Kommentar

Der skyting tek flest unge liv

Skyting er no den viktigaste dødsårsaka blant barn i USA. Vil livsvern-rørsla stå opp mot liberale våpenlover?

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Mange evangelikale kristne i USA jublar etter at høgsteretten sette til side dommen som i nesten 50 år har gitt kvinner fri abort – og i fleire delstatar langt meir liberale abortlover enn vår. Republikansk styrte delstatar innskrenkar no retten – somme (som Florida) vil setja grensa ved 15 veker, fleire (som Texas) vil nærast forby abort.

Tryglar om skjerpa våpenlover

I møte med kristen jubel gjer det sterkt inntrykk å lesa utfordringa frå den unge svarte baptistpastoren Charlie Dates i Chicago. I magasinet Christianity Today skriv Dates at svarte evangelikale kristne lenge har vore med i livsvern-kampen som kvite evangelikale kristne har stått fremst i. No meiner Dates tida er inne for at dei kvite støttar svarte kristne sin kamp for livet – for innstramming av våpenlovene.

Baptistpastoren frå Chicago tryglar sørstatsbaptistane om politisk aktivisme: «Senatorane (...) som sit i kyrkjebenkene dykkar og lyttar til preikene dykkar, er dei sterkaste motstandarane av ein verkeleg pro-liv agenda, ein agenda mot skuleskyting (...) Ver pro-liv ved å be kongressleiarane om å verna liva til skulebarn som døyr på grunn av våpen som altfor lett hamnar i dei gale hendene.»

Han legg til: «Ver tru mot den same boka som de preikar om på søndagane.»

Dates minner om at Martin Luther King jr kom med ein liknande appell i 1963 – frå fengselet i Birmingham der han sat på grunn av kampen for rettane til svarte. Sakene er ulike, skriv Dates, men formaninga den same: «Det må finnast kvite kristne av god vilje som innser at det må vera noko frykteleg gale med våpenvalden som rammar barna i nasjonen vår.»

Dagen før abortdommen oppheva det same fleirtalet på seks i høgsteretten nemleg ei 111 år gamal lov i New York: For å få lisens til å bera våpen utanfor heimen, har søkjarane i New York måtta gje ein viktig grunn.

—  Johannes Morken

Skyting tek fleste ung liv

Han har grunn til å spørja. Skyting er no årsak til flest døde barn og tenåringar i USA. I 2020 døydde 4300 unge på grunn av skyting som tek klart fleire unge liv enn biltrafikken. Då tala kom i april, fastslo forskarane, gjennom The Lancet, at USA sviktar når landet ikkje klarar «å verna våre unge frå død som dei kan vernast frå.»

Ropa om strengare våpenlover etter kvar skuleskyting, druknar i høgrøysta forsvar for konstitusjonen – «Second Amendment». Dette skjer i eit land der kvar innbyggjar (rekna frå 0 år og oppover) i gjennomsnitt har 1,2 kjende våpen kvar. Den vesle våpeninnstramminga som det blei fleirtal for i Kongressen etter skuleskytinga i Uvalde i Texas, kan for alt vi veit bli feia unna i ein rettssal.

Dagen før abortdommen oppheva det same fleirtalet på seks i høgsterettennemleg ei 111 år gamal lov i New York: For å få lisens til å bera våpen utanfor heimen, har søkjarane i New York måtta gje ein viktig grunn. «Kravet er i strid med konstitusjonen», sa høgsteretten. Dommen kan få vidtgåande følgjer for andre våpenlover.

No hasteinnfører New York forbod mot våpen på offentlege plassar. Men når «Second Amendment» nærast er erklært heilag, kan også nye forbod bli stogga i retten.

«Pro-liv, pro-våpen, pro-Gud»

Laurdagen etter desse dommane som polariserer USA, stod det inspirerande Jesus-vitnet Sadie Robertson Huff på talarstolen på The Send på Telenor Arena.

Sadie er tredje generasjon i ein kjent amerikansk kristen familie som i fleire år hadde eige TV-program – «Duck Dynasty». Bestefar Phil Robertson og far Willie har vore på turné med Trump. Phil skriv i si siste bok at han ikkje støtta dei som trengde seg inn i Kongressen. Men han er for Trump fordi Trump er ‘pro-liv, pro-våpen og pro-Gud’, – viktige saker i kamp mot «Satans krefter», som andejegeren seier det på YouTube med ei jaktrifle i framsetet.

Korie, mor til Sadie, var kritisk til at «Duck Dynasty» kasta seg inn for Trump og ho har kritisert han for ikkje å gå tydeleg ut mot kvit rasisme. I intervju med Dagen svarar Sadie ikkje klart på om ho vil gjenta si støtte til Trump. Men dei Trump-høgrøysta i familien er Phil og Willie.

Trumps ivrigaste tilhengjarar likte at han erklærte at det var Gud som fatta avgjerda om abort i høgsteretten. Men den fremste politiske faneberaren «pro-life» er altså skulda for forsøk på statskupp, han meinte at visepresident Pence kanskje fortente å bli hengt og han kravde at væpna støttespelarar måtte få bli med i demonstrasjonen før Kongressen blei storma.

Klima trugar livet

Det er tid for å snakka også om klima som trugsmål mot liv. Ei veke etter abortdommen verna dei same seks høgsteretts-dommarane USAs kolkraftverk mot krav om utsleppskutt.

Skal kampen for ufødd liv vera truverdig, må livsvernarar i flokk og følgje no hjelpa fattige som vert uønskt gravide. Dei må gå i demonstrasjonar saman med svarte pastorar som krev rettferd for fattige og skjerpa våpenlover.

Utan å forsvara verken Roe vs Wade eller demokratane, men nokre ettertankens spørsmål: Tener det livet at politi skal handheva abortforbod, at kolkraftverk i USA får spy ut klimagassar og at skular må sikrast bak høge murar og tungt væpna vakter, samstundes som verdas ein gong fremste demokrati kan forvitra rett framfor augo våre?


Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar