Kommentar

Gje meg ein hyggelegare Sophie Elise-debatt

Tonen i debatten om Sophie Elise er unaudsynleg nedsettande og uverdig. Dessutan har ho nokre gode poeng.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Etter at Sophie Elise la ut eit bilde på Instagram-profilen sin som kan tolkast til å ha ein rusforherlegande bodskap, spratt det norske folketrollet ut av øskja. 2000 personar klaga til Kringkastingsrådet. Dei vil ikkje at NRK skal gje denne femme fatal-aktige kvinna meir merksemd, og skulle helst sett at podkasten hennar, Sophie og Fetisha, vart nedlagt. Adresseavisen hang seg på og skreiv på leiarplass: «Den frekke storesøstra er en NRK-skandale».

«Intetsigende pengemaskin»

Artisten og sjukepleiaren Marthe Valle debatterte i Dagsnytt 18 basert på Facebook-innlegget sitt kor ho skreiv følgjande om Sophie Elise: «Hun er en enormt problematisk stemme å gi mer plass i offentligheten i all den tid hun fronter en helt syk narsissistisk kultur som aldri kommer i mål med dyrking av individet, kirurgisk modifisering av kropp, det materielle, rusen og fuck verden-holdningen»

I Dagsavisen fortel serieskapar Marte Christensen at ho er opprørt over at NRK brukar pengar på Sophie Elise, medan hennar tv-serie om jazzartisten Radka Toneff fekk nei: «Istedenfor å synliggjøre en norsk kvinnelig legende, så velger de og (sic) spytte penger på en intetsigende pengemaskin som heter Sophie Elise».

Eg veit ikkje med deg, men eg tykkjer tonen i debatten om Sophie Elise er unaudsynleg nedsettande uverdig.

Akkurat her tykkjer eg Sophie Elise er eit godt forbilde

—  David Sviland, gjestekommentator

Også Vårt Land har latt seg engasjere og provosere av Sophie Elise. På leiarplass vender dei seg til våre mektigaste institusjonar (av dei verdslege) i håp om å få orden i kaoset: «NRK og kongehuset bør klargjøre sin holdning til ulovlige rusmidler». Vårt Land nyttar også sjansen til å fortelle at det ikkje er første gong Sophie Elise har vore ei uskikkeleg jente – dei minner om at ho og ei venninne «røyket og drakk vin på et kommunalt badeland i Luster» i haust. Det var nok imot Lustrabadets reglement, men eit alvorleg lovbrot som fortener kritikk på leiarplass, er det ikkje.

Ikkje heilt etter boka

For nokre gongar blir faktisk livet ein heil del morosamare viss du gjer noko som ikkje er heilt etter regelboka. Og akkurat her tykkjer eg Sophie Elise er eit godt forbilde. Det er herleg å sjå på folk som tar seg til rette. Det er morosamt å høyre på folk som vågar å leve etter sine eigne prinsipp og vere seg sjølv. Det er truleg difor podkasten hennar har om lag 80.000 nedlasting- eller strøymingar kvar veke (podtoppen.no). Folk likar å høyre på dette.

Eg har ikkje tenkt å forsvare posen med kvitt pulver som starta debatten. Narkotika er farleg for mange og skadeleg for samfunnet. Difor er det frykteleg tåpeleg å omtale det som noko anna i sosiale medium. Det vil eg tru Sophie Elise forstod raskt sidan ho fjerna bildet etter fem minutt.

Me har eit overseksualisert og utsjåandefiksert samfunn. Å ta Sophie Elise av lufta endrar ingenting på det

—  David Sviland, gjestekommentator

Å fortrenge det me ikkje likar

Og det er klart at Sophie Elise gjer ting eg ikkje ville gjort sjølv og heller ikkje rår andre til å gjere. Ho blir stadig skulda for å spreie eit usunt kroppspress som særskild råkar unge. Eg er samd i at dette er problematisk. Men det står ikkje i stil med måten folk behandlar henne på, og eg trur det er kontraproduktivt å ta henne av lufta slik mange ønsker. Det liknar eit dårleg forsøk på å fortrenge det me ikkje likar, men som vi veit eksisterer. For me har eit overseksualisert og utsjåandefiksert samfunn. Å ta Sophie Elise av lufta endrar ingenting på det.

Noko som kunne ha gjort det heilt litt enklare for oss, var om me vart litt betre på rollemodellkultur. Me er frykteleg opptatt av å ha og vere gode rollemodellar. Det er i utgangspunktet ein fin ting. Men når det hindrar oss frå å gjere det som ikkje skadar ein sjølv eller andre, blir det ei trong trøye. Viss me heller legg meir vekt på at den enkelte er ansvarleg for sitt eige liv og lærer kvarandre opp i toleranse, openheit, nysgjerrigheit og kritisk sans, trur eg me vil få eit rikare samfunn.

Gode rollemodellar

På veg til jobb lyttar eg alltid til Politisk kvarter. Men ein morgon for nokre veker sidan, orka eg ikkje nok ein morgonkrangel i øyret. Så eg trykka for første gong i mitt liv på NRKs podkast Sophie og Fetisha. Dei to venninnene inviterte meg inn i ei fargerik verd og gav meg innblikk i eit miljø eg ikkje kjenner.

Dei snakka mellom anna om å få tilsendt bilde av kjønnsorgan frå gutar på telefonen. Eit obskurt og avskyeleg problem, vil mange tenke. Men sanninga er at langt fleire gutar enn me likar å tru, sender slike bilde. Då er det mange jenter som får dei tilsendt. Det forfriskande med Sophie Elise og Fetisha, var at dei snakka om dette utan å legge band på seg. Dimed opnar det seg ei unik moglegheit til å ta samtalen vidare og diskutere kvifor dette fenomenet er så utbreidd. Det er ein interessant samfunnsdebatt.

Kanskje er dei to kvinnene ikkje på alle vis dei beste rollemodellane for tenåringar, tenkte eg. Men dei er gode rollemodellar når det kjem til openheit.

Eg meiner det er mogleg å la seg underhalde og lære noko av desse historiene, og dei har ein verdi i det offentlege ordskiftet.

Sophie Elise har fått mykje kritikk for å stikke hovudet i sanda når ho blir kritisert. Det er synd at ho ikkje deltek meir i ordskiftet. Men eg kan skjøne det når tonen i kritikken er så sur som den er no.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar