Kommentar

Korleis les du nyhende i 2023?

MEDIA: Framtidas medierobotar har for lengst sett sitt preg på nettavisene. I 2023 bør dei lære noko av papiravisa.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Med robotar meiner eg ikkje menneskeliknande maskinar med armar og bein som sjølv sit bak tasturet. Dei finst nok også, men her er det snakk om algoritmar eller programkodar som kan handtere store datamengder på svært kort tid.

Før jul kom Spotify sin oppsummering av musikkåret 2022. Straumetenesta bad meg klikke inn på ein fargesprakande skreddarsydd presentasjon. Der stod det at eg utforska 47 ulike sjangrar i musikkåret 2022, noko som fekk algoritmen til å kategorisere meg som «eventyrar». Ein litt meir slem robot kunne kalla meg ein rastlaus vinglar.

Den var skapt for å dele på sosiale medium.

Papiravisa gir oss ein start og ein slutt

Spotify driv med musikk. Nettavisene driv i hovudsak med nyhende. Men robotane som finn kva musikk som passar deg, kan også finne og velje ut kva for nyhende som er best tilpassa deg. Dei er i gang allereie og i 2023 vil dette ta eit steg lengre.

Ein indikasjon på korleis dette kanskje kan sjå ut, kom rett før jul frå storavisa Washington Post.

Men først litt forenkla mediehistorie. Papiravisa kjem ut til faste tider, den har ei førsteside og ei sisteside. Her kan du finne det du forventar å finne, men kanskje også ein juvel av ein tekst som du ikkje ante du ville like. Du veit når den er lest ferdig, eller om den gjekk rett i papirkurven. Du veit om du er nøgd.

Dersom du ikkje likar det som står der, kan du klage til redaktøren. For å lese avisa måtte du kjøpe den i kiosken eller abonnere. Mange har abonnert på same avisa store delar av livet.

Det handlar om å forstå kva framtidas abonnentar forventar

Nettavisene var først ein straum av gratis nyhende. Det meste handla om å finne ein tittel som engasjerte, gav mest klikk, og få den først ut på skjermen. Men det var raskt klart at dette var ein særs dårleg forretningsidé, med mindre du er så stor at du dominerer annonsemarknaden.

Dei fleste avisene er i dag heilt avhengig av betalande digitale abonnentar.

Digital utvikling handlar i dag ikkje først og fremst om å lokke folk til å klikke på ein tittel på nett. Det handlar om gi framtidas abonnentar vesentleg nyhendestoff som dei kanskje ikkje veit at dei treng. Og som får dei til å fornye sitt abonnement.

Vi les i dag nyhende på mobilen, frå vi står tidleg opp til seint om kvelden. Unge avislesarar er vaksne opp med innhald som er valt ut spesifikt for dei. Slik er det på sosiale medium, Spotify og Netflix.

Storavisa gav lesaren ein identitet

I Washington Post lét dei seg før jul inspirere av Spotify. Tenesta Newsprint analyserer brukermønstra til lesarane, gir dei ein eigen «personlegdom». Ein lesar er livsstilsorientert, ein har eit brukarmønster som set pris på sterke meiningar.

Abonnentane får også vite om dei er meir eller mindre oppteken av eit enkelt tema, som klima, enn snittet av Washington Post sine lesarar. Eller om ein kan kalle seg ein politisk nerd.

Produktsjef i avisa Jessica Gilberg seier til bransjenettstaden Niemanlab at tenesta vart utvikla for å betre lesaropplevinga til abonnentane. Ved å gi informasjon tilbake, er tanken at lesarane skal bli meir medvitne om kva dei får for kvar dollar dei brukar på abonnementet.

Min spådom er at norske medietoppar kjem til å nytte ordet lesaroppleving enda meir i 2023.

Høyrest det ugreitt ut? Slapp av. Vårt Land kjem ikkje til å fortelje deg kva som er din digitale identitet i 2023. Kanskje blir tenesta til Washington Post ei døgnfluge. Men den gir ein indikasjon på det som kjem. Innhaldet i media vil bli meir og meir brukarstyrt.

Lesaren som er vaksen opp med sosiale medium, forventar skreddarsydd innhald

—  Lars Inge Staveland

Kvar utgåve ein test på om vi svarer på forventningane

Mange lesarar vil vere opptekne av nyhende frå kristenlivet. Andre ynskjer å lese mest mogleg om det som skjer på kammerset i norsk politikk. Andre vil lese om kva sin favorittkommentator skriv om i dag. Andre meiner kanskje ei knallgod sudoko-spalte er verdt heile abonnementet.

Kvar utgåve av papiravisa er ein test på om avisa er vesentleg, truverdig og om den gir ei god lesaroppleving. Bommar ein over tid, vil ein miste lesarar og inntekt.

Ei nettavis har nye utgåver kontinuerleg. Lesaren som er vaksen opp med skreddarsydd innhald på sosiale medium har andre krav. Vårt Land har vaktsjefar på jobb frå morgon til kveld for å lage ei best mogleg nettavis som utfører samfunnsoppdraget og leverer vesentlege nyhende.

Eg ser ikkje vekk frå at kunstig intelligens komme til hjelp. Uansett vil det berre verke om algoritmen, eller instruksen, er rett.

Det er i dag lett å lage ein algoritme som berre gir nyhende frå lesaren sitt favorittfelt. Men ei god papiravis og ei redigert nettavis gir lesaren meir enn dette, også nyhende dei ikkje visste at dei ville ha. Det er heilskapen abonnenten kjøper. Ei meir brukarstyrt digital avis må vareta dette.

Eg syntest det var morosamt å bli kalla «eventyrar» av Spotify, og har alltid vore fascinert av ny teknologi. Men for å fungere må medierobotane lære av papirlesaren sine opplevingar og tilpasse dette til kravet til den heildigitale generasjonen. Det blir kanskje det mest spanande med medieåret 2023.

Godt nyhendeår!

Les mer om mer disse temaene:

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar