Kommentar

Femti, feit og ferdig?

I ei verd der kvinner sin utsjånad står under stadig større press, er det eigentleg så rart at nokon kallar skjønnheitsbehandlingar for «kvinnehelse»?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Vi ønsket et sted som kan følge oss over tid, og passe på at vi eldes som en Jaguar E-type og ikke noe fra rent a wreck,» rakk Vanessa Rudjord akkurat å seie før ei flodbølge av kritikk slo inn over lanseringa av den nye klinikken ho og venninnene Synnøve Skarbø og Pia Tjelta sto bak. Nokre dagar seinare gjorde bråket at trekløveret trakk seg ut av heile prosjektet, sitatet vart fjerna frå pressemeldinga, og lege Karim Sayed står att som eineeigar av ei forretning som absolutt heile Noreg har høyrt om.

Føreseieleg oppstyr

Det kan vere vanskeleg å forstå kva desse kvinnene, erfarne som dei er i media, trudde kom til å skje då dei valte å knytte omgrepet «kvinnehelse» til klinikken som reint faktisk skal drive med det som vert kalla estetisk medisin. Karim Sayed vert sitert på at dei skal tilby alt frå permanent hårfjerning til muskelbygging, feittreduksjon og hudbehandlingar – alt for at kvinner skal kunne kjempe mot heilt ordinære teikn på aldring. Og dette skal altså vere kvinnehelse, på lik linje med til dømes endometriose, pcos og lipødem. Ikkje rart at det vert bråk.

Rudjord, Skarbø og Tjelta gav uttrykk for stor glede og forventning for eigen del knytt til tilbodet på klinikken. Ein kan gjerne spørje seg kvifor, men svaret er ikkje så komplisert: Aldring og naturleg kropp, særskilt hjå kvinner, vert sykeleggjort i mykje av samfunnet. Det skjer i ein grad som gjer at det faktisk ikkje er uforståeleg at denne typen forsøk på førebygging vert sett på som ein form for helsearbeid.

Mange kvinner driv ein meir eller mindre aktiv kamp mot kroppen, fordi ein opplever at visse utsjånader og synlege teikn på alder ikkje er akseptable

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Alder er ikkje attraktivt

I boka Dataclysm frå 2014 analyserer Christian Rudder data frå brukarar mellom tjue og femti år frå datingnettstaden Okcupid, som han er medstiftar av. Desse tala viser at medan kvinner konsekvent tykkjer at menn nær eigen alder er mest attraktive, er kurven ganske annleis for menn. Heilt opp til femti år tykkjer menn at kvinner mellom tjue og tjuefire år er mest attraktive.

Det er lite som tyder på at dette er eit medvite val frå menn si side, truleg handlar det vel så mykje om biologi og kultur. Det seier likevel noko om kva verkelegheit kvinner lever i. Synleg alder hjå kvinner er lite attraktivt, og det viser seg også utanfor dating-verda.

I samfunnet og i media vert alder i stadig større grad sett på som ei ulempe. «Gammal» vert automatisk sidestilt med «utdatert», også i arbeidslivet. Ironisk nok i seg sjølv, i ei befolkning som vert stadig eldre og der presset på pensjonskassa ikkje vil direkte minke i åra som kjem. Vårt Land skreiv i fjor om at eldre i stor grad er fråverande i media, og ser ein på kvinner er tala endå verre.

Kampen mot naturen

Mange kvinner driv ein meir eller mindre aktiv kamp mot kroppen, fordi ein opplever at visse utsjånader og synlege teikn på alder ikkje er akseptable. Vi trener, farger håret, nappar ut dei stadig meir aggressive håra som veks ut av haka, og bruker tusenvis av kroner på små krukker med krem som lover å skjule rynker og dei mørka ringane under auga og sminke som skal dekke pigmentflekkar. Dei meir proaktive mellom oss går kraftigare til verks, og betaler for hårfjerning, injeksjonar og ymse kroppsbehandlingar med variabelt dokumentert effekt.

Det er ikkje gjeve kor grensa går for kva som er «for mykje», og i ulike deler av samfunnet vil svaret kanskje vere ulikt. Rudjord, Skarbø og Tjelta har bakgrunn innan motejournalistikk, TV og skodespelaryrket, og tilhøyrer eit samfunnslag der utsjånad er ein del av jobben. Det preger utgangspunktet deira, men desse tendensane er allmenne.

Verda møter oss drastisk annleis når vi passer inn i bukser frå Hennes & Mauritz og vi akkurat fyller vårt tilmålte sete på bussen enn ho gjorde då vi tok meir plass

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Den uakseptable kroppen

Alle som har erfaring med stor vektnedgang veit at det finst eit «før» og eit «etter». Verda møter oss drastisk annleis når vi passer inn i bukser frå Hennes & Mauritz og vi akkurat fyller vårt tilmålte sete på bussen enn ho gjorde då vi tok meir plass. Ein opplever å bli sett på som uintelligent og lat, som om kroppen er i ein uakseptabel tilstand som ein berre ikkje gidd å gjere noko med, for «alle» veit jo at nøkkelen til vektnedgang er å ete mindre og trene meir. Eller å betala gode pengar for eit kursopplegg som kan hjelpe.

Marknadskreftene har til alle tider vore dyktige til å tilpasse seg menneske sine behov, ekte eller konstruerte, og drive dei vidare. Skjønnheitsindustrien har i mange år vore ekstremt innbringande, og det er naturleg at etterspurnad, og det store potensialet for større inntening, driv utviklinga framover. Den relativt ferske fuglen «estetisk medisin» står fram som ein slags ulukkeleg mellomting mellom det ein får tilbod om relativt rimeleg i ein ordinær skjønnheitssalong, og dei inngrepa ein kan kjøpe for mangfaldige titusen av ein kirurg på Aleris.

Når kvinner stadig opplever at deira kropp og andlet i aukande grad er uakseptable, er det ikkje rart det fell einskilde naturleg å kalle tiltak for å bremse og reversere utviklinga «kvinnehelse». Som samfunnsdebattant Sanna Sarromaa sa det: «Det ligger mye psykisk kvinnehelse i et utsjånad man er fornøyd med.» Spørsmålet er kven som avgjer kva vi får lov til å seie oss nøgde med.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar