Kommentar

Viss Putin slepp atombomba

Norge og Nato er førebudd på at russarane slepp ei atombombe. Viss Vladimir Putin gjer det, er det nok det siste han gjer.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Akkurat no går det føre seg intense diskusjonar på øvste nivå i Nato, Forsvarsdepartementet, Washington og alle europeiske hovudstadar. Diskusjonane handlar om korleis vi skal reagere dersom Putin-regimet gjer alvor av trugslane om å bruke atomvåpen i Ukraina.

Som Putins folk har sagt fleire gonger, er trugslane ingen bløff. Det er det heller ingen på toppen som trur. Det kan skje.

Då statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) og justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) heldt ei pressekonferanse om krigen i Ukraina denne veka, låg atomtrugselen i lufta sjølv om ingen av dei nemnde det. Mehl var nok den som uttalte noko som adresserte frykta mest av dei tre, då ho varsla at Norge vil få på plass eit nytt nasjonalt varslingssystem innan nyttår. Då brukte ho ordet «atomulukke» som eit av scenarioa systemet kan varsle om.

Putins mange val

Sidan Hiroshima og Nagasaki har bruken av atomvåpen vore eit absolutt tabu. Alle dei ni atommaktene i verda veit at dei ikkje kan bruke masseøydeleggingsvåpen utan at det vil komme ein massiv respons frå verdssamfunnet.

Det er òg strategien spesielt amerikanarane held seg til no, for å åtvare Kreml mot å falle for freistinga om å bruke atomvåpen i Ukraina.

Dersom russarane skulle bestemme seg for å bruke atomvåpen, er det usikkert korleis eit angrep vil sjå ut. Dei har ei heil masse val i verktøykassen.

Dersom vi spolar situasjonen fram til atomvåpenbruk og den harde responsen til Nato, kan vi sjå for oss at det berre står utbomba russiske vrak att på slagmarka i Ukraina.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det vi snakkar om er sannsynlegvis bruk av eit såkalla taktisk kjernevåpen.

For det første må dei avgjere storleiken på våpenet. Kor mange kilotonn skal dei svi av? Då amerikanarane 6. august 1945 slapp si bombe over den 2. japanske armeens hovudkvarter i Hiroshima, var det ei bombe på 20 kilotonn.

Frykt som mål

Spørsmålet er kva russarane ønsker å oppnå med å sleppe ei atombombe.

Mest sannsynleg vil ikkje målet berre vere å utslette ukrainske styrkar i Ukraina, men å skremme vestlege land frå å støtte Ukraina med våpen, bistand og utstyr i krigen.

Akkurat slik droneflygingane over Norge den siste tida neppe har som hovudmål å drive klassisk etterretning, men å spreie frykt, splid og panikk, vil målet med atomvåpenbruk vere det same.

Uansett vil det vere stor forskjell på om bomba er eit eller 20 kilotonn. Talet på drepne og skadde etter ei atombombe vil heilt avhenge av storleik og sprengkraft. I beste fall vil ingen bli råka, men ein kan òg sjå for seg at fleire hundre tusen liv ryk med.

Det andre russarane må avgjere er kvar dei vil bruke ei atombombe. Vil dei sleppe den på sivile? Vil dei detonere den høgt oppe i atmosfæren? Vil dei sleppe den på ukrainske soldatar og kommandosentralar? Eller kan dei finne på å råke land utanfor Ukraina som bidrar med sterk støtte – som til dømes Baltikum eller Polen?

Amerikansk avskrekking

Sannsynlegvis er det få andre enn Putin og hans næraste som veit kva som blir diskutert her.

Det vi derimot veit litt meir om, er kva responsen vil bli. Det er her vi finn det som talar mest mot at Putin vil vere så korttenkt og dum at han vil ta i bruk atomvåpen.

Amerikanarane har bevisst lekka sine strategiar for å skremme Kreml. Der kan vi mellom anna lese at den mest sannsynlege responsen vil vere eit massivt angrep på russiske styrkar i Ukraina, ved bruk av konvensjonelle våpen. Det betyr at Nato ikkje vil svare med atomvåpen, dersom russarane først tar dei i bruk. Det ville ikkje tatt særleg lang tid å utslette russiske styrkar i Ukraina med Natos arsenal av missil, fly og moderne våpen.

Ein kan sjå for seg at Putin sit rundt det digre skrivebordet i Kreml og syng på låta Forever Young. I så fall bør han ikkje sleppe bomba.

—  Emil André Erstad, kommentator

Jake Sullivan, den nasjonale tryggleiksrådgjevaren til president Joe Biden, har sagt at eit atomvåpenangrep vil bety «katastrofale konsekvensar» for Putin.

Det russiske målet med å truge med atomvåpen, og den eventuelle bruken, er å skremme. Derfor vil ein manglande og svak respons på bruk av atomvåpen, vere katastrofal for tryggleiken i verda. Sjølv om Nato strir i mot å involvere seg djupare i Ukraina, kan dei i ein slik situasjon derfor stå heilt utan alternativ.

Putin og Alphaville

Dette har nok Putin fått med seg. Spørsmålet er om han trur på trugselen om den «katastrofale responsen» frå Nato.

Viss Putin likevel skulle vise seg å vere den galne mannen i bunkersen, som mange trur han er, vil den reelle avgjerda om responsen bli tatt i Washington og ikkje i Oslo eller Brussel. Det amerikanarane bestemmer seg for i sin respons, er vi pent nøydd til å bli med på – grunna Nato-medlemskapet og alliansen.

Dersom vi spolar situasjonen fram til atomvåpenbruk og den harde responsen til Nato, kan vi sjå for oss at det berre står utbomba russiske vrak att på slagmarka i Ukraina.

For Putins del, vil det vere ei større katastrofe enn for dei fleste. Det murrar allereie i korridorane i Kreml og i andre delar av det russiske maktapparatet.

I mellomtida får vi trøyste oss med orda frå den tyske gruppa Alphaville: Vi håpar på det beste, men forventar det verste. Skal du sleppe bomba, eller ikkje?

Ein kan sjå for seg at Putin sit rundt det digre skrivebordet i Kreml og syng på låten Forever Young. I så fall bør han ikkje sleppe bomba.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar