Pappa må sy
KLIMA OG GJENBRUK: Klesindustrien forureinar miljøet meir enn fly og skipsfart til saman. For å få avtrykket ned, har eg begynt å lære meg å sy.
VAL: Eg har tatt eit idelogisk val om at eg må kunne sy så godt at eg kan reparere og redesigne mine eigne klede, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Wikimedia Commons
Eg går framleis i T-skjorter eg skaffa meg for 20 og 30 år sidan. Det er ikkje berre fordi eg er sunnmøring og nøktern av natur. Heller ikkje har eg mista interessa for å halde ved like eit nokolunde presentabelt ytre. Men eg har alltid vore opptatt av å bruke eit plagg lengst mogleg. Kjøp og kast har aldri vore noko for meg.
Av og til blir nok kleda brukte litt for lenge, så eg med uvørden påklednad kan sjå ut som ein fillefrans. Men alternativet er etter mi meining verre. Det verste eg ser, er folk som shoppar klede dei brukar berre éin gong, eller kanskje aldri. Denne typen handlingar er med på å forsøple kloden vår.
Kle deg i deg sjølv!
Bestill abonnement her
KJØP