Kommentar

Robotetikk på prøve

Utviklinga av robotar går hand i hand med utviklinga av kunstig intelligens. Etikken kan ikkje lenger vere nissen på lasset.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne veka kom to ulike nyhendemeldingar som peikar inn mot ei ny og for dei fleste av oss ukjent framtid. Den eine var meldinga om at byrådet i den amerikanske byen San Francisco likevel ikkje ønskjer å utstyre politiet med drapsrobotar. For berre nokre dagar sidan støtta byrådet at politiet i byen kunne få ta i bruk robotar som kan utøve «dødeleg maktbruk». «I førre veke, trass i visse etiske bekymringar, støtta eg planen, men gjennom den siste veka har eg blitt svært ukomfortabel med han,» sa byrådsmedlem Gordon Mar ifølgje NTB.

Den andre meldinga kom frå det japanske teknologiselskapet Sony, formidla av The Japan Times. Sony har teknologien klar for å produsere humanoide robotar. Dei må berre finne ut av kvar robotane kan gjere størst nytte først. Sony er selskapet bak eit av dei store teknologifenomena frå min eigen barndom, walkmanen. Dei har gjort mykje anna sidan det. Men kan humanoide, altså menneskeliknande, robotar bli det nye store?

Slike robotar er ikkje noko splitter nytt. I haust var eg sjølv på Universitetet i Agder for å intervjue roboten Mili om Gud for magasinet Strek. Mili – som svarte springande og interessant på eksistensielle spørsmål – var av utsjånad som eit lite barn, rett nok godt gjenkjenneleg som robot.

Når dei menneskeliknande robotane ikkje lar seg skilje frå menneska ved første augekast, får vi straks ein del nye problemstillingar i fanget. Ikkje minst dukkar det opp ei rekke nye etiske spørsmål. For korleis oppfører vi oss mot ein robot? Forpliktar den kristne etikken oss til å behandle robotar med respekt, eller kan vi ture fram som vi vil med dei?

Det menneskelege ansvaret

TV-serien Westworld har tematisert dilemma som dette på uhyggeleg vis. Serien stiller blant anna spørsmålet om det er lov å øve vald mot menneskeliknande robotar, sidan dei berre er kunstige intelligensar og ikkje ekte menneske. Magekjensla mi seier tydeleg nei. Etisk sett kan ein samanlikne ansvaret vårt overfor humanoide robotar med ansvaret vårt overfor dyr. Det er eit forvaltansvar, med rot i Bibelen. Det inneber også at vi ikkje skal påføre dyra unødig liding, uavhengig at korleis medvitet deira fungerer.

Vi er enno langt unna å skape robotar som vender seg mot oss og ikkje lenger lar seg kontrollere – eit tema som er hyppig skildra i filmar og bøker. Men vi er ikkje langt unna å skape dei nye rammevilkåra for mennesket si framtid.

—  Alf Kjetil Walgermo, kommentator

Kan ein robot ha kjensler? Ikkje slik det er i dag. Og forskarane er usamde om det er mogleg å utvikle kunstig intelligens som etterliknar dei menneskelege kjenslene til fulle, for ikkje å snakke om kor vidt det er mogleg å utvikle kunstig medvit. Men det er ikkje utenkeleg, og det etiske ansvaret vårt trer i kraft lenge før vi er komne dit.

Sjølv trur eg det blir lenge til vi har ein humanoid robot i stova vår heime, slik familien i den nye filmen After Yang har det. Androiden Yang er deira gode hjelpar, før han bryt saman og treng reparasjon – då kjem det etter kvart fram at han har søkt relasjonar på eiga hand. Men sjølv om dette scenarioet kjennest framandt, er det ikkje heilt framandt å tenke at eg vil la vere å plage og pine ein menneskeliknande robot om eg skulle treffe på ein. Slik dei fleste av oss vil vere samde om at vi ikkje ønsker å sparke hunden eller katten vår.

Kan forsterke strukturfeil

Utviklinga av robotar går hand i hand med utvikling av kunstig intelligens. No snudde truleg byrådet i San Francisco i saka om drapsrobotar fordi dei ikkje ønsker å pulverisere ansvaret ved det å skulle ta livet av eit menneske. Når det er ein robot som drep, blir terskelen lågare for å ta liv. Men sjølv om byrådet i den liberale amerikanske vestkystbyen etter å ha tenkt seg om – og etter protestar i sivilsamfunnet – vende tommelen ned, finst liknande drapsrobotar i fleire andre amerikanske delstatar. Dronar er for lengst blitt viktige våpen i krig. Det er lettare enn nokon gong å drepe eit menneske på den andre sida av kloden utan å reise seg frå den militære kontorstolen.

Vi kan ikkje gøyme oss bak at teknologien er vanskeleg å forstå. Vi må ut på banen og stille etiske krav.

—  Alf Kjetil Walgermo, kommentator

Det er lett å forstå at nye etiske problemstillingar dukkar opp dersom vi implementerer stadig betre kunstig intelligens i robotar som dei ovanfornemnte. Sjølvkøyrande bilar er ikkje lenger eit spektakulært framtidsscenario, det er på trappene. Men kva skjer dersom drapsrobotane også blir sjølvgåande?

Kunstig intelligens blir allereie i dag tatt i bruk i rettsvesenet, med vekslande hell. Blant anna ser vi at kunstig intelligens forsterkar strukturfeil i samfunnet, til dømes slik at svarte menneske risikerer å få strengare straffer enn kvite. Tanken på drapsrobotar som sjølv tek vurderingar ut frå gitte algoritmar, får det til å gå kaldt nedover ryggen på meg. Håpet er at den etiske refleksjonen slår inn tide og tek kontroll over den galopperande teknologiutviklinga. Men gjer han det?

Stadig viktigare med etikk

Etikk er det siste tiåret blitt stadig viktigare i utviklinga av kunstig intelligens. Lenge var etikken med som ein slags nisse på lasset. Han styrte definitivt ikkje sleden sjølv.

Slik kan det ikkje vere lenger. Det er det fleire og fleire som forstår. Styresmakter verda over har i større grad fått auga opp for behovet for regulering, og politikarane stiller strengare etiske krav til teknologigigantane. Global semje om etiske prinsipp er likevel vanskeleg å oppnå i praksis.

Robotetikk og etisk forsvarleg utvikling av kunstig intelligens er ikkje lenger ein snever flik av eit raskt veksande felt, men snarare midt i kjernen. Vi er enno langt unna å skape robotar som vender seg mot oss og ikkje lenger lar seg kontrollere – eit tema som er hyppig skildra i filmar og bøker. Men vi er ikkje langt unna å skape dei nye rammevilkåra for mennesket si framtid. Kunstig intelligens definerer allereie store delar av kvardagen vår. Som filosofen Einar Duenger Bøhn seier i det førre nummeret av magasinet Strek: Det er livsfarleg å la teknologane få definisjonsmakta.

Vi kan ikkje gøyme oss bak at teknologien er vanskeleg å forstå. Vi må ut på banen og stille etiske krav. Mennesket kjem i framtida til å bli stilt på nye og alvorlege prøver. Men fundamentet for desse prøvene blir lagt i dag, mens vi snakkar om det.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar