Kommentar

Det er eit mirakel at ho lever, så mange gonger som vi svikta henne

Abida Rajas historie er ei fortelling om eit moderne velferds-Norge som svikta totalt i møte med sosial kontroll, tvang og vald bak dei fire veggene. Det skjer framleis i landet vårt – og det er sjokkerande.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Du vil brenne broen til kanskje alle i slekten og familien. Kanskje vil alle vende deg ryggen. Men du vil ikke stå alene. Hvis du forteller, kommer folk til å kalle deg alle mulige stygge ting. Vil du tåle det?» spør den profilerte politikaren Abid Raja.

«Det er så vanskelig. Jeg vil ikke at andre skal oppleve det samme som meg. Hvorfor må folk være så slemme?» svarar den beintøffe kvinna.

Han stiller spørsmålet til storesystera, med nesten same namn, i slutten av boka Frihetens øyeblikk. Boka vart sleppt tirsdag – som ei av dei verkeleg store bombene denne bokhausten. I boka fortel norsk-pakistanske Abida Raja si historie om eit tvangsekteskap som ville tatt knekken på dei fleste.

Modig

Det er ei modig bok Abida Raja har skrive. Boka er så skakande lesing at det knapt er til å tru.

Først vart ho sendt til Pakistan som 7-åring, heilt utan forvarsel, fortel ho. Dei norsk-pakistanske foreldra i Iladalen i Oslo ville at ho skulle lære seg urdu, pakistanske skikkar og bli kjend med familien. Abid Raja og dei andre syskena vart attende i Norge. Berre eldstedottera Abida måtte reise. Ho kjende seg forlaten. Ikkje før i tenåra vart ho henta tilbake til Norge – eit samfunn der ho verken kunne lese eller skrive det som stod på gateskilta.

Så, litt etter litt, vart ho som ein normal tenåring. Det skulle bli skjebnesvangert: Ho forelska seg. Sjølv om guten ho sneik seg ut med òg var av pakistansk bakgrunn, var det ikkje godt nok. Raja hevdar at foreldra ikkje såg noko annan løysing: Ho måtte til Pakistan for å gifte seg.

kk

Sjølvmordsforsøk

I boka skildrar Abida Raja det ho hevdar er vald, tvang og overgrep etter tvangsekteskapet. Ho endar opp med å prøve å ta livet av seg den kvelden. I morgon er eg død, tenkjer ho.

Heldigvis slutta ikkje Abida Rajas forteljing der, sjølv om ho etterpå skulle gjennomgå det ho skildrar som eit over tjuefem år langt helvete.

Det er vanskeleg å tenke på at akkurat i dag, akkurat no, i mange av dei same blokkbygga på austkanten i Oslo, er like vanskeleg for mange unge kvinner med pakistansk og anna minoritetsopphav.

—  Emil André Erstad, kommentator

Etisk gråsone

Den vil forhåpentlegvis føre til debatt om både tvangsgifting, sosial kontroll og bruk av tvang og vald. Samtidig har boka problematiske sider. Grunnen er at den omhandlar Rajas historie utan at motparten var varsla i god tid på førehand. Forlaget grunngjev dette med at dei hadde fått klare råd frå politiet om å vente med å varsle delar av familien så lenge som mogleg.

Etter å ha lese boka, er denne vurderinga lett å forstå.

Abida Rajas eksmann får dei mest alvorlege skuldingane retta mot seg. Vårt Land var i kontakt med eksmannens advokat Javeed Shah onsdag formiddag. Han ville ikkje kommentere saka då. Til VG seier advokaten hans at eksmannen «erkjenner ingen straffskyld for de påstandene som har kommet hans vei i den etterforskningen», og at «han synes ingenting om at påstander om ham brettes ut på denne måten. Han synes det hele er veldig trist».

Eksmannen er tidlegare dømt for vold mot den eine dottera. Det høyrer også med til historia at eksmannen er under etterforskning for fleire av forholda som vert omtala i boka.

Vald avlar vald

Abida Raja vart kone til ein pakistansk mann ho aldri hadde møtt, og som var del av den same patriarkalske kulturen som foreldra. Ho skildrar nært og vondt korleis ho vart behandla som hans eigedom, i eit lite harmonisk samliv der valden sat laust.

Akkurat no etterforskar Oslo-politiet ei av dei sentrale påstandane i boka: Abida Raja hevdar at ektemannen brukte vald for å tvinge henne til sex.

Historia om Abida Raja viser valdens logikk. Mange av dei som sjølv vert utsett for vald i oppveksten, lærer at det er eit verktøy dei sjølv kan bruke når vanskelege kjensler melder seg.

Akkurat slik den sosiale ulikskapen reproduserer seg, gjer valden og barnemishandlinga det. Det er kanskje den sterkaste lærdommen med boka ho har skrive i samarbeid med VG-journalisten Håkon F. Høydal: Born i norske heimar vert utsett for dei mest avskyelege ting.

Ikkje norsk nok

Store delar av forteljinga i Abida Rajas bok går føre seg i nær fortid, lenge etter at vi kunne tenkt at barnevernet, sosialtenestene og kampen mot tvangsekteskap hadde komme langt nok til å forhindre slikt.

Dersom velferdssamfunnet Norge hadde sett på dei norsk-pakistanske jentene og alle andre med minoritetsbakgrunn på same måte som dei med norskklingande etternamn, kunne sannsynlegvis Abida Rajas historie vore langt mindre vond.

Vi må alle vere nabokjerringar og ha vakne auge for dei som er fanga i ein sosial kontroll så sterk at det kan verke betre å gjere slutt på alt.

—  Emil André Erstad, kommentator

Då ho i 1991 måtte reise til Pakistan, var det ikkje innført eit apparat for å forhindre tvangsekteskap ved dei norske utanriksstasjonane. Som forfattaren skriv: «Men en myndig norsk kvinne med norsk statsborgerskap av pakistansk herkomst, som bodde i Pakistan – var hun virkelig norsk? Tvilen var stor nok til å unngå å hjelpe Abida og hennes generasjon».

Kanskje var ho ikkje norsk nok.

Først i 2008 innførte norske styresmakter ordninga med integreringsrådgjevarar som skulle kjempe mot tvangsekteskap på ambassadane.

Nabokjerringar

Då ektemannen til Abida Raja skulle komme til Norge på familiegjenforeining, vart ikkje faresignala ho sende ut plukka opp av politiet som intervjua henne.

Det verste med å lese Abida Rajas gripande forteljing er å vite at kampen ho skildrar, ikkje er ein historisk kamp. Den går føre seg framleis.

Det er vanskeleg å tenkje på at akkurat i dag, akkurat no, i mange av dei same blokkbygga i Oslo, er det like vanskeleg for mange unge kvinner med pakistansk og anna minoritetsopphav. Trugselen om ære, tvangsekteskap og sosial kontroll er ikkje borte.

Vi må alle vere nabokjerringar og ha vakne auge for dei som er fanga i ein sosial kontroll så sterk at det kan verke betre å gjere slutt på alt.

Vi må la oss sjokkere, men ikkje la det stoppe der. Det fins politiske løysingar. Bruk dei.

Til dømes må politiet og rettsvesenet få desse sakene øvst på skrivebordet.

Og så må vi lese Abida Rajas bok.

Oppdatering: Advokaten til Rajas eksmann skriv i ei pressemeldig onsdag ettermiddag at hans «klient ønsker å påpeke at han nekter straffeskyld for partnervold ogvoldtektsanklager. Han vedkjenner at ekteskapet har hatt sine utfordringer, og at de derfor skilte seg i 2015».

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar