Kommentar

Dei har Salman Rushdies blod på hendene

Kvar gong vi tenker på Iran som eit vanleg land vi kan snakke og forhandle med, bør vi hugse at det er dei iranske ayatollaene som gir ordre om å drepe folk som nyttar ytringsfridomen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den gongen i 1989 song Ayatollah Khomeini på siste verset.

Han var hovudarkitekten bak revolusjonen som ti år tidlegare hadde snudd landet frå eit relativt moderne kongedøme, til eit reaksjonært, strengt teokrati.

Verda gjekk framover. Iran gjekk i motsett retning. Ayatollah Khomeini sat på toppen og trakk i alle trådar.

Før han døydde, rakk Khomeini å sende ut ein fatwa – ei juridisk vurdering av kva som i ei gitt sak er i tråd med islamsk lov – om at den britiske forfattaren Salman Rushdie skulle bli drepen.

Grunnen? Rushdie hadde skrive ei bok som gjorde narr av Muhammed, erkeengelen Gabriel og kritiserte Koranens autoritet.

I samtalar så seint som i juni

I over tre tiår har Rushdie levd med konstant politibeskytting som følge av den iranske fatwaen. Den norske forleggaren William Nygaard – som er ven med den britiske forfattaren – vart sjølv skoten i eit attentat i 1993.

Kripos sikta for fire år sidan to personar for drapsforsøket Nygaard overlevde. Og kven peika flasketuten på? Jo, ayatollaene i Teheran.

Salman Rushdie er ein helt. Dersom han døyr, er det ei tragedie for ytringsfridomen, og ein siger for krefter som likar prestestyrer, fantaserer om vald – og vil ha ei heilt anna verd enn den dei fleste av oss ønsker seg

—  Emil André Erstad

Rett før foreldringsfristen gjekk ut, sikta dei ein libanesar med band til Hizbollah og ein diplomat som jobba ved den iranske ambassaden mellom 1989 og 1993. Så seint som i juni var den iranske viseutanriksministeren på besøk i Norge, eit høve norsk UD nytta til å ta opp saka – sjølv om departementet ikkje ville sei kva konkret dei sa i samtalane.

Når Rushdie blei forsøkt drepen i New York denne augustfredagen, og det framleis er uvisst om han vil overleve, veit vi foreløpig lite om motivet til gjerningsmannen. Likevel: Å snakke om Salman Rushdie utan å snakke om skulda det iranske presteregimet har for den konstante faren for at han levd under, går ikkje.

Det er òg vanskeleg å tenke seg at attentatet mot han, ikkje har noko med trugselen og fatwaen han har levd under.

Grunnen til dei sterke reaksjonane

Kvifor reagerte det iranske prestestyret så sterkt på Rushdies bok? Det fins då så mykje populærkultur som gjer narr av islam. Kor mange komikarar har ikkje gjort narr av Muhammed?

Professor i islamsk teologi ved Uppsala universitet, Mohammad Hazlhashemi, vaks sjølv opp i Iran og flytta til Sverige som 16-åring. Han fortalde fredag til Vårt Land at Rushdies bok i byrjinga knapt vekte merksemd i Iran.

Det var inntil ei gruppe iranske muslimar, busett i den engelske byen Bradford, kom heim til landet med mål om å overtyde styresmaktene til å sei at boka var problematisk.

Styresmaktene – som ikkje hadde skapt det paradiset dei lova ti år tidlegare, og sleit med dei høge forventningane – brukte høvet dei fekk til å lage ei avsporing.

Først ti år seinare – i 1999 – tok Iran avstand frå ideen om at Rushdie burde bli straffa med vald.

Ytringsfridom lågt i kurs

Det hjelper likevel lite, når det same landet fengslar, heng og drep folk over ein låg sko dersom dei meiner noko anna enn dei.

Ytringsfridomen er så lågt i kurs i Iran, at den knapt er verd noko.

Salman Rushdie er ein helt. Dersom han døyr, er det ei tragedie for ytringsfridomen, og ein siger for krefter som likar prestestyrer, fantaserer om vald og vil ha ei heilt anna verd enn den dei fleste av oss ønsker seg.

La oss derfor håpe og be om at Rushdie overlever, og at ytringsfridomen vinn igjen.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar