Kommentar

Støy på Støre-radaren

Statsministeren har ikkje vore meir offensiv og frampå enn han er no. Likevel aukar støyen rundt – også frå hans eigne.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det har skjedd eit taktskifte i statsminister Jonas Gahr Støre. Då han tok juleferie — rett etter Vårt Lands katastrofemåling på 14,6 prosent — verka han sliten og motlaus. Då han var i Stortingets spørjetime denne veka for å svare på tøffe spørsmål frå opposisjonen, verka Støre meir fandenivoldsk og offensiv.

I lengre tid har han stått i dårlege meinings- og popularitetsmålingar. Seinast denne veka viste ei måling i VG at berre 22 prosent av veljarane meiner Støre gjer ein god jobb.

Fleire peikar på at taktskiftet ser ut til å gjelde fleire enn berre Støre. Også i resten av regjeringa ser vi meir sjølvsikre statsrådar med politisk overskot — etter ein haust der det meste var mørkt. På nyåret samla statsrådane seg til strategisamling. Det var merkbar forskjell i både retorikk og utstråling frå dei gjekk inn i møteromma, og til dei kom ut etter to dagar.

Kanskje er botn nådd

På partimålingane kan det hende at botn er nådd for Ap. Kanskje òg for Senterpartiet.

Uavhengig av dei dårlege tala verkar Støre tryggare, med tydelege talepunkt om å halde igjen på pengebruken og få Norge gjennom krisa. Det kan òg gje ein slags respekt frå veljarane, at statsministeren ikkje lar seg affisere av dei dårlege målingane.

Den manglande disiplinen internt i regjeringslaget kan ha samanheng med at prosjektet framleis er utydeleg

—  Emil André Erstad, kommentator

Trass i den meir offensive Støre, får han sterkare kritikk frå sine eigne.

Ein ting er frittalande stortingspolitikarar som Per Olaf Lundteigen frå Senterpartiet. Då han kom med kritikk av regjeringas energipolitikk på NRK Debatten denne veka, vekte det ikkje stor oppsikt. Støre følte seg i alle fall ikkje treft av kritikken og sa i Stortingets spørjetime at han «lever greitt med» åtak frå Lundteigen.

Kritikk frå eigne

Senterparti-politikarens åtak er likevel eit symptom på at regjeringsprosjektet til Støre og Vedum ikkje er like tett og sterkt som mange regjeringsprosjekt har vore dei siste åra. Heller ikkje Frp hadde for vane å gå til åtak på dåverande statsminister Erna Solberg.

Verre var det derfor med kritikken frå Støres eigen medarbeidar i regjeringa, minister og Sp-nestleiar Ola Borten Moe (Sp), som kritiserte regjeringas hydrogensatsing denne veka.

Då Støre vart konfrontert med Moes kritikk i spørjetimen, gjorde statsministeren det heilt klart at Sp-nestleiaren tar feil. Det handlar om å ta klimautfordringa på alvor, og då treng verda og Norge hydrogen.

Moe gjorde heilomvending 11. januar, men då var skaden allereie skjedd. No er også Moe kjend som ein som har låg terskel for å gå ut mot sine eigne. I Senterpartiet har det vore eit problem i årevis.

Vener heller enn fiendar

Støres regjering har ikkje fleirtal på Stortinget. Ei mindretalsregjering er heilt kritisk avhengig av vener i politikken. Då har ein ikkje råd til å ha statsrådar på innsida som undergrev regjeringas arbeid. Det finst nok av annan kritikk mot regjeringa — om medlemene av den ikkje også skal bidra sjølv.

På sitt beste er det liten tvil om at Jonas Gahr Støre er ein statsminister av internasjonalt statsmann-format. Heller enn å skjule det, bør folka rundt Støre spele på hans autentisitet

—  Emil André Erstad, kommentator

Den kritikken stilnar ikkje av at Støre står fram meir offensiv. Sjølv om Arbeidarpartiet no er i ferd med å diskutere vedtektsendringar som kan sette avgrensingar på kor stor makt Trond Giskes lokallag kan få i partiorganisasjonen — som eit partilag med medlemer frå heile landet — er det framleis ingenting som tyder på at Giske vil slutte å lage støy for regjeringa si.

Den manglande disiplinen internt i regjeringslaget kan ha samanheng med at prosjektet framleis er utydeleg. Jonas Gahr Støre ville ha ei raudgrøn regjering etter valet i 2021. Trygve Slagsvold Vedum ville ha ei regjering med berre Ap og Sp. Det fekk han. Likevel er det lite som tyder på at harmonien og lagkjensla frå Jens Stoltenbergs raudgrøne prosjekt er til stades i Støres regjering.

Kommunestøy

No som lokalvalet går av stabelen til hausten, skulle ein tru at dei to partia ville koordinere og samarbeide om kommunemakt. Vårt Lands ferske sak viser at ingen av dei to partileiingane vil gje råd om å samarbeide med kvarandre. I Senterpartiet vert det peika på at samarbeidet med Ap er krevjande lokalt mange stader. Det er i sterk kontrast til dei tydelege oppmodingane frå alle raudgrøne leiarar om samarbeid på kommunenivå under den raudgrøne regjeringa.

Den gongen sa mellom anna Martin Kolberg at regjeringas politikk skulle bli realisert i kommunane, ikkje bli sabotert. Derfor trong dei raudgrøne samarbeid også på kommunenivå.

Også denne saka skapar støy på radaren for Støre. Geir Pollestad, Sp-topp på Stortinget, seier at det handlar om at partia konkurrerer om ordførarkjeda i mange av kommunane.

Autentisitet framfor folkelegheit

Saka viser kor dårleg forankra regjeringssamarbeidet mellom Ap og Sp er ute i organisasjonane deira. På kommunenivå er det lite som tyder på verken bonderomantikk eller sosialdemokratisk kjærleik mellom dei.

Trass i den meir offensive tona: Støre sjølv har òg framleis mykje å gå på. Til dømes var det fleire i sosiale medium som kritiserte at han valde å sitte i ein sofa då han heldt nyttårstala på NRK. Kvifor kunne ikkje Støre sitte bak eit skrivebord, som ville vore meir hans rette element?

På sitt beste er det liten tvil om at Jonas Gahr Støre er ein statsminister av internasjonalt statsmann-format. Heller enn å skjule det, bør folka rundt Støre spele på hans autentisitet.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar