Kommentar

Protest på overtid

Trond Giskes sosialdemokratiske forum i Nidaros viser korleis det norske partilandskapet er i ferd med å forandre seg for alltid. Det er eigentleg på høg tid.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kan Trond Giskes berømte Nidaros Sosialdemokratisk Forum vere eit uttrykk for noko meir enn berre misnøye med regjeringa, høge straumprisar og interne konfliktar i Arbeidarpartiet?

Protestparti er ikkje eit nytt fenomen i norsk politikk. Sjølv om Nidaros Sosialdemokratisk Forum ikkje er eit eige protestparti, er det mykje ved Ap-laget som minner om dei tidlegare protestrørslene i norsk politikk.

Protestvilje blant veljarane

I 2019-valkampen handla til dømes alt om Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB). Partiet fekk over 65.000 stemmer, 51 kommunestyrerepresentantar og 13 fylkestingsmandat. I 2021 fekk den lokale Alta-lista Pasientfokus eit mandat på Stortinget, til å kjempe for sjukehus i Alta. Også Raudts oppslutning – som er eit nytt, stort parti, viser ein protestvilje blant veljarane mot dei etablerte partia.

Det same såg vi med Senterpartiet før 2021-valet.

Det vi likevel kan ta med oss frå medlemsveksten i Giskes lokallag i Trondheim, er at norsk partipolitikk kan vere open for forandring. Det treng ikkje vere lenge til vi ser liknande initiativ i parti som Høgre og Senterpartiet

—  Emil André Erstad, kommentator

Viss ein tenkjer over det, er det litt merkeleg at det lukka norske partisystemet har overlevd så lenge som det har gjort. I fleire tiår har det vore ein særs liten del av folket som har bestemt kven som skal representere oss på Stortinget og i regjeringa – dei mektige uriaspostane i det representative demokratiet vårt.

Historisk lågmål

La oss spole tilbake:

Då SSB spurte folk i 1989, rekna 16 prosent seg som betalande medlemer av politiske parti.

I 2008 hadde tale sunke til 8 prosent, medan det i 2017 hadde krympa til 7 prosent. Av dei som rekna seg som aktive hadde talet gått frå 3 til 2 prosent på under ti år.

I 2020 var kring 163.532 nordmenn medlemer i politiske parti. Ved valet i 2021 hadde 3,89 millionar nordmenn stemmerett.

Sidan 80-talet har det med andre ord vore jamn nedgong i talet på medlemer i politiske parti – trass iherdig verving frå dei stadig færre aktive medlemene.

Finsk modell?

Sjølv om ingen har ønska å monopolisere den politiske makta, vert det dermed stadig færre om beinet. Den minkande delen av folket som er medlemer og aktive i dei politiske partia bestemmer i realiteten alt: Kven som blir nominert på listene, kva som skal stå i partiprogramma og kven som skal leie dei politiske organa.

Fleire har føreslått å la seg inspirere av korleis partidemokratiet fungerer i andre land, som til dømes då Sp-nestleiar Ola Borten Moe i 2013 føreslo å sjå til Finland. Der stemmer veljarane på personar, og får partiet med på kjøpet. Der er det veljarane som fritt bestemmer kven som vert vald av dei partia har nominert. I Norge er det stort sett motsett.

Enter-mentaliteten

Det er eit problem at partia med synkande medlemstal har så mykje makt i Norge, men det er ikkje sikkert det berre er partia sin feil. Det er berre å sjå på dei protestrørslene som har komme og gått. Med FNB var det til dømes opp som ei løve og ned som ein skinnfell. Den brølande løva var prega av ein enter-mentalitet som mange veljarar har: det er lett å melde seg inn, men det er langt meir krevjande å halde noko ved like. I enter-mentaliteten finst det lite lojalitet, konsistens og uthaldenheit.

Det ligg i protestrørslene og enter-mentalitetens natur: Så snart kvardagen treff dei med sakslister, møteinnkallingar, usemje, budsjett og andre traurige og grå organisasjonsgreier. Då muldrar dei opp og endrar form

—  Emil André Erstad, kommentator

Ein viktig del av suksessen til Nidaros Sosialdemokratiske Forum – dersom eksplosiv medlemsvekst fungerer som parameter for suksess – har vore at Trond Giske har forstått denne enter-dynamikken. Han har vist folk at vegen inn til å påverke er ikkje så lang som folk skal ha det til. Det norske partisystemet er ope for den typen initiativ han har tatt med laget sitt.

Spørsmålet er kor lenge det varer. Arbeidarpartiets sentralstyre svara som kjend på medlemsveksten i Nidaros ved å endre vedtektene, fordi mange av Nidaros-medlemene budde andre stader i landet. Då var det ikkje rettferdig i partidemokratiet at dei skulle skaffe ekstra landsmøtedelegatar for Trøndelag. Giske-tilhengarane svara med å ville opprette lokallag – lojale til Giskes Nidaros – i resten av landet.

Traurig organisasjonsarbeid

Dersom Giske-tilhengarane slår til med ønsket om å lage lokallag i heile landet, er det likevel ingen sikker veg til suksess og comeback for Trond Giske sjølv. Ikkje eingong lokallaget i Nidaros treng å vere det på lengre sikt. Det ligg i protestrørslene og enter-mentalitetens natur: Så snart kvardagen treff dei med sakslister, møteinnkallingar, usemje, budsjett og andre traurige og grå organisasjonsgreier. Då muldrar dei opp og endrar form.

Det er ikkje sikkert at alle dei som har meldt seg inn i Nidaros Sosialdemokratisk Forum er så einige som dei gir inntrykk av no. Kva med alle vanskelege saker dei skal ta stilling til framover?

Dessutan er det inga naturlov at medlemene i Nidaros eller liknande forum andre stader i landet skal vere lojale til Giske i all framtid. Dersom vi måle etter eksempelet FNB, treng det ikkje ta så lang tid før harmonien er erstatta av kaos.

Det vi likevel kan ta med oss frå medlemsveksten i Giskes lokallag i Trondheim, er at norsk partipolitikk kan vere open for forandring. Det treng ikkje vere lenge til vi ser liknande initiativ i parti som Høgre og Senterpartiet.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar