting endra.

Einar Kjørven sine mørke funn om Israelsmisjonen burde avgjort fått organisasjonen til å ta skikkeleg tak i ei historie som også inkluderte antisemittisk gift. Kvifor det ikkje skjedde, veit berre dei involverte

—  Johannes Morken

Forfalska historie

Kva gjorde aktørane med historia? I 1987 gav Vang kommune ut ei bok om kommunen gjennom 150 år. Ikkje med eit ord vart det fortalt at han som var ordførar på 30-talet, også var ordførar heile krigen. Lesarane kunne derimot god grunn tru at han var avsett: «Det var ikke lenger plass for de gamle folkevalgte lokal-politikerne». Men det var ei løgn. Det var god plass for alle som gjekk inn i NS. Slik forfalska kommunen si eiga historie.

Boka påstod også at Salomon vart arrestert av tyskarane. Sanninga var ei anna: han vart arrestert av den lokale NS-lensmannen og norsk statspoliti. Bygdeboka fortalde heller ikkje at kommunen etter krigen sytte for at Hans og Gunnvor vart pressa til å selja garden, også med argument om at han under krigen hadde vanskjøtta garden (som vart inndregen av staten då han vart arrestert). Dagens ordførar i Vang har beklaga behandlinga av Salomon. Men det skjedde først då Solbrekken hadde fortalt den uforfalska historia.

I eit bygdebokverk frå 1964 blir historia til Vang Sparebank fortalt av folk som levde under krigen. Men boka tek berre med historia før og etter krigen og nemner ikkje, fortel Solbrekken, at bankstyret og dei tilsette måtte gå i 1945 fordi dei hadde vore med i NS.

Solbrekken bad om og vart lenge nekta innsyn i bankens aktive bidrag til ranet av Salomon. Påfallande nok visste dagens banksjef ikkje at Vang Sparebank under krigen var NS-styrt. Sanninga kom for dagen. Den svir.

Ein kjelde i Vang fortel meg at heile Salomon-saka er så skambelagt at mange helst ikkje snakkar om den. Den 30. mars blir det ope møte i Vang folkebibliotek. Blir det lettare å snakka om skamma etterpå?

Let vera å ta i historia

Den norske Israelsmisjonen skal ikkje svara for handlingar, men haldningar. Organisasjonen forfalska ikkje historia, men let lenge vera å ta den.

I mai 2022 bad landsstyret til slutt om tilgjeving for at to leiarar i mellomkrigstida «formidlet anti-jødiske konspirasjoner» og framstilte jødane som «en farlig antikristelig makt». Generalsekretær Vegard Soltveit sa at bøna om tilgjeving «absolutt kunne kommet før». Det har han rett i.

Den sentrale kjelda for kunnskap om antisemittiske og antijudaistiske utsegner til to leiarar i Israelsmisjonen på 1930- og 40-talet, er ei hovudoppgåve av Einar Kjørven. Han dokumenterte korleis Christian Ihlen og Gisle Johnson formidla tydelege fordommar om jødisk «pengemakt» og ein «farlig» jødedom som «ikke er til å spøke med». Oppgåva vart publisert i 2004. Funna vart på nytt løfta fram av Bjørn Westlie i boka «Mørke år» i fjor haust.

I møte med Westlies kritikk svara organisasjonen at det Johnson og Ihlen stod for, «gjer vondt i magen» og at det var viktig at det kom fram, men at misjonen lenge har jobba med å endra teologien og bygt gode relasjonar til norske jødar.

Men gitt at det var viktig: Israelsmisjonen har ikkje gitt noko svar på kvifor det gjekk 18 – atten!! – år frå Kjørven la funna sine fram for misjonen i 2004, til landsstyret bad jødane om tilgjeving. Kjørven fortel meg at han fleire gonger hadde kontakt med organisasjonen og med Misjonsblad for Israel, som han hadde studert frå 1930 til 1942. Men det var inga interesse for å følgja opp. Bladet, som no heiter Først, tok derimot temaet grundig opp, med Kjørven som kjelde, i siste utgåve i 2022. Vart det altfor ubehageleg i 2004?

Kva har så Israelsmisjonen skrive i historiebøkene? Vel, Oskar Skarsaunes historieverk frå 1994 om Israelsmisjonen frå starten i 1844, stoppa i 1930. Bind 2 som ville ha starta med dei vonde åra, vart aldri skriven.

Det kan ha vore praktiske grunnar. Men Kjørven sine mørke funn ti år seinare, burde avgjort fått organisasjonen til å ta skikkeleg tak i ei historie som også inkluderte antisemittisk gift. Kvifor det ikkje skjedde, veit berre dei involverte.

Då teologi-nestor Torleiv Austad kom på bana i 2021, med Kjørvens arbeid som ei kjelde, blei det internseminar og offentleg bøn om tilgjeving. Det var tid for å leva i lyset. Godt, men uforståeleg seint.

Den gode delen

Den svenske israelsmisjonen slapp å bli innhenta av historia si. Organisasjonen blei nedlagt på 80-talet.

Den gode historia om denne misjonen finn vi på nettsida til Den norske Israelsmisjonen: I Wien berga misjonen 3500 jødar unna Holocaust i åra 1939-1941. Källan, dagens svenske arvtakar, brukar talet 3000. Halvparten var barn.

Dei mørke sidene vart avdekte av Elisabeth Åsbrink i ei bok frå 2012: «Og fremdeles står trærne i Wienerwald». Ja, 3000 jødar fekk svensk misjonshjelp ut av tyskokkuperte Austerrike. Men arbeidet skjedde frå eit kontor som misjonen takka ja til i dei hakekross-pryda kontora til Adolf Eichmann i Wien.

Med svenske grenser stengde for jødar fekk misjonen forhandla ein avtale om å få 100 barn inn. Men kravet i Sverige var at dei var «jødekristne»: Dei måtte døypast – kristnast – først.

Misjonspastor Birger Pernow forsvarte seg mot kyrkjeleg kritikk mot å henta jødiske barn – med ord som liknar orda til Ihlen og Johnson og difor ropar etter bøn om tilgjeving. For jødane hadde seg sjølve å takka: «Det er fullstendig riktig at jødespørsmålet problem er Israels halsstarrighet og at denne halsstarrigheten bringer Guds dom over folket (…) Nå rammer dommen Israels folk strengere enn noen gang, Men nettopp da er det den kristne menighetens og dermed Israelsmisjonens oppgave å vise det straffede folket til Jesus.»

«Raskt klaps» I Wien var tida så knapp, skriv Åsbrink, at barna «ble døpt på løpende bånd» – «et raskt klaps på hodet for å fukte håret med det velsignede vannet, og så noen ord. Selvsagt.»

Verken Israelsmisjonen her i landet eller Källan i Sverige er ansvarlege. Men Källan vil stå på skuldrene til den nedlagde misjonen. Den norske Israelsmisjonen fortel med glede om tett samarbeid i alle år og om viktig støtte frå den svenske søsterorganisasjonen under krigen.

Som debattredaktør i Vårt Land utfordra eg difor i 2012 leiinga i Israelsmisjonen til å kommentera boka til Åsbrink. Eg fekk aldri svar. Er tida inne no, seint med godt?



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar