Kommentar

Alt vi ikkje visste om Ukraina

I krigståka 24. februar visste vi nesten ingenting. Vi må ikkje gløyme at nøling også kan vere livsviktig.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det har ikkje mangla på skråsikre menneske med klare meiningar etter at Russland gjekk til åtak på Ukraina i morgontimane for nøyaktig eit år sidan. Send våpen! Send stridsvogner! Send fly! Steng grensene! Helst burde alt skjedd i går, ikkje om nokre månader eller etter grundige vurderingar. Slik har i alle fall mange forståsegpåarar, ekspertar og politikarar argumentert.

Den greske tragediediktaren Evripides sa at krigsguden Ares «hatar den som nølar». Så kvifor var det så mykje nøling?

Det siste året har eg brukt timevis på snakke med dei ansvarlege for å handtere krigen i Ukraina frå norsk side; politikarane i regjeringa. På tomannshand har dei måtte forsvare seg mot kritikk frå alle hald. Det mest fascinerande eg har oppdaga i desse samtalane er likevel faktumet om at vi undervegs visste langt mindre enn vi gjer no. Ofte så visste dei som visste mest så lite at det var vanskeleg å ta gode avgjerder.

Her er nokre av sakene det har vore knytt mest utryggleik til undervegs:

Ein liten invasjon i aust

Då Jonas Gahr Støre stod på den oppsummerande pressekonferansen sin i Parkveien før jul i 2021, avslutta han på ein overraskande måte: «Ikkje for å skape ei bekymringsfull jul, men likevel. På veg inn i 2022, så møter vi ein tryggleikspolitisk situasjon i Europa som ikkje har vore meir alvorleg sidan 1989. At det igjen er mogleg med krig og konfrontasjon på vårt kontinent, er nedslåande. Men det kan skje i og rundt Ukraina, med ein dundrande russisk militær oppmarsj i den regionen».

Kva skjer den dagen ukrainske troppar står på trappene til å gjenerobre Krym-halvøya, der store delar av befolkninga er lojale til Moskva? Det er framleis eit vanskeleg spørsmål for vestlege leiarar.

—  Emil André Erstad, kommentator

Han fekk nesten ingen spørsmål om denne alvorlege bodskapen frå oss journalistar som var samla i rommet. Fleire trudde han overdreiv.

Likevel var det lite som tyda på at verken Støre eller dei andre ministrane i regjeringa då trudde at Russland skulle invadere russarane med full styrke knappe to månader seinare. Dei fleste vestlege regjeringar trudde at ein invasjon av Ukraina ville avgrense seg til austlege delar av landet, områda som hadde vore herja av russisk krigføring sidan 2014.

Putin tok mange på senga.

Utryggleik i nord

I Norge spreidde krigen også frykt — heilt til toppen av norske styresmakter — om kva som var i ferd med å skje. Fordi ein invasjon i full skala av Ukraina var så usannsynleg og lite rasjonell frå Putins hald, var ein plutseleg usikker på om også alt anna stod på spel. Kva skjedde til dømes på dei enorme russiske marinebasane ikkje mange kilometer frå den norske grensa i nord? Kva ville skje på Svalbard?

Den andre store overraskinga var då invasjonen var eit faktum og vestlege leiarar trudde det berre stod om timar før den demokratiske regjeringa i Kyiv var historie. Dei aller fleste forventa at russarane i løpet av kort tid ville ha kontroll over Ukraina, og erstatte Volodymyr Zelenskyj og hans regjering med eit russisk marionettregime.

Det sensasjonelle ukrainske forsvaret

Då ukrainarane overraska Vesten og Putin med heltemot og forsvarsvilje av historiske dimensjonar, vart situasjonen plutseleg annleis. På få timar og dagar snudde heile situasjonen seg.

Ganske umiddelbart starta diskusjonen om å sende våpen til Ukraina. I eit historisk og politisk perspektiv tok det ikkje lang tid før ein hadde snudd om på ein 63 år lang tradisjon med å ikkje eksportere våpen til område i krig eller der krig trugar.

Å tenke seg om og bruke litt lenger tid på ei avgjerd, kan ofte ha stor verdi – sjølv om krigen hatar den som nølar.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er lett å tenkje eit år etter at våpenavgjerdene frå vestlege land og Norge var ei rett og viktig avgjerd som redda Ukraina som sjølvstendig nasjon. Samstundes visste vi ikkje det då. Det kan òg vere nyttig å ha i bakhovudet at vi endå ikkje veit dei langsiktige konsekvensane av denne våpenhjelpa. Eit år er ikkje lang tid i krig eller konflikt og fred eller ufred. Kva skjer den dagen ukrainske troppar står på trappene til å gjenerobre Krym-halvøya, der store delar av befolkninga er lojale til Moskva? Det er framleis eit vanskeleg spørsmål for vestlege leiarar.

Norge i Putins hovud

Eit anna moment vi ikkje visste mykje om undervegs, var korleis Norge skulle stelle seg til Russland. Ville for hard fordømming føre til represaliar som kosta oss tryggleik og velstand? Risikerte vi å vikle Norge inn i pannebrasken på Putin på ein måte som skada oss? Kunne russarane finne på å straffe Norge, å sette grøne menn i land på Svalbard eller ramme norsk cyber-infrastruktur? Det var lenge eit stort utryggleiksmoment for norske politikarar.

Fleire har etterlyst at den norske handteringa kunne gått fortare. På fleire område har dei rett, som til dømes kor lang tid papirmølla i det norske byråkratiet tok då Norge skulle bestemme om vi kunne ta imot og behandle såra ukrainske soldatar. Krisetid krev kriseforståing. Den har ikkje vore like sterkt til stades i alle delar av den norske staten undervegs.

Likevel må den overordna oppfatninga av Noregs handtering av krigen i Ukraina heve perspektivet. Kanskje vi kan ha lært noko gjennom året med krig: At krisetider krev kalde hovud og varme hjarte. Den moralske overtenninga situasjonen kan skape, kan òg føre til dårlege avgjerder.

Å tenkje seg om og bruke litt lenger tid på ei avgjerd, kan ofte ha stor verdi — sjølv om krigen hatar den som nølar.

Endringslogg fredag 24. februar, 12.50: I ein tidlegare versjon av denne teksten stod det «Dei fleste vestlege regjeringar trudde at ein invasjon av Ukraina ville avgrense seg til austlege delar av landet, områda som hadde vore herja av borgarkrig sidan 2014». Dette er no endra til «Dei fleste vestlege regjeringar trudde at ein invasjon av Ukraina ville avgrense seg til austlege delar av landet, områda som hadde vore herja av russisk krigføring sidan 2014.»




Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar