Kommentar

Klimakollisjon i sakte film

Oljelobbyen er meir sjølvsikre enn på mange år, samstundes som klimarørsla har grunn til å bruke sterkare ord enn nokon gong. Det er ei farleg utvikling.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då den ofte smilande António Guterres – FNs generalsekretær – entra podiet på klimatoppmøtet i Egypt, var han gravalvorleg.

«Vi er på full fart mot klimahelvete».

Ord som tidlegare kunne komme frå klimaaktivistar som Greta Thunberg – og som dei fleste i den norske miljørørsla knapt ville tørre å uttale for å bli tatt seriøst – kjem no frå den øvste sjefen for verdas land.

Apokalypse no

Havet stig i apokalyptisk tempo.

Isbreane smeltar som isbitar i eit glas med cola om sommaren.

Naturkatastrofane rammar meir brutalt.

Guterres kalla det «planetens naudsignal».

Likevel: Norsk petroleumsnæring er meir offensive på vegner av norsk olje- og gassproduksjon enn dei har vore på mange år.

Det er nesten uforståeleg kor ulik verkelegheitsoppfatninga er mellom dei som sit i hovudkvarteret til Equinor på Forus, og dei som no er samla i den egyptiske feriebyen Sharm el-Sheik til klimatoppmøte.

Skarpare ordbruk

Det er som to tog som aukar farta i motsett retning, på det same sporet. Det er dømt til å ende med kollisjon. Dei som fryktar atomkatastrofe i Ukraina bør kanskje heller rette bekymringa mot konsekvensane av ein klimakollisjon.

Det er ikkje overraskande at FN-sjef Guterres skjerpar ordbruken no. Han har i lang tid ført ein kamp mot olje- og gassnæringa, fordi denne står for ein enorm del av dei livsfarlege klimautsleppa i verda.

Det kan hende Guterres tenker at gjengen av statsleiarar som sit samla i salen framfor han, må bli vekka frå ei søvndyssande krigståke.

I starten av august åtvara han om det etiske aspektet ved at olje- og gasselskap får enorm profitt av energikrisa verda står i no. «Eg ber alle regjeringar om å skattlegge denne overdrivne profitten og nytte pengane til å hjelpe dei mest sårbare menneska gjennom desse vanskelege tidene», sa han. Han gjekk så langt som å kalle olje- og gasselskapa «umoralske».

Strategiske feilgrep

I oktober sa Guterres at Europa hadde gjort store feil ved å ikkje investere i fornybar energi dei siste to tiåra: «Vi ville ikkje stått overfor energikrisa vi har i dag, og prisane på olje og gass ville ikkje vore så høge som no. Sidan vi ikkje investerte nok i fornybart, betalar vi prisen no. Det dummaste vi kan gjere, er å satse på det som har forårsaka denne katastrofen».

I norsk olje- og gassnæring er stemninga tilnærma heilt opp ned frå den som pregar FN-sjefen.

Polarisering i klimapolitikken er farlegare enn polarisering i andre debattar, fordi det har større konsekvensar for vår felles framtid.

—  Emil André Erstad, kommentator

På finanskonsernet Pareto sin konferanse på Scandic Holmenkollen Park Hotel ein onsdag morgon i september, sa Tor Olav Trøim at det «ESG-politikken» som har bidrege til energikrisa. Med det sikta investoren som er John Fredriksens høgre hand til – hald deg fast: berekraftsmåla.

«Drill, baby, drill!»

«Jeg er stolt av å være hydrokarbonist. Vi leverer 84 prosent av energien i verden. Til dere andre, lykke til med de resterende 16 prosentene», sa Trøim til latter, rop og applaus frå salen full av investorar og finansfolk.

Hydrokarbonar er synonymt med olje og gass. Gjengen på Pareto-konferansen kunne nesten berre ha skrike «drill, baby, drill» – eit slagord for oljevenlege politikarar frå 80- og 90-talet.

Guterres og Trøim kunne ikkje vore meir usamde. Det verkar som krisene verda står i, forsterkar meiningane deira, i diametralt motsett retning.

Krigståke

Ein skulle tru at dei forsterka klimaendringane tvang fram ei sterkare semje i klimapolitikken, men krigen i Ukraina fører til at det omvende er i ferd med å skje.

Krigen i Ukraina har gitt oljebransjen og deira rike investorar ny sjølvtillit, eller kanskje det er meir rett å snakke om eit comeback. Fleire fryktar no at frykta for at Europa skal stå utan energi dei neste vintrane, vil skugge over dystre fakta om verdas klima på klimatoppmøtet i Egypt.

Kanskje det er derfor Guterres brukar så sterke ord. Det kan hende han tenkjer at gjengen av statsleiarar som sit samla i salen framfor han, må bli vekkja frå ei søvndyssande krigståke.

Verre polarisering

Viss ein fryktar ein kald vinter eller to i Europa, er det peanøtter samanlikna med konsekvensane av å ikkje nå 1,5-gradersmålet. Det er framleis mogleg å nå, men ikkje med innstillinga til gjengen på Pareto-konferansen.

Så ulik oppfatning av kva som er verkelegheita, er djupt problematisk.

Den som kjenner mest på kor stort problemet er, må vere statsminister Jonas Gahr Støre frå Arbeidarpartiet. Internt i hans parti er begge sidene av denne debatten representert i form av industri- og næringsinteressene i fagrørsla, og med aukande polarisering i begge endar kan det gje han meir trøbbel med å skape ein klimapolitikk som samlar både parti og veljarar. I regjering må han òg hanskast med Senterpartiet, som mildt sagt har ei anna oppfatning av kva som monnar i klimapolitikken enn til dømes AUF.

Det er uansett meir kortsiktige problem, enn dei verkeleg store: Polarisering i klimapolitikken er farlegare enn polarisering i andre debattar, fordi det har større konsekvensar for vår felles framtid.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar