Kommentar

«Krise og kutt er Støres største moglegheit»

Det kan hende at eit rekordstramt statsbudsjett med store kutt er akkurat den vidundermedisinen Støre-regjeringa trong.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Lenge har partiet Høgre vore større enn både Senterpartiet og Arbeidarpartiet på målingane. Støres parti vakar stabilt under 20 prosent, medan juniorpartnaren Sp snusar på sperregrensa. Heilt sidan regjeringa gjekk på i fjor haust, har krisene stått i kø. Sjølv om regjeringa har jobba med krisehandtering i snart eit heilt år, har ikkje veljarane hatt same kriseforståing.

Krise var òg overskrifta då finansminister Vedum presenterte statsbudsjettet i stortingssalen torsdag klokka 10.

For ein del vanlege forbrukarar har det vore vanskeleg å sette dei høge straumprisane i samanheng med krigen som rasar på det europeiske kontinentet.

Vond vane å vende

Det er kanskje ikkje så rart at veljarane har reagert som dei har gjort. I år etter år har norske politikarar ikkje hatt tilstrekkeleg behov for å prioritere. Sjølv ikkje under koronapandemien var det naudsynt med skarpe prioriteringar, fordi Solberg-regjeringa berre kunne pøse meir pengar inn i norsk økonomi. Det same skjedde etter oljeprisfallet i 2020. Dei kunne i snitt auke oljepengebruken med 18 milliardar årleg. Den tid er no forbi – på grunn av krig, energikrise, prisvekst og renteauke.

Derfor er Støre-regjeringa sitt første heilskaplege statsbudsjett ikkje først og fremst eit problem for regjeringa, men ei moglegheit til å vise politisk leiarskap og kva kjerneverdiar dei styrer etter.

—  Emil André Erstad, kommentator

Vanlegvis er statsbudsjettdagen i Norge ein dag der alle interessene i det norske samfunnet skrik etter meir pengar, og mange har vanskeleg for å sjå utover sin eigen nasetipp. Den vana kan vere vond å vende.

Debatten etter finansministerens tale var på mange måtar ideologiens comeback på Stortinget. Når det ikkje kan bli brukt meir oljepengar, betyr det meir klare prioriteringar. Kven som sit med makta betyr meir no, fordi kontrastane melom løysingane til høgresida og venstresida blir meir tydelege.

Regjeringa løyser mange problem med å auke skattane for dei rikaste. Næringslivet – som i hovudsak går godt i krisa – må betale meir.

Vedums 80-talsminner

Det treng Norge, meiner regjeringa, fordi kriser kostar pengar. På grunn av krigen i Ukraina føreslår Støre-regjeringa enorme summar til å styrke det norske forsvaret og den nasjonale beredskapen. Militær og sivil støtte til Ukraina og ukrainske flyktningar kostar svimlande beløp, men må likevel bli prioritert – slik regjeringa gjer i budsjettframlegget.

Gratis barnehage til alle som bur i Finnmark og Nord-Troms, handlar til dømes meir om tryggleikspolitikk enn familiepolitikk. Viss Norge skal halde fram med å vere trygt, er det avskrekkande at det bur folk tett på den russiske grensa.

Det er grunn til å tru at Høgre då vil vere samde i meir av skatteauken enn dei gav uttrykk for torsdag. Elles vil dei måtte kutte stort i velferd – viss dei skal halde seg unna høgare oljepengebruk.

—  Emil André Erstad, kommentator

For regjeringa handlar det om å sikre velferd og vanlege folks kvardagsøkonomi. Vedum nytta høvet i stortingssalen til å fortelle om eigne minne frå slutten av 80-talet, då rask renteauke prøvde å få kontroll på den gallopperande prisveksten. Han fortalde korleis han hugsar at fedre i nabolaget ikkje hadde jobb å gå til og hus vart seld på tvangssal.

Det er det regjeringa no prøver å hindre at skal skje igjen.

Høgres respons

Partiet Høgres umiddelbare respons var at skattane aukar dobbelt så mykje som kuttet i oljepengebruken. I innlegget frå Høgre-nestleiar Tina Bru kom det overraskande hard kritikk av grepa regjeringa tar på skatt. «Alle skal vere med på dugnaden, unntatt staten», sa ho og etterlyste reformar som kunne få meir pengar ut av kvar krone staten brukar.

Spørsmålet som melder seg er korleis det alternative budsjett frå det største opposisjonspartiet vil sjå ut om nokre veker, då dei skal vise korleis dei ville prioritert annleis enn regjeringa. Det er grunn til å tru at Høgre då vil vere samde i meir av skatteauken enn dei gav uttrykk for torsdag. Elles vil dei måtte kutte stort i velferd – viss dei skal halde seg unna høgare oljepengebruk.

Det blir garantert meir bråk om forslaget til statsbudsjett Støre-regjeringa la fram torsdag. Sjølv om kriseforståinga i Stortinget er stor, er det mange parti som vil finne ting å kritisere i budsjettet. Mest interessant er det korleis SV vil reagere på, sidan partiet er tenkt å sikre fleirtal for budsjettet seinare i haust.

Bistand vil bli tema

Her er det sannsynleg at bistandsprosenten som har smuldra opp til 0,75 prosent av BNI, vil bli eit av mange tema. At eit av verdas rikaste land som har opplevd enorme inntekter frå olje- og gassnæringa, no kuttar til verdas fattige, er noko fleire vil reagere. Sjølv om skatteauken er kontroversiell på høgresida, er det ingen som trur at SV vil protestere på denne delen av budsjettet.

Uansett kva SV og regjeringa blir samde om etter forhandlingane, er dette sikkert: Politikarane kan ikkje betale seg ut av krisa. Det trengs tøffe politiske prioritingar.

Derfor er Støre-regjeringa sitt første heilskaplege statsbudsjett ikkje først og fremst eit problem for regjeringa, men ei moglegheit til å vise politisk leiarskap og kva kjerneverdiar dei styrer etter.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar