Kommentar

Eit dysfunksjonelt styringsparti

Dei pinlege rundane som Kongressen går gjennom no er eit illevarslande teikn for dei to åra som ligg føre: Her vil det bli ekstremt krevjande å drive politikk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Gud, vak over samlinga vår i kveld, så vi ikkje held oss vakne utan meining», bad kongressprest Margaret Grun Kibben. Ho ber ei bøn kvar morgon før ein tek fatt på dagsorden, men på onsdag vart ho kalla tilbake til talarstolen klokka 21, då representantane samla seg på nytt.

Dei to føregåande dagane hadde Representanthuset lagt bak seg seks voteringar for å få på plass ein ny speaker — leiaren for arbeidet i det nedre kammeret av Kongressen. Republikanarane overtok fleirtalet frå demokratane då den førre Kongressen formelt gjekk av tysdag og skal dermed overta speaker-rolla. Fleirtalet er likevel så lite at tidlegare mindretalsleiar Kevin McCarthy ikkje toler å miste meir enn fire av sine eigne, fordi reglane krev at ein kandidat får over halvparten av røystene.

Dette er teikn på historisk svakt leiarskap og eit splitta republikansk parti

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Ustyrlege republikanarar

Kongressprest Kibben fekk ikkje bønesvar onsdag kveld, og USA gjekk torsdag inn i sin tredje dag utan ei lovgjevande forsamling. Etter reglane tek nemleg ikkje det nye Representanthuset opp si gjerning før etter at speaker er valt.

Denne veka var første gang på nøyaktig hundre år at ein ikkje fekk valt ein leiar i første valomgang i Representanthuset. Det er teikn på historisk svakt leiarskap og eit splitta republikansk parti, men dei er ikkje framande for tøff intern strid.

Nesten alle som står mot McCarthy sitt kandidatur er tilknytt den svært konservative gruppa republikanske kongressmedlemmer som kallar seg the Freedom Caucus. I 2015 trakk dåverande speaker John Boehner seg frå vervet etter press frå nettopp denne gruppa. Og Boehner var, i sin tur, tidleg i si karriere del av ein fraksjon som forsøkte å velte leiarskapet i partiet.

Boehner har seinare kalla gruppa «lovgjevande terroristar», meir opptekne av å lage støy, bygge sitt eige image og stå fram som ideologisk korrekte enn å få gjort noko, og det er ei skildring som treff godt også i dag.

Høge krav

Dei rundt tjue republikanarane som står mot Kevin McCarthy har levert ei lang kravliste som dei vil byte mot støtte til kandidaturet hans. Mange av krava er av administrativ karakter og vil legge band på makta til leiarskapet i partiet. Det er også fremja krav om ulike posisjonar — til dømes ønsker den ekstremt konservative Matt Gaetz leiarskapet i komiteen som handsamar militærvesenet, ei plassering som potensielt kan få store konsekvensar for USA sine bidrag til Ukraina.

Gruppa krev også at leiarskapet i Representanthuset, og såkalla Super PACs, politiske grupper som mellom anna distribuerer valkampmidler til kandidatar, ikkje skal drive valkamp mot medlemmer av sitt eige parti i nominasjonsval, og dette kravet er truleg mellom dei viktigaste. Dei knallharde konservative ønsker ikkje å bli utfordra av kandidatar som vil gjere det lettare å styre i Kongressen.

Sjølv om McCarthy skulle klare å gje desse kongressmedlemmene det dei vil ha og sikre seg røystene deira, er dei pinlege rundane som ein no gjennomgår eit illevarslande teikn for dei to åra som ligg føre: Her vil det bli ekstremt krevjande å drive politikk.

Korleis kunne Kongressen sett ut i dag dersom det republikanske leiarskapet hadde gått i rette med Donald Trump sine fråsegner om valet i 2020?

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Alvorleg bakteppe

Over halvparten av gruppa som i skrivande stund står i vegen for leiarskapsambisjonane til Kevin McCarthy er blant medlemmene av Representanthuset som har trekt i tvil valresultatet i 2020. På toårsdagen for det valdelege opprøret på Capitol Hill bør vi stoppe opp ved nettopp dette. Då den førre kongressperioden avslutta tysdag, avslutta også komiteen som etterforska hendingane 6. januar sitt arbeid. Før jul rakk dei å publisere sin endelege rapport, og å offentleggjere ei heil mengde dokumentasjon frå arbeidet. Komiteen tilrådde mellom anna at påtalemakta tek ut sikting mot tidlegare president Donald Trump. Dersom det skulle skje, vil det truleg utløyse granskingar og høyringar frå det nye fleirtalet i Representanthuset — om dei no kjem så langt at dei får konstituert seg.

156 av Kevin McCarthy sine 222 partikollegaer i Representanthuset tilhøyrer gruppa som med meir eller mindre styrke har hevda at Donald Trump eigentleg vant presidentskapen i 2020, også McCarthy sjølv. Dette standpunktet, og den ibuande støtta til Trump, har mange stader vore heilt naudsynt for å sikre seg attval hjå republikanske veljarar — 60 prosent av dei meiner framleis at Joe Biden ikkje er den rettmessige presidenten. Det er likevel også eit standpunkt som kan ha kosta partiet eit meir handterleg fleirtal i Kongressen.

Ein skal vakte seg for å drive det for langt i kontrafaktisk historieskriving, men det er verd å reflektere over korleis Kongressen kunne sett ut i dag dersom Kevin McCarthy og resten av det republikanske leiarskapet hadde gått i rette med Donald Trump sine fråsegner om valet i 2020. Eit oppgjer med Trump på rett tidspunkt kunne ført til at dei ytterleggåande Trump-støtta kandidatane til 2022-valet ikkje vann nominasjonsvala sine, og at det republikanske partiet med meir spiselege kandidatar i svingdistrikt fekk den «raude bølga» som i røynda aldri kom. Då ville Kevin McCarthy ha vore Speaker of the House, utan (minst) seks audmjukande valomgangar i bagasjen.


Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar