Kommentar

Ferjefritt overmot

Det måtte altså ein krig i Europa til for å bremsa det norske, samferdselspolitiske overmotet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

På nettsida til Statens vegvesen ligg ein animasjonsfilm, ein skrytevideo, om «Norgeshistoriens største samferdselsprosjekt» – ferjefri E39. I den storslegne draumen frå 2013 skal ein motorveg frå Trondheim føra deg trygt over – eller under – fjorden, heilt fram til Kristiansand, 1.100 kilometer utan ei einaste av dagens sju ferjer.

27 kilometer under vatn

Skrytevideoen startar med den 27 kilometer lange tunnelen i fire felt under Boknafjorden. Lengre nord er det planlagt bruer på opptil fem kilometer over djupe fjordar. Det ferjefrie gigantprosjektet ligg på toppen av ei lang liste av store, dyre igangsette og planlagde vegprosjekt.

Norske politikarar har lenge fått oss til å tru at vi har meir enn nok av milliardar, betong og asfalt til å oppfylla sjølv dei aller største over- og undersjøiske vegdraumane. Nasjonal Transportplan (NTP) har est ut i reint politisk overmot.

No kjem det – endeleg – tydelege politiske signal om at det i neste utgåve skal bli færre firefelts vegar gjennom myrer, fjell, slåtteteigar, skog og kornåkrar, med fartsgrense på 110. Det måtte altså ein krig i Ukraina til før bremsespora kom.

Forslaget til statsbudsjett for neste år set dessutan på vent fleire gryteklare vegprosjekt. Det er absolutt til å forstå, men det er ikkje til å forstå at landets «verste veg», rasfarlege E16 mellom Bergen og Voss mot Aurland, vert utsett. Ein sterkt trafikkert veg skal sikrast mot ras, samstundes med bygging av ny jernbane. Vi veit at rasfarlege vegar berre vert meir rasfarlege på grunn av klimaendringar. Det neste NTP må setja øvst på lista, er rassikring og utbygging av kollektivtilbod. Då er det berre å skyta ned dei største vegdraumane – av økonomiske, klimamessige og tekniske grunnar.

Sjølvtillit og brannfeller

Den ferjefrie sjølvtilliten til Vegvesenet er det ikkje noko å seia på, henta frå skrytevideoen: «Vi har kompetansen, vi har løysingane og vi veit at dette er mogleg å få til!» Noko liknande blei det sikkert sagt om Tretten-brua på 148 meter over Gudbrandsdalslågen. Den kollapsa i sommar, rett etter 10-års dagen. Den gamle brua stod støtt i 117 år.

Nokon har også tenkt stort og feil tidlegare, og det er ikkje lenge sidan. Motorvegen gjennom Vestfold var mykje enklare å byggja enn ferjefri E39. Først stengde eit potensielt dødeleg ras Hanekleivtunnellen. Så kollapsa Skjeggestadbrua i kvikkleire, ei historie om ein varsla katastrofe. Overmotet burde fått seg ein knekk.

Det er på tide å skrota dei største og dyraste draumane. Slik sett er det sunt at det rundt Bjørnafjorden sør for Bergen er lokale politikarar som vil ha omkamp om ei fem kilometer lang bru over fjorden.

—  Johannes Morken, gjestekommentator

Oslofjordtunnelen, ei storslått nyvinning under fjorden, har i alle sine 20 år vore ei brannfelle. I lange tunnelar vestpå har det vore så mange potensielt dødelege brannar at Lastebileierforbundet for tre år sidan kravde full stopp i planlegging av undersjøiske tunnelar. Dei ville ha oftare og raskare ferjer.

I skrytevideoen har Vegvesenet droppa omtale av bru over Sognefjorden, sikkert fordi løysinga ikkje er klar. Her må det utviklast heilt ny teknologi for eit ekstremt krevjande og ekstremt kostbart prosjekt.

Tenk deg berre at du – med eller utan dødsangst – skal køyra på ei 3,5 kilometer lang hengebru, over ein 1.250 meter djup fjord. Eller at du tek deg fram gjennom ei røyrbru – under vatn. Noko skal vel forresten russiske ubåter interessera seg for i Sognefjorden også i framtida.

Planane om bru over Sognefjorden, min eigen fjord, bør sendast ned på fjordbotnen. Med oftare og raskare elektriske ferjer treng heller ikkje Lillebjørn Nilsens song om sommar i Oslo lyda like ironisk om folk som «sitter i en ferjekø ved Lavik».

Kjærleik og ferjereiser

Edvard Hoem fekk i 1974 det litterære gjennombrotet med romanen Kjærleikens ferjereiser, ei forteljing om kjærleik og politikk rundt ei ferje. Snart 50 år seinare er ferjereiser framleis politikk, men ikkje noko vi skal kjempa for å bli kvitt. Dei er eit tryggare og meir klimavenleg alternativ til overmot.

Hoem var nyss invitert til ei førestilling under opninga av Lillestrøm bibliotek. Undervegs fortalde Hoem at han «éin dag» var for ferjefri E39. Det var den dagen han hjelpte dottera med flyttelasset frå Bergen til Trondheim og «betalte 3.000 kroner i ferjebillettar».

Olav H. Hauge meinte neppe at berget – eller for den saks skuld fjorden – skulle opna seg som ein fire felts tunnel eller ei ekstrem bru. Og det kan skje også gode ting, som ein god prat, på ein tur med ei ferje.

—  Johannes Morken, gjestekommentator

Oppvaksen som eg er mellom ferjekaier, kjenner eg kjensla. Samstundes veit både Hoem og eg at det ikkje vil koma ei einaste gratis bru eller ein gratis tunnel på E39. Vi kjem nok raskare fram, men slett ikkje billegare.

Det er på tide å skrota dei største og dyraste draumane. Slik sett er det sunt at det rundt Bjørnafjorden sør for Bergen er lokale politikarar som vil ha omkamp om ei fem kilometer lang bru over fjorden. Det er tid for å stilla spørsmål ved vedtekne sanningar og dei største draumane om breie vegar.

Den gode draumen

Olav H. Hauge skreiv ein gong: «Det er den draumen me ber på/at noko vedunderleg skal skje (…)/ at berget skal opna seg…».

Han meinte neppe at berget – eller for den saks skuld fjorden – skulle opna seg som ein fire felts tunnel eller ei ekstrem bru. Og det kan skje også gode ting, som ein god prat, på ein tur med ei ferje.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar