Kommentar

Listhaug har større problem i vente

Viss ein reiser til Oslo, Bergen og Trondheim, forstår ein at Sylvi Listhaug er i djup trøbbel framfor kommunevalet som er litt over eit år unna.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Har Framstegspartiet fått sving på sakene igjen, og kvifor det? Det er blant spørsmåla ein bør stille seg viss ein les meiningsmålingane den siste tida.

I den siste målinga i Vårt Land fekk partiet 14,3 prosent oppslutning. Det er solid over gjennomsnittet for april på 12,5 prosent. Gjennom fjoråret låg partiet mellom 9 og 12 prosent på målingane. Det plasserte partiet rundt valresultatet på 11,6 prosent.

Positiv trend for Frp

Etter at partiet forlét regjeringa til Erna Solberg rett før koronapandemien trefte landet i januar 2020, har Framstegspartiet slite med å vinne oppslutning. Dei gamle høgdene på over 20 prosent har verka heilt uoppnåelege.

I eit slikt perspektiv er målingar på over 14 prosent godt nytt for partiet.

Kanskje nedgangen snur no? Det er det nok fleire av delegatane på landsmøtet som håpar på, i alle fall.

Det er spesielt to grunnar som kan forklare veksten til Framstegspartiet den siste tida.

Konkurransen med Senterpartiet

For det første handlar det om at regjeringa gjer det dårleg. Lenge har Høgre tent på korleis regjeringa har streva i møte med koronaen, straumprisane og fleire politiske skandalar. Framstegspartiet har ikkje i like stor grad tent på regjeringas kriser.

Det siste er eigentleg litt rart, fordi Frp dei siste åra har tapt ein del veljarar til nettopp Senterpartiet som hamna i regjering etter valet i fjor. I Vårt Land-målinga frå tidlegare denne veka såg vi at nettopp Frp tar veljarar frå Senterpartiet. Nesten 31.000 veljarar ser ut til å gå den vegen.

Svensk drahjelp

For det andre kan ein tenke seg at veksten til Listhaugs parti har samanheng med dei store og valdelege opptøyane vi såg i svenske byar før påske. Ikkje noko parti i norsk politikk er så tydelege på at svenske tilstandar er noko ein ikkje vil ha i Norge, som Frp. Kampen mot innvandring og for ytringsfridomen – som Frp konsekvent meiner også bør innebere retten til å brenne Koranen – er sentrale spørsmål for partiet. Ein god del norske veljarar ser ut til å vere einige med Frp her.

På den måten kan det kommande riksdagsvalet i Sverige, der Sverigedemokraterna er venta å markere seg med tydelege markeringar mot svensk innvandringspolitikk gjennom sommaren, tene til Frps fordel. Norske medium kjem sannsynlegvis til å dekke den svenske valkampen tett, noko som vil gje Frp gode moglegheiter til å markere seg.

Eit stort parti som Frp er heilt avhengig av å gjere det godt i dei store byane viss partiet skal gjere eit godt val på nasjonalt nivå. I stordomstida var byane viktige veljarbaser for partiet

—  Emil André Erstad, kommentator

Frps vekst har òg årsak i at partiet klarar å mobilisere veljarar frå sofaen. I Vårt Land-målinga er den mobiliseringa faktisk større enn veljarovergangen frå Senterpartiet, der nesten 37 000 sofaveljarar no seier at dei ville stemt Frp viss det var val i morgon.

Dessutan ser Frp ut til å auke lojaliteten blant eigne veljarar, til heile 81 prosent. Den er no nest høgast av alle parti, berre slått av Høgre, som har 91,8 prosent veljarlojalitet.

Listhaugs akilleshæl

Då skulle ein kanskje rekne med at Frp går gode tider i møte?

Det er ikkje sikkert.

Om eitt år skal Norge velje nye kommunestyre, bystyre og fylkesting. Der tyder mykje på at Frp vil streve med å komme opp på nivået frå førre lokalval i 2019. Den gongen enda partiet på 8,2 prosent.

Grunnen er å finne i dei store byane. Etter lokalvalet i 2019 har nemleg partiet slite med stor intern splid i sine lokale organisasjonar i dei store byane.

Skandalane i Oslo og Bergen

I Oslo vart den tidlegare fylkesleiaren Geir Ugland Jacobsen ekskludert frå partiet i 2020, og partiet varsla at det skulle skje ein grundig ryddejobb i Oslo Frp.

I Bergen vart Frp-laget i byen lagt ned i 2019, etter det elendige lokalvalet og store interne konfliktar. I januar gjenoppstod partilaget i byen, men har foreløpig ikkje fått sving på sakene.

Listhaug har kanskje grunn til å smile no. Spørsmålet er om ho kan smile like breitt etter valet i september neste år

—  Emil André Erstad, kommentator

Det same er stoda i byar som Trondheim og Tromsø.

Eit stort parti som Frp er heilt avhengig av å gjere det godt i dei store byane viss partiet skal gjere eit godt val på nasjonalt nivå. I stordomstida var byane viktige veljarbaser for partiet.

Innvandring inga vinnarsak i byane

Dermed blir Listhaugs største utfordring dei neste månadane og det neste året, å skaffe lister i dei største byane som byfolk kan tenke seg å stemme på.

Vi veit at folk i byen gjerne er meir positive til innvandring, mellom anna fordi bybefolkninga har fleire ungdommar enn det som er vanleg i distriktet. Også fordi dei som er saman med folk frå andre land, er mest positive til innvandring. Slik er det meir av i dei største byane, enn i meir rurale strok.

Det kan bety at Frps strategi i møte med det kommande lokalvalet ikkje bør ha innvandring som toppsak, dersom målet er å gjere det betre i dei største byane.

Listhaug har kanskje grunn til å smile no. Spørsmålet er om ho kan smile like breitt etter valet i september neste år.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar