Kommentar

Tvilen borte hos Venstre

Partiet som før var prega av utstrakt tvisyn, er no klokkeklare i dei fleste spørsmål. Det kan gje Guri Melby store moglegheiter.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Bånn gass fremover, aldri mer innover», song Lars Vaular då han overraskande opna Venstre-landsmøtet på Gardermoen fredag.

Han song neppe om Venstre, sjølv om han kunne gjort det. Rett etterpå song han derimot ei låt som openbert fall i smak hos Venstre-delegatane, med låten «Vi går opp». Der kritiserte han openlyst norsk ruspolitikk og den utskjelte Norsk Narkotikapolitiforening.

Tvisynet

Det er få parti som har vore prega av større tvisyn og delte oppfatningar i viktige spørsmål, enn Venstre. Det har fått folk til å spøke med ein har måtte kalibrere valomatane slik at ikkje alle som svarar «veit ikkje», får opp Venstre på topp.

Er partiet for samarbeid med høgre- eller venstresida? Er partiet for eller mot norsk EU-medlemskap? Er partiet eit distrikts- eller byparti?

Dei som tøysa med at der to eller fleire Venstre-medlemer var samla, fans det to eller fleire meiningar om kva parti dei var, får finne andre ting å lage vitsar om.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det var slike spørsmål folk inntil for få år sidan kunne stille om Venstre.

Det var før Guri Melby, Sveinung Rotevatn og Abid Raja overtok leiartrioen i partiet.

Då Venstre-leiar Melby opna landsmøtet fredag denne helga, var det ikkje mykje tvil å spore.

Ideologisk

Få har vore tydelegare på at Norge bør støtte Ukraina med våpen. Der andre politikarar på Stortinget og i regjeringa har nyansert seg, avventa og kanskje venta litt for lenge, har Melby vore klokkeklar og utolmodig frå dag éin.

«Er det overraskande at eit liberalt parti står opp for eit uskyldig folk som blir angripe? Viss du er overraska over at Venstre står opp for demokratiet i møte med diktaturet, ja, då kjenner du ikkje Venstre – Norges einaste liberale parti», sa Melby til trampeklapp frå salen.

Resultatet av Melbys linje er at partiet Venstre har blitt kalla hauken i norsk politikk. Ein hauk på vegne av å forsvare Ukraina, demokratiet og det frie Europa. Det kler partiet godt.

«Eg veit at eg har heile Venstres landsmøte i ryggen når eg seier at vi skal stille opp for Ukraina, så lenge som det trengst», sa Melby.

Byparti

Ho hadde rett: Då reiste heile salen seg og klappa.

Som politisk redaktør Berit Aalborg skreiv i denne avisa tidlegare i veka: I stadig større grad er Venstre òg blitt eit reint byparti, sjølv om distriktsprofilar som Alfred Bjørlo frå Sogn og Fjordane framleis insisterer på ein offensiv distriktspolitikk. Det er uansett umogleg å ikkje legge merke til at partiet profilerer seg på saker som nesten utelukkande handlar om det urbane Norge – kanskje spesielt tydeleg i ruspolitikken.

Tvisynet på EU har blitt til ei varm omfamning av eit norsk EU-medlemskap – også der med større vekt på kva folk i byane enn distrikta tenker om Brussel. I talen til landsmøtet kom Melby med ei tydeleg utfordring til statsminister Støre om å tre fram i EU-debatten: «Landets dårlegast skjulte hemmelegheit må vere at Jonas Gahr Støre er for norsk EU-medlemskap», sa ho.

Framover

Samarbeidet med høgresida er så godt som forsegla. Då Melby i Politisk kvarter på NRK fredag vart utfordra på kven ho helst ville samarbeide med av Framstegspartiet og Arbeidarpartiet, ville ikkje Venstre-leiaren sei nokon av dei. Det i seg sjølv plasserer Venstre langt til høgre for sentrum i norsk politikk.

Dei som tøysa med at der to eller fleire Venstre-medlemer var samla, fans det to eller fleire meiningar om kva parti dei var, får finne andre ting å lage vitsar om.

Det kan gje Venstre fart framover, og ikkje innover – for å parafrasere Lars Vaular.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar