Kommentar

Kvinna som kan avgjere nervedramaet i Sverige

STOCKHOLM: Leiaren for det svenske Centerpartiet, Annie Lööf, får sannsynlegvis ei nøkkelrolle etter det svenske valet – uansett utfall.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Centerpartiet ligg an til å gjere eit val tett oppunder 8 prosent oppslutning. I skrivande stund – søndag ettermiddag i eit Stockholm der gatene er kledd i valplakatar frå partia – er stillinga mellom blokkene så jamn at ingen kan føresjå kven som blir statsminister i morgon. Den raude blokka av Vänsterpartiet, Socialdemokraterna, Miljöpartiet og Centerpartiet ligg to desimalar framfor den blå blokka beståande av Liberalerna, Kristdemokraterna, Moderaterna og Sverigedemokraterna.

Alt ligg dermed til rette for ein skikkeleg thriller.

Borgarleg parti i raud blokk

I fleire av partileiarutspørringane på SVT og TV4 har Centerparti-leiaren Annie Lööf forklart den spesielle posisjonen partiet har fått i svensk politikk: Ho ville kva som helst dag vald Moderaterna framfor Socialdemokraterna som samarbeidspartnar, fordi Centerpartiet og Moderaterna begge står for ein liberal, borgarleg politikk. Likevel, seier Lööf, at dersom valet står mellom Socialdemokraterna eller det høgrenasjonalistiske Sverigedemokraterna – vil ho velje sosialdemokratane kva dag som helst.

For fleirtal og attval for Anderssons regjering, bør Centerpartiet helst ligge over åtte prosent.

—  Emil André Erstad, kommentator

Med andre ord er Centerpartiet for augneblinken eit borgarleg parti i raud blokk. Dersom Socialdemokraterna vinn, vil ho gjere det ho kan for å kome inn i eit raudgrøn regjering. Dersom Moderaterna vinn, kan dei ikkje rekne med at Centerpartiet vil stø eit prosjekt som òg krev støtte frå Sverigedemokraterna. Uansett vil Centerpartiets makt etter valet, sannsynlegvis bli stor.

Kvifor har det blitt sånn? Det handlar om at Annie Lööf og Centerpartiet i 2018 braut med borgarleg side som litt etter litt ønskte Sverigedemokraterna inn i varmen. Lööf og Centerpartiet står for ein langt meir liberal og mindre nasjonalorientert politikk enn sitt norske søsterparti. Derfor vart avstanden til verdiane Sverigedemokraterna står for, så stor. Som mange i Sverige meiner Centerpartiet at Sverigedemokraterna står for ein menneskefiendtleg og demokratifiendtleg politikk.

Det har kosta Lööf dyrt personleg. Under den svenske utgåva av Arendalsuka – den årlege Almedalsveckan på Gotland – var ho mål for eit nynazistisk attentat, som i staden enda opp med å stikke ned og drepe ei 64 år gamal kvinne.

Sjå etter Lööf i kveld

Sentrumspartiet til Lööf er dermed ein av kveldens viktige nøkkelparti. Mange reknar med at Socialdemokraterna vil gjere eit val rett rundt 30 prosent. For partiet er 30-prosentsgrensa ei magisk grense. Magdalena Andersson, som i fjor haust overtok som statsminister etter Stefan Lövfen, leiar klart på popularitetsmålingane til å vervet som statsminister. Det er den store styrken til raud blokk.

Likevel vil Socialdemokraterna trenge at alle dei andre parti i raud blokk gjer det bra – spesielt viktig er det med det avgjerande Centerpartiet. Også den tidlegare regjeringspartnaren til Socialdemokraterna, Miljöpartiet, må over sperregrensa. For fleirtal og attval for Anderssons regjering, bør Centerpartiet helst ligge over åtte prosent.

Derfor bør alle kikke på Annie Lööfs tal når valdagsmålingane kjem klokka 20 i kveld.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar