Kommentar

Hillsongs veg ut av stormen

HILLSONG-SKANDALENE: Det stormar kraftig kring Hillsong for tida. Men svartmålinga av megakyrkja vi ser i media, syner ikkje heile sanninga.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det har blåst ein sur vind rundt Hillsong dei siste åra. Grunnleggar og hovudpastor globalt, Brian Houston, har i fleire år hatt skuldingar om at han var med på å dekke over dei seksuelle overgrepa faren gjorde mot born, hengande over seg.

Her til lands måtte mannen som leia Hillsong Norge, samt grunnla forløparen Intro, Jostein Krogedal, trekke seg frå livsverket sitt. Ei rekke varslingar mot Krogedals leiarstil og manglande tillit var truleg forklaringa.

David Sviland

Så kan vi legge til New York-pastoren Carl Lentz. Den profilerte kjendispastoren måtte gå av då det blei avslørt at han hadde vore utru mot kona og familien. Dobbeltmoralen låg tjukt på mannen som var kjent for å preike frekvent om seksuell reinskap.

Kritiske dokumentarar

Alt dette har skada omdømmet til Hillsong. Men det er først dette halvåret at vinden har auka til storm. Det norske publikummet har fått tilgang på to Hillsong-kritiske dokumentarar. BBC-dokumentaren Hillson Church: God Goes Viral ligg på NRK. På strøymetenesta til Discovery finn vi den tre timar langa dokumentarserien Hillsong: A Megachurch Exposed. I tillegg kom det nyleg ut ein episode om Hillsong på Sektpodden. Saman med episodar om Taliban, Scientologane og Ku Klux Klan (utan samanlikning elles) finn du ein halvtime snakk om musikken og kulturen i Hillsong.

BBC-dokumentaren er skuffande på konkrete avsløringar, men god på å ymte

—  David Sviland

BBC-dokumentaren er skuffande på konkrete avsløringar, men god på å ymte: Her blir folk som går til gudsteneste kryssklipt med ein saueflokk på veg inn i blindande skodde. Unge Hillsong-deltakarar blir i det store og det heile framstilt som overflatiske og enkle personar. Dette syner seg når vi får vere med pastor Dan Blythe og dei yngre vennene hans til tatoveringsstudioet. Dei skal få den same tatoveringa saman. Sjåaren blir kjent med ein lettbeint gjeng med skuggelua på snei og hol i både bukser og Bibel-kunne. Det siste viser seg når dei byrjar å rote med historien bak tatoveringa dei skal ta.

Alt dette inngår i det dokumentaren prøver å kome fram til: Unge menneske blir manipulerte av slagordsteologi og fengande musikk til å gje tida, talenta, pengane og liva til kyrkja.

Behandlar folk som konsumentar

I den andre dokumentaren, Hillsong: A Megachurch Exposed, er skuldingane meir alvorlege og betre dokumentert. Dei har fått tak i fleire gode kjelder, grev djupare og lukkast med å sette fingeren på fleire problematiske sider ved kulturen.

Men også her finst det veikskapar. Dokumentaren rettar eit kritisk blikk på den økonomiske strategien til kyrkja. Det blir argumentert for at Hillsong behandlar folk som konsumentar. Gjennom dyre konferansar og sal av cd-ar, bøker og t-skjorter, får kyrkja deltakarane til å bruke opp mot 1.000 dollar på ei helg. «Det handlar berre om vekst og ekspansasjon», seier eit tidlegare Hillsong-medlem i avsnittet om økonomi. Fleire gonger blir det hamra inn at Hillsong ikkje er ei kyrkje, men ei kommersiell bedrift.

Trass kritikken om pengefokus, kjem ein ikkje unna at Hillsong først og fremst er ei kyrkje som har lukkast med å fenge unge

—  David Sviland

Først og fremst kyrkje

Såleis skapar dokumentaristane ei historie om at pastorane er pengegriske rikingar som tar pengane og tida til kyrkjegjengarane. Dette har dei på sett og vis gjort. Men eg slit med å tru at kyrkja er så gjennomsyra av kynisme. Det går an å sikre seg økonomisk suksess samstundes som ein gjer ein ærleg jobb for å spreie Guds godheit på jorda.

Trass kritikken om pengefokus, kjem ein ikkje unna at Hillsong først og fremst er ei kyrkje som har lukkast med å fenge unge, moderne menneske som ikkje har eit forhold til tru frå før. Det finst mange historier om menneske som har kome til tru i Hillsong. For mange av dei som deltek frivillig, er nettopp dette sjølve motivasjonen til å bidra. Dessutan gjer dei mykje viktig hjelpearbeid, mellom anna for å hindre menneskehandel.

Skritt i rett retning

Men som det kjem fram i dokumentarane, har Hillsong problem med ukultur. Det gjeld også her i Norge. Tre kvinner som tidlegare var aktive i Hillsong, har peika på kritikkverdige forhold i Hillsong Norge i kronikkar. Ei av desse er Marie Fuglset, som sjølv var pastor i Hillsong. Ho skildrar kyrkja som ein toppstyrt organisasjon der leiarar har all makt og misbrukar den. «I Hillsong skal vi stole blindt på lederne over oss, uten rom for kritiske spørsmål, undring eller tvil, skriv Fuglset og konkluderer slik: «Nå bør Hillsong rydde opp».

Dersom Hillsong her til lands tar Fuglsets oppmoding på alvor, kan dei nok finne vegen ut av stormen. Nokre grep har dei dessutan allereie gjort i følge pastor i Hillsong Drammen, Alex Botn. Etter at Jostein Krogedal sa opp, har dei ikkje lenger ein leiar på toppen. Lokale pastorar har fått større handlings- og ytringsrom, og Botn seier at dei ikkje er redde for «å ytre seg eller si hva de mener». Dette er skritt i rett retning.

Det står respekt av å bli verande på skipet når stormen herjar.

—  David Sviland

Vegen ut

Eg håpar Hillsong kjem seg ut av stormen, særleg for dei som går i Hillsong. Arild Gullhaugen Pettersen (frivillig i Hillsong), lufta frustrasjonen i eit debattinnlegg i Vårt Land: «Jeg skal love deg at akkurat nå koster det litt å si at jeg er fortsatt stolt av, glad i og har troa på kirka mi, jeg, etter spaltekilometere med negative oppslag, kjipe erfaringer og skandalerapporter om kirka, sammenhengende over flere år, nasjonalt og globalt».

Det står respekt av å bli verande på skipet når stormen herjar. Røysta til Gullhaugen er viktig for å få det heile bildet, og eg skulle gjerne høyrt frå fleire folk som held fram med å gå i Hillsong fordi dei er glade i kyrkja si.

Sjølv om det heilt klart er mykje som må ryddast opp i i Hillsong, er svartmålinga vi ser av kyrkja no, ikkje heile sanninga. Viss kyrkja held fram med å gjere sunne strukturendringar, tar oppgjer med ukultur, og legg til rette for at ikkje berre pastorane, men også dei som går i kyrkja vågar å ytre seg om positivt og negativt, har eg eit håp om at dei kan finne vegen ut av stormen.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar