Kommentar

Orbáns fall kan ha starta

Det går ei grense – også for dei mest autoritære. Den ungarske statsministeren Viktor Orbáns lefling med raseteoriar, kan ha vore ei grov feilvurdering.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Han sat på podiet, ute på ei slette i den vesle transilvanske byen Băile Tușnad i Romania, då han laurdag 23. juli ytra orda som skulle forandre ein heil del for Viktor Orbán. Arrangementet var del av det tradisjonsrike sommaruniversitetet som den ungarske minoriteten i Transilvania arrangerer kvart år, og der Viktor Orbán har vore hyppig gjest dei siste åra.

Det var same stad han kom med si berømte tale om det illiberale demokratiet i 2014 – talen som fekk alle varsellampane til å lyse for Ungarn.

«Vi er villige til å blande oss med kvarandre, men vi ønsker ikkje bli eit raseblanda folk», sa Orbán i talen som har blitt referert i internasjonale medium. Nasjonar som tillét raseblanding, er ikkje lenger nasjonar – viss vi skal tru Orbáns raseteori.

Meir ekstrem tale enn mange forstår

Talen frå juli var eigentleg meir ekstrem enn det dei fleste media har omtalt.

Vidare i talen delte Orbán – nokså detaljert – om sitt syn på raseblanding: Europearar bør stå fritt til å blande seg med kvarandre, men sette grenser for å blande seg med folkeslag utanfrå Europa. Han viste vidare til korleis det ungarske folket kjempa mot slik raseblanding, då slo dei muslimske, tyrkiske ottomanarane ved slaget om Beograd i 1456. «Dette er grunnen til at vi stoppa tyrkarane i Wien», sa han òg.

Retorikken er kjend frå dei høgreekstreme miljøa som inspirerte terroristar som Anders Behring Breivik: Europa står i ein rasekrig. Vi må lære av dei kristne europearane som stoppa dei tyrkiske muslimane på 1500- og 1600-talet. Det er krig.

Krigsmetaforar og konspirasjonsteoriar

«Derfor kjempar vi», seier Orbán om krigsmetaforane.

Det er ein ekstrem bodskap. Den blir ikkje mindre ekstrem av at den kjem ut av munnen på ein statsminister.

I følge Orbán er det største trugsmålet akkurat no muslimane som «flaumar over» Vesten, og han åtvarar om raseblandinga som vil oppstå som følge av denne innvandringa.

Orbáns rasistiske retorikk er bekymringsfull på fleire vis. For alle høgreekstreme i Europa og Nord-Amerika er den ungarske statsministerens linje ei legitimering. Det kan føre til meir radikalisering og eskalering.

—  Emil André Erstad, kommentator

I seg sjølv er det oppsiktsvekkande at ein europeisk statsleiar, som er medlem både av EU og Nato, på ein tilsynelatande seriøs måte brukar tid på å diskutere rase og folkeslag.

Reaksjonane lét ikkje vente på seg, heller ikkje blant Orbáns eigne. Zsuzsa Hegedüs, som har vore rådgjevar for statsministeren i lang tid, sa opp jobben i protest kort tid etter talen. «Utsegn som er verdige Goebbels», skreiv ho i avskjedsbrevet som raskt blei lekka til media. I teksten kritiserte ho den tidlegare sjefen sin for å levere «ein rein nazi-tekst» av ei tale.

Jobba eit tiår for Orbán

Ho som hadde jobba for Orbán i over eit tiår, skriv i teksten at ho ikkje eingong i eit mareritt kunne førestilt seg at han ville halde ei open rasistisk tale.

Det førte til at Orbán i løpet av få timar måtte publisere eit eige brev, der han hevda at han hadde nulltoleranse for antisemittisme og rasisme. Det førte til at Hegedüs skreiv eit nytt brev, der ho fortalde om hennar foreldre sine erfaringar som ungarske Holocaust-overlevarar. «Andre døydde, fordi for mange folk var stille når hatet oppstod», skreiv ho.

Så seint som i mai snakka Orbán på ein konferanse finansiert av grupper nære det republikanske partiet i USA, i Budapest, der han refererte til «den store befolkningsutskiftinga» – ein av dei mest kjende, høgreekstreme konspirasjonsteoriane.

—  Emil André Erstad, kommentator

Den internasjonale kritikken var òg sterk, men det er ikkje første gongen Orbán får kritikk frå EU og europeiske statsleiarar. At kritikken derimot også kjem frå innsida denne gongen, er eit signal om endring i Ungarn. Kanskje gjekk Viktor Orbán for langt denne gongen, sjølv om han også tidlegare har flørta med antisemittiske, framandfiendtlege og rasistiske strøymingar.

Har lefla lenge

Så seint som i mai snakka Orbán på ein konferanse finansiert av grupper nære det republikanske partiet i USA, i Budapest, der han refererte til «den store befolkningsutskiftinga» – ein av dei mest kjende, høgreekstreme konspirasjonsteoriane.

Rådgjevaren Hegedüs gav òg uttrykk for at ho lenge hadde streva med Orbáns autoritære utvikling, og fleire gonger gitt uttrykk for dette direkte til statsministeren sjølv – til dømes etter den nye anti-LHBT-lova han har innført i Ungarn. Ho sa at ho til og med har skrike til han.

Likevel var det rasismen hans som fekk begeret til å bli fullt: «Eg er jøde. Og vår generasjons jobb er å stoppe noko som dette fordi vi har sett kva som har skjedd. Ikkje berre med jødane. I Rwanda også. Etnisk hat fører til folkemord», sa eks-rådgjevaren i eit intervju med The Observer.

Store, interne reaksjonar

Orbáns rasistiske retorikk er bekymringsfull på fleire vis. For alle høgreekstreme i Europa og Nord-Amerika er den ungarske statsministerens linje ei legitimering. Det kan føre til meir radikalisering og eskalering.

Det viktige no, er spørsmålet om kor representativ reaksjonen frå Hegedüs er blant resten av Fidesz-partiet. Sjølv om Orbán-lojale medium har kalla henne illojal, uærleg og forrædersk, seier ho sjølv at ho har fått mange støttemeldingar frå folk på innsida av Orbáns parti.

Dersom fleire av dei tenker og reagerer som den modige rådgjevaren, vil det kunne få betydning for Viktor Orbáns framtid – og dermed demokratiet i Ungarn.




Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar