Kommentar

Mitt atomvåpen er større enn ditt

ATOMTRUSSELEN: Laurdag er det 77 år sidan «Little Boy», den første atombomba, blei sluppen i krig. Skrekkscenene frå den japanske byen Hiroshima dukkar stadig hyppigare opp på netthinna.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg tilhøyrer den generasjonen nordmenn som hadde barndomstida si i det siste tiåret av «den kalde krigen». På 1980-talet var det framleis spenningar mellom Russland og USA. Frykta for atomkrig var eit tema sjølv for oss gut- og jentungar som stod på terskelen til ungdomslivet. Kanskje gjekk det ikkje så mange organiserte fredsmarsjar i bygda der eg budde på Sunnmøre, men vi kunne skrive «Nei til atomvåpen» på skinnpennala våre. Vi hadde lært om Hiroshima på skulen. Vi visste at atomkrig var noko djevelskap.

Laurdag blir Hiroshima-dagen markert fleire stader både internasjonalt og her til lands. Oslo Domkirke skal til dømes ha fredsgudsteneste. Truleg blir det totalt sett ei mindre markering enn for to år sidan, då det var 75 år sidan bomba fall. Ser vi på spenningane i internasjonal politikk den siste tida, burde det vere motsett – det har aldri vore viktigare å markere motstand mot atomvåpen enn no.

Ein mogleg atomkrig er ikkje eit scenario ein bør blåse av og kalle for usannsynleg. Det sit langt inne sjølv for Putin å trykke på den raude knappen. Men all historisk erfaring tilseier at det sannsynlege ikkje alltid skjer

—  Alf Kjetil Walgermo, journalist

Russlands president Vladimir Putin kom rett nok med ei utsegn nyleg om at i atomkrig finst det ingen vinnarar, og at ein slik krig derfor aldri burde skje. Det er godt sagt, men eg pustar ikkje akkurat letta ut. Putin og hans menn har sagt mykje før også, som at dei ikkje ville invadere Ukraina, til dømes.

Tilbake til den kalde krigen

Forholdet mellom USA og Russland, og mellom NATO og Russland, er i dag stilt attende til kald krig-nivå. Kanskje er vi enno ikkje så nær væpna storkonflikt som under Cubakrisa i 1962, då dei to supermaktene stod på randa av atomkrig.

Ein mogleg atomkrig er likevel ikkje eit scenario ein bør blåse av og kalle for usannsynleg. Det sit langt inne sjølv for Putin å trykke på den raude knappen. Men all historisk erfaring tilseier at det sannsynlege ikkje alltid skjer. Tenk berre nokre få månader attende: Kor mange trudde at Russland faktisk ville invadere Ukraina militært?

Forholdet mellom Kina og USA er ikkje like iskaldt som mellom Russland og USA, men det heldt jammen på å bli det denne veka, grunna den amerikanske politikaren Nancy Pelosis besøk på Taiwan. Då kom plutseleg ordbruken «den som leikar med elden, vil bli brent» frå kinesisk side. Dette er ikkje det same som å truge med atomkrig, men situasjonen minner oss på at den storpolitiske situasjonen i dag er mindre stabil enn han har vore på lenge.

Fleire ustabile relasjonar mellom stormakter som sit på arsenal av masseøydeleggingsvåpen betrar ikkje nattesøvnen min. Atommaktene slår kvarandre i hovudet og seier «Mitt atomvåpen er større enn ditt», men våpena har etter kvart har fått så stor kraft at ein ikkje treng å ta i bruk storsleggja eingong for å øydelegge verda slik vi kjenner henne.

Vanskeleg å forsvare etisk

Å seie nei til atomvåpen burde vere ein ryggmergsrefleks for dei fleste av oss. Det er vanskeleg å forsvare bruk av masseøydeleggingsvåpen i seg sjølv, anten ein legg kristen eller humanistisk etikk til grunn. Realpolitisk, og på sett og vis etisk også, er biletet likevel meir komplisert.

Vi kan aldri forsikre oss om at nasjonar med vonde interesser, vil avstå for å bruke atomvåpen i ein gitt situasjon. Difor har mange land, inkludert Noreg, tatt standpunktet om at terrorbalansen er nøydd til å haldast oppe for å unngå storkrig med endå større tap av menneskeliv.

Fredsnasjonen Noreg har med andre ord ikkje ratifisert FN-traktaten som forbyr atomvåpen, i utgangspunktet ei temmeleg pikant affære. For fem år sidan delte vi endåtil ut Nobels fredspris til ICAN, den internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen. Den norske nobelkomiteen er uavhengig av regjeringa, men sett med utanlandske briller er det ikkje rart om somme meiner å sjå ein viss dobbeltmoral i det heile.

Jobbar for støtte til atomvåpenforbod

Fredsgudstenesta i Oslo Domkirke blir arrangert i samarbeid med organisasjonen Nei til atomvåpen, som har som politisk hovudsak at Noreg må støtte FNs atomvåpenforbod. Det er sentrale norske krefter som meiner det same, ikkje minst humanitære organisasjonar som Røde Kors og sjukepleiarane og legane i Norsk Sykepleierforbund og Den norske legeforening.

Ein tankekross for statsminister Jonas Gahr Støre er at også LO har gått inn for at Noreg skal ratifisere FN-traktaten, ikkje berre delta som observatør på møta til dei rundt 60 landa som har skrive under traktaten til no.

Er det ikkje noko som skurrar i trua på at verdas verste våpen skal vere vedvarande fredsduer?

—  Alf Kjetil Walgermo, journalist

Jonas Gahr Støre og den norske regjeringa har det ikkje lett om dagen. Heller ikkje på dette feltet. Forklaringa er like enkel som setningsstrukturen i dei gamle Kva las du no-bøkene vi hadde på skulen: Noreg har ikkje våga å seie nei til atomvåpen fordi vi er medlemmar av NATO, slik heller ingen andre av NATO-landa har ratifisert den nemnde FN-traktaten.

Atommaktene Storbritannia, Frankrike og ikkje minst USA legg sterke føringar for forsvarsalliansen, og NATO er i praksis forsvaret vårt. Kva ville Noreg oppnå med å opptre som eigenrådig etikar i ein hardt prøvd allianse?

Atombomber er dårlege fredsduer

Å få NATO med på atomvåpenforbod synest i dag lite realistisk. Alle veit at Russland, Kina og Nord-Korea ikkje kjem til å skrote atomvåpena sine sjølv om NATO skulle gjere det. Tvert om kan verda då bli ramma av ein farlegare krig enn den raslinga med atomsablar som i stor grad har gått føre seg til no. Likevel: Er det ikkje noko som skurrar i trua på at verdas verste våpen skal vere vedvarande fredsduer?

Vi har hatt flaks i 77 år, seier nokon.

Flaks at vi enno ikkje har utrydda oss sjølve.

La oss håpe at minnet om Hiroshima framleis kan hindre oss i å gjere det.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar