Kommentar

Denne stolen burde han aldri ha sete i

Trygve Slagsvold Vedums store tabbe var å ikkje bli landbruksminister, men heller finansminister. Den kan ha sendt Senterpartiet under sperregrensa for første gong på mange år.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Han stråla som ei sol då han stod på Slottsplassen med hendene fulle av blomar. Det var på ein gråvêrsdag 14. oktober i fjor, og Trygve Slagsvold Vedum vart presentert som ny finansminister i Jonas Gahr Støres første regjering. I vekene før hadde Vedum og hans folk kjempa gjennom store gjennomslag for si draumeregjering med Arbeidarpartiet på Hurdal.

Det var lenge før katastrofetala skulle slå inn på målingane, og dagens Vårt Land-måling som viser at partiet er under sperregrensa.

Finansminister Arnstad

Alt låg til rette for at Senterpartiet no skulle få maksimal utteljing av valresultatet på rekordsterke 13,5 prosent.

Det var berre ein ting som skurra: Kvifor vart han som hadde leia Senterpartiet til ein gedigen valsuksess bunden til ansvarsmasta som finansminister? Mange hadde forventa at det var den erfarne stortingspolitikaren og tidlegare statsråden Marit Arnstad som skulle få den rolla. Ho vert oppfatta som ein innsiktsfull og seriøs politikar med stålkontroll.

Det vert sagt at Marit Arnstad vegrar seg for ein jobb som finansminister. Likevel er det kanskje noko av det beste ho kunne gjort for partiet ho har kjempa for gjennom eit heilt liv.

—  Emil André Erstad, kommentator

Med ei mindre ansvarstung rolle i regjeringa, til dømes som landbruksminister, kunne Vedum lettare ha halde fram med tydeleg og klar tale om Senterpartiets ønske om å ta heile landet i bruk og synleggjere dei enorme gjennomslaga partiet har fått i landbruket. Det er lenge sidan norske bønder har fått større løft. I praksis vart dei redda frå total kollaps.

Konstrastfylt Vedum

Det er vanskeleg å tenkje seg større kontrast i framtoning enn mellom valkamp-Trygve og finansminister-Trygve.

Først var det fleire som frykta at Vedum ikkje ville klare rolla som finansminister, fordi det ville krevje ein heilt annan retorikk enn den han hadde i opposisjon.

Så trefte krisene landet, og vi fekk stifte kjennskap til ein Trygve Slagsvold Vedum av eit heilt anna kaliber enn vi hadde sett i valkampen.

Plutseleg snakka han om å halde att på pengane, drive ein ansvarleg økonomisk politikk og rentespøkelset. Han fekk skryt av mange for den ansvarlege, nøysame og solide framtoningen.

Dødskyss frå Aftenpodden

Problemet var berre at skrytet kom frå folk som gjengen i den politiske podkasten Aftenpodden, ikkje frå dei lett illojale veljarane som hadde stemt på Vedum i Luster, Alta eller Flekkefjord. Skrytet frå folk i Oslo-bobla var derfor meir å rekne som eit dødskyss.

Mange av desse veljarane hadde Vedum henta frå Framstegspartiet.

Det var ein klartenkt strategi frå Senterpartiet å nytte rommet i opposisjon – medan Frp sat med makta – til å snakke eit enkelt språk til Oslo-skeptiske veljarar som ville ha mindre avgifter og fleire tenester nær husa sine. Få var betre eigna til å ta denne strategien ut i verkelegheita enn Trygve Slagsvold Vedum, som til tider nesten svarte det same uansett kva spørsmål han fekk. Essensen var: «Senterpartiet trur på heile Norge».

Strategien var god og effektiv, og sikra Senterpartiet meir makt enn partiet har hatt på fleire tiår.

Sjanselaus mot Listhaug

Så mykje makt at sjefen sjølv enda opp i stolen bak den brune trepulten på statsrådskontoret i Finansdepartementet.

Her kunne han sjå langt etter å konkurrere med Sylvi Listhaug om enkle svar på vanskelege spørsmål. Knapt noko departement i den norske regjeringa har utsikt til fleire problem enn dei som sit akkurat her.

Kanskje bør Trygve Slagsvold Vedum finne seg ein ny jobb i regjeringa, før han står heilt utan nokon jobb.

—  Emil André Erstad, kommentator

Listhaug var igjen sett fri som opposisjonspolitikar i Stortinget, og kunne bruke tida på å finne tilbake til den høgrøysta velferdspopulismen partiet var kjend for. Det gir openbert utteljing. På Vårt Land-målinga for september går partiet fram 2 prosentpoeng, til 15,5 prosent.

No som Vårt Land har målt Senterpartiet under sperregrensa for september er det nærliggjande å spørje seg: Kvifor valde Trygve Slagsvold Vedum å bli finansminister?

Det mest sannsynlege svaret er at han ikkje fekk noko val. Som statsminister kunne Jonas Gahr Støre krevje at Senterparti-leiaren som hadde vore ein frisk opposisjonspolitikar, måtte bli bunden til masta som ansvarleg politikar i regjeringa.

Ny jobb for Vedum

Det same grepet hadde Arbeidarpartiet gjort før, då dei sørgja for at dåverande SV-leiar Kristin Halvorsen vart finansminister i den raudgrøne regjeringa i 2005. Høgres Erna Solberg fekk same effekt då ho utpeika Siv Jensen frå Frp til same jobb i 2013. Det største partiet sikrar seg dermed kontroll over den mindre regjeringspartnaren.

Sjølv om Vårt Lands måling er ei enkeltmåling, er oppslutninga på 3,9 prosent lågare enn gjennomsnittet i Senterpartiets verste år september i 2012 til juli i 2013. På målinga er til og med Olaug Bollestads KrF større enn Vedums parti. Ein finansminister frå Senterpartiet overlever ikkje på berre applaus innanfor Ring 1 i Oslo.

Samstundes kan ein spørre seg: Er det ein finansministers jobb å vere populær, eller å sikre landet gjennom krisene? Det eine er rett og viktig, men kan koste oppslutning.

For heile regjeringsapparatet og stortingsmiljøet til Senterpartiet er det likevel grunn til å trykkje på den store, grøne alarmknappen med firkløver-logo på. Kanskje bør Trygve Slagsvold Vedum finne seg ein ny jobb i regjeringa, før han står heilt utan nokon jobb.

Det vert sagt at Marit Arnstad vegrar seg for ein jobb som finansminister. Likevel er det kanskje noko av det beste ho kunne gjort for partiet ho har kjempa for gjennom eit heilt liv.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar